Verdidebatt

Alle private barnehagar er ikkje kyniske profitørar

Kritikk mot profittmaksimering i privat barnehagedrift er ikkje naudsynleg kritikk av det private initiativ, men blir altfor ofte framstilt som det. Vi må tole å vere spesifikke og ikkje stigmatisere verken privat barnehage eller kritikarane med urettvise framstellingar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Debatten om private versus offentlege barnehagar er skjemt av at kritikken mot private barnehagar blir framstilt som kategorisk motstand mot private initiativ og at folk kan tene pengar på det. Debatten har naturlegvis blussa godt opp i samband med den nyleg avslutta streiken i Akasia-barnehagane, der dei tilsette streika for å halde på alminneleg anstendige pensjonsvilkår.

I eit innlegg i Fedrelandsvennen 8. juni skriv Mathias Bernander til dømes at venstresida mistenkeliggjør «barnehagegründeren som lever og ånder for å gi de minste barna våre en best mulig barnehage, og de mistenkeliggjør alle de som gir eldre en bedre hverdag ved å levere tjenester som er tilpasset den enkelte.» Det er heilt feil. Det er nokre få og uanstendige profitører som stigmatiserer ein stor og viktig sektor i barnehage.

I et innlegg 6. juni i Bergens Tidende kritiserer to fra unge Høyre «venstresiden» for å lage myter om private barnehager. Dei viser i samband med det til eit innlegg frå leiaren i Rødt Bergen. Rødt sine utspel får stå på eigne bein. Det er likevel nokre sider ved resonnementet til Strandskog og Frøhlich som er verd å kommentere frå eit litt meir nøkternt fagforeiningsperspektiv:

"Hvis en barnehageplass koster kommunen 100.000 kroner i året, mottar barnehagen disse pengene uavhengig av hvem som eier den. Om barnehagen er privat, koster det altså fellesskapet like mye.

Det er en myte laget av venstresiden at private barnehager suger penger ut av kommunen. Private barnehager driver ofte mer effektivt en de offentlige, og de klarer også å bygge barnehager for en lavere pris, ifølge en rapport av konsulentselskapet PWC. Det gjør at kommunene sparer penger."

I følge disse skribentene er kostnaden for ein privat og ein offentleg barnehage den same. Samstundes sparer kommunen på å bruke private barnehagar. Om ein bruker den tenkte kostnaden på 100000, vil det dermed bety at å bruke 100000 på ein privat barnehage, sparer ein penger i forhold til å bruke 100000 på ein offentleg barnehage. Dette er ytterst tvilsom hovudrekning. Talet er og nærare 200000 for de yngste barna, og så kjem foreldrebetaling i tillegg. Å kalle private barnehager er dermed misvisande, eigentlig er dei privat-offentlege.

Private barnehagar er diverre ofte dårlegare regulert enn offentlege. Svekka retter for dei tilsette og fleire barn pr vaksen betyr meir penger i kassen. Det er god butikk å drive privat barnehage om ein styrer pengestraumen «rett». Freistnader på å kvalitetssikre drifta med offentlege krav blir ofte stogga med lønnsomheitsargument. Gjerne i form av «Blir det for dyrt må vi rett og slett legge ned".

Kritikken mot sider ved privat barnehagedrift er ikkje ein kategorisk kritikk mot alt ved privat barnehagedrift. Desse barnehagane utgjer ein del av det allmenne tilbodet, og mange har rasjonell og reinhårig drift som kjem alle til gode. Vi må ikkje gløyme at utan dei private barnehagane hadde vi ikkje nådd det målet om barnehagedekning som den utskjelte venstresida lanserte.

Venstresida har mykje å takke privat barnehagesektor for der. Det betyr ikkje at ein ikkje skal kunne stille krav. Livsvarig etisk amnesti er det ingen bransjar som har krav på.

Kritikken mot private barnehagar er retta mot at nokre få bygg seg private formuar på å sjonglere med rettane til dei tilsette, og å halde bemanninga på eit veldig moderat nivå. Sparekniv ein plass kan samstundes vere smørkniv ein annan. Store barneflokkar vert følgt opp av pedagogar og assistentar som spring med tunga som slips, og barnehagelærarar søker seg fort vidare til betre arbeidsvilkår. Dette gagnar ikkje verken barna eller dei vaksne, verken i det korte eller lange løp.

Når det vert reist kritikk mot private barnehagar er det ikkje naudsynleg kategorisk kritikk mot det private initiativ i seg sjølv. Det er snakk om å ha nok barnehagelærarar til dine og mine ungar, og det er snakk om ein profesjon av barnehagelærarar som har krav på ei anstendig lønn, ein anstendig pensjon og en kvardag som ikkje tvinger dei i kne før fylte seksti. Er dette på plass, må dei private tene so mykje pengar dei berre orker.

Det er ikkje spesifikt nok å snakke om «myter laga av venstresida». Nokre barnehageeigarar er i ferd med å stigmatisere den private barnehagemarknad med å skrelle utgiftene inn til beinet for å bygge private formuar, der det råkar dei tilsette og ungane. Snakk til desse.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt