Odd Tarberg

75

Støre, EØS og TiSA pr mai 2017

Ap-leiinga vedgår EØS-problem, men vil forverre problemet med TiSA-avtalen.

Publisert: 14. mai 2017

For å dempe EØS-uroa på LO-kongressen nyleg, såg Jonas Gahr Støre seg nøydd til å kome med ein fantasifull idé om å bruke menneskerettslova for å styrke norske arbeidstakarrettar når desse må vike EØS-lovene.

Ein ting er at fleire har sådd tvil om dette er ein haldbar strategi (for eks professor Mads Andenæs i Klassekampen den 12. mai, og doktorgradsstipendiat Stian Øby Johansen ved Senter for europarett ved UiO, i Nationen same dag).

Men i tillegg er dette interessant fordi Støre faktisk med dette utspelet vedgår at det handlingsromet som EØS-avtalen gir for å forsvare norske arbeidstakarinteresser, ikkje er stort nok!

Taktikken til Støre med å kome på banen midt under LO-kongressen med denne menneskerettslov-startegien sin, var nok effektiv for å roe LO-delegatane. Men det er likevel all grunn til å tvile på om denne metoden er haldbar. Mads Andenæs trur for eks at dei han kallar «statens advokater» kan kome til å sabotere heile idéen dersom vi får ei ny Støre-regjering.

Det politiske handlingsromet som EØS gir, og som Støre hittil har forsvart denne avtalen med, har vi no altså fått slått fast ikkje er bra nok. Det er derfor ekstra uforståeleg at Ap-leiinga likevel stiller seg positiv til å gå inn i ein ny avtale, TiSA, som ytterlegare vil redusere dette handlingsromet. 

I ein fersk rapport frå Transnational Institute ( https://www.tni.org/files/publication-downloads/tisa-en-2.pdf ), som tar for seg grunnane til at Uruguay trekte seg frå TiSA-forhandlingane, står for eks dette: «The TiSA proposal is above all a way to place limits on the sovereign authority of states» (Forslaget til TiSA-avtale er framfor alt ein måte å sette grenser for nasjonane sin sjølvråderett).

Ap-leiinga si positive haldning til TiSA-avtalen er altså spesielt uforståeleg. Dels unngår dei, så langt det er råd, all debatt om denne avtalen. I tillegg står det ting om TiSA i partiprogrammet som det heilt tydeleg ikkje er dekning for. Dette gjeld særleg påstanden om at TiSA vil vere bra for sysselsettinga. Etter at eg lenge har prøvd å få Ap til å kome med grunnlaget dei måtte ha for denne påstanden, har eg no omsider fått så godt som stadfesta at eit slik grunnlag ikkje finns. Rådgivar i partiet, Jonas Bals, som er særleg oppteken av arbeidstakarrettar, kunne ikkje skaffe fram anna enn at han «vil anta at man sikter til at akkurat som internasjonal varehandel skaper grunnlag for norske arbeidsplasser i eksportrettet industri, så kan tjenesteeksport også ha positiv sysselsettingseffekt». Dette betyr i klartekst at den negative effekten av hardare konkurranse frå utanlandske bedrifter inn på den norske marknaden, slik TiSA vil føre til, ikkje er med i vurderinga av sysselsettingseffekten av avtalen i det heile! Setninga i Ap sitt partiprogram om at TiSA vil vere «viktig for sysselsettinga», er dermed skandaløst misvisande, og heilt tydeleg plassert for å gjere avtalen «salgbar».

Det gjer ikkje dette forholdet det minste betre at når NHO, i sitt promoteringsarbeid for TiSA, bestiller ein analyse av effekten av avtalen, så resulterer det i  «en rapport fra analysefirmaet Menon Economics, som er basert på deres egen eksportdatabase»…

Det er likevel meir som forventa at NHO, Civita, og den sittande regjeringa kjem med slike misvisande påstandar for å «sminke» ein avtale som uttrykkeleg er konstruert for å styrke storkonserna sine interesser, og dermed svekke arbeidstakarsida. Det er derimot skuffande og farleg at Ap gjer det same.

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
19 dager siden / 5375 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
17 dager siden / 3728 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
18 dager siden / 1294 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
13 dager siden / 1175 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
13 dager siden / 1009 visninger
Hva nå, Etiopia?
av
Ragnhild Mestad
6 dager siden / 936 visninger
Ungdomsrus: Vi må handle nå!
av
Pernille Huseby
23 dager siden / 906 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere