Leder

Viktige tiltak mot vald

Tiltak mot vald og overgrep må framleis stå høgt på dagsordenen til politikarane.

Solberg-regjeringen la i fjor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep for perioden 2017 – 2021. Opptrappingsplanen kom på initiativ frå Kristeleg Folkeparti, som fekk med seg eit einstemmig storting i å be om ein slik plan frå regjeringa.

I ettertid har ikkje einigheita vore like stor. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har kritisert opptrappingsplanen for å vere for lite ambisiøs. Blant anna er det blitt vist til at han ikkje inneheldt eit einaste tiltak for å førebygge og motverke vald mot eldre.

Vald og overgrep er eit samfunnsproblem i mange aldersgrupper. Kristeleg Folkeparti har vore særleg opptatt av å kjempe mot vald og overgrep mot barn. Dette er eit svært viktig arbeid, og opptrappings-planen inneheld då også ei rekke tiltak som kan motverke slike overgrep.

Barna er blant dei mest sårbare i samfunnet. Samtidig må vi heller ikkje gløyme at det finst mange risikoutsette vaksne. Både eldre, psykisk sjuke, rusmisbrukarar og personar med fysisk funksjonsnedsetting eller utviklingshemming, har auka risiko for å bli utsett for omsorgssvikt og fysisk, psykisk eller seksuell vold. Ein artikkel i Vårt Land i går viste at berre éin av fire kommunar har handlingsplanar som spesifikt rettar seg mot risikoutsette vaksne.

Dessverre er det grunn til å frykte at det finst store mørketal både når det gjeld vald mot barn og når det gjeld vald mot risikoutsette vaksne. Ikkje minst kan det kjennest skamfullt å bli utsett for fysisk vald av eigne familiemedlemmer. Det er ikkje noko ein så lett melder frå om.

Arbeidarpartiet kravde nyleg at regjeringa må avdekke omfanget av vald mot eldre og sette inn tiltak som kan hindre denne valden. Det er eit nyttig innspel. Gårsdagens Vårt Land-artikkel viste også at det er viktig at kommunane etablerer gode rutinar for å avdekke og forhindre vald og overgrep mot risikoutsette vaksne.

For Kristeleg Folkeparti har det viktigaste vore å komme i gang med tiltak, framfor å bruke endå meir tid på å omarbeide opptrappingsplanen før han skulle settast i verk. Det er eit forståeleg standpunkt. Hovudpoenget er at det skjer ei reell opptrapping. Tiltak mot vald og overgrep må framleis stå høgt på dagsordenen til politikarane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder