Verdidebatt

Bibelomsetjing

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For å kunna lesa Bibelen i originalutgåve må ein kunna hebraisk og gresk. Det kan dei færraste, - difor må grunntekstane omsetjast.

Somme tekstar let seg eintydig omsetja, men ikkje alle.  Nyansar og doble tydingar kan ikkje alltid overførast  frå eitt språk til eit anna. Nokre tekstar blir omsett på eit vis som ein stussar over – og ein kan få mistanke om at det er noko usagt bakom.

Det skjer gjerne ved nyomsetjingar – nye tider, nye trendar ny språkdrakt. Paulus brukar jamt uttrykket «brør» i breva sine. I siste utgåve er det blitt endra til «sysken». Javel, det var neppe meint at skriftet berre gjaldt mannspersonar. Men kan me ikkje tola å la det stå som opphaveleg og lesa det kontekstuelt: - at slik var det naturleg å uttrykkja seg der og då – og ta det til oss i den form det vart skrive med respekt for det opphavelege?

Til 2011 utgåva av Bibelen var det nokon som ikkje var tilfreds med med nemninga «herberge» i juleevangeliet. Så sjølv om det hadde lydd slik i hundre år – skulle det endrast. Kvifor? Det har eg ikkje sett uttalt, men omsetjaren forsvarte det med å hevda at «det var lite sannsynleg at den vesle landsbyen Betlehem på Josefs tid hadde noko slikt som eit herberge». Dermed vart det endra til «husrom». Då kunne han ikkje ha lese Jeremias 41,17 der det står om ei heravdeling som slår seg til i «Kimham herberget ved Betlehem» med ein stor flokk soldatar – jamvel kvinner og born – hundrevis av år før Josef og Maria! Det var ikkje likt til at nokon av bibelomsetjarane hadde fått med seg det.

Alt frå eg var liten har eg stussa ved at i Ap.g fortelst det at Jesus-flokken stengde seg inne bak låste dører «fordi dei var redde for jødane». Jødane? Dei var jo jødar sjølve? Så ser eg nyleg at ordet som blir omsett med «jødane» like gjerne kunne vore «judearane» - ei religiøs gruppe som saddukearane. Men dette tvilsame ordvalet har fått stå ved lag heile tida. Rimelegvis var det judearane, forfylgjarane, dei var redde og låste ute - ikkje jødane generelt. Kvifor då halda ved lag slike urimelege nemningar når dei veit betre?

Det er fleire grunntekstomsetjingar som er vanskeleg å skjøna. Kvifor brukar alle omsetjarar den greske/latinske forma på Jesunamnet? Var det ikkje meir naturleg å nytta den jødiske forma Yeshua? Og ennå merkelegare er det at Guds namn ikkje skal lyda slik som GT uttrykkjeleg presiserer: Guds namn er Jehova?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt