Verdidebatt

Makeleg barnetru

Min påstand er at den populære frasen «barnetru» dessverre ofte er ei vakker omskriving av omgrepet åndeleg latskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje lenge sidan eg var i ein samtale om tru, der ho eg snakka med kjapt forsikra meg om at ho hadde alltid hatt si barnetru (og meir var det ikkje å seia om den saka). Moderne samtalar om tru inneheld ofte dette uttrykket, ei barnetru. Eller, aller helst, mi barnetru.

Trygg og snill er ho eit uttrykk for skjult tru og lengt etter «noko meir mellom himmel og jord». Kyrkja har kome til å omfamna denne ofte uforpliktande og udefinerbare trua som eit fint uttrykk for at folk undrar seg- og er undervegs.

Eg meiner likevel at uttrykket «mi barnetru» ofte er ein hemsko for samtalar om åndelege spørsmål i vår kultur. Mest fordi uttrykket i seg sjølv totalt privatiserer tru, og slik sett gjer tru til noko som berre finst i den einskilde, utan referanse til noko faktisk og objektivt eksisterande.

Dermed undergrev barnetru-konseptet det eksistensielt viktige ved den åndelege sida ved livet. Barnetrua vert som ein gjenstand med affeksjonsverdi, men som ikkje er så brukbar, som hestereiskapar som står att på ein gard der ein for lengst har teke i bruk traktor. Kvifor ikkje heller berre seia at ein trur, at ein har ei vaksentru, ei tru som har vakse med meg og som på si side får meg til å veksa som menneske?

Eventyr? 

Men kanskje ei barnetru, eigentleg er ei tru som ein har vakse ut av? Eller ei tru sidestilt med eventyra og liksom-universa ein heldt seg med som liten? Ligg det ein reservasjon i dette med barnetru, ei slags allmenn orsaking for at ein ikkje har teke seg bryet med å konfrontera dei store spørsmåla som livet stiller?

Overfører vi denne tankegangen til andre (langt mindre viktige) område i livet, får det fort rare utslag. Strevar du med differensial-likningar, nyttar det lite å bruka matten frå barneskulen. I ein jobbsøknad bør sjølvsagt ordforrådet overstiga ein åtteårings. Men åndelege spørsmål, derimot, dei havnar fort i sentimentalitetens glas og ramme; det er liksom ikkje noko vi skal bryna oss på.

Subjektiv

Ingen kan stilla spørsmål knytt til «mi barnetru», for den er først og fremst «mi», den er privat og subjektiv. Den har ikkje noko med kunnskap eller modning å gjera, det er eit felt av livet der vi har «rett til» å bli verande på barnestadiet.

At det er blitt så akseptert at trua ikkje er noko som treng å veksa med oss i livet, fortel oss mykje om kor sekulære vi har blitt. Det åndelege treng ikkje viast tanke- og refleksjonskraft, mange vil utan å nøla bruka langt meir tid på å gjera research når ein skal velja ny bil eller bank enn når trua skal meislast ut. Men at dei viktigaste spørsmåla i livet vert løyste når vi er mellom sju og tolv år, verkar så ubegripeleg. Difor skulle eg gjerne skjønt meir av kva det er folk meiner når dei snakkar om «si barnetru».

«Et potensial»

Nokon vil innvenda at det jo nettopp er dette Jesus kallar oss til i Bibelen. Vi skal bli Guds barn. Om det var dette som låg i vårt moderne «barnetru», trur eg ting hadde sett annleis ut. Å bli som barn i denne tydinga av ordet er langt meir inderleg, forpliktande og overgitt enn det som ligg i daglegtalens barnetru.

Barn er, som vi veit, så avhengige av foreldra, så innvovne i deira liv og lagnad, og barn elskar foreldre så hjarteskjerande høgt at dei er villige til å forsvara nærast kva det skulle vera frå den kanten. Det er sjeldan eg høyrer omgrepet barnetru brukt for å skildra ein gudsrelasjon så grenselaust omfattande.

Eg tykkjer snarare at der eg høyrer om «barnetru», er det eit uttrykk for eit slags potensial, noko som kan hentast fram ved behov og når livsbrottsjøane tilseier at du ber ei bøn.

Understimulert

Men er det ikkje lurt å ha ein slik «trusreserve» i bakhand? Kvifor ikkje ha nokre hemmelege konti i åndsdimensjonen, dei kan sanneleg koma godt med ein dag. Kva skulle vera så gale med det? Berre dette: at vi plasserer dei store spørsmåla på bakarste benk. At vi vert sitjande i ro, der trua krev rørsle. At vi ikkje gidd komma til rette med kva som er sant, men prioriterer det som fungerer. At vi vert åndeleg understimulerte og materielt overmanna.

Min påstand er at den populære frasen «barnetru» dessverre ofte er ei vakker omskriving av omgrepet åndeleg latskap. Først og fremst har vi som kyrkje svikta om folk, utan å verta utfordra, blir gåande i si subjektive og totalt individualiserte tru. Kristen tru kviler på det vi har og trur saman som kyrkje. Det er eit anna og langt stødigare fundament enn mine omskiftelege kjensler og subjektive oppfatningar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt