Verdidebatt

Ja til kropp og nei til kopp?

Det er noko hyklersk og djupt uforståeleg med høgresida sin iver etter å innføre eit forbod mot tigging, på same tid som dei kjempar innbitt mot sexkjøpslova.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I ETTERKANT AV Brennpunkts dokumentar Lykkelandet om organiserte kriminelle nettverk frå Romania som opererer i Norge, har fleire politiske aktørar henta fram att dei nedstøva forslaga sine om å innføre tiggeforbod i Norge.

Sjølv om dokumentaren i ettertid har fått sterk kritikk for dårleg kjeldebruk, var statsminister Erna Solberg ei av dei som i kjølvatnet av dokumentaren ville ha Stortinget til å stemme på nytt over innføring av nasjonalt tiggeforbod i Norge. I 2015 mangla regjeringspartia Frp og Høgre støtte frå Senterpartiet til å innføre forbodet.

Det er noko djupt uforståeleg med høgresida sin iver etter å innføre tiggeforbod i Norge. Det kan virke som at einaste som er viktig er at «problemet» gøymast bort. Eit «problem» som mest av alt handlar om fattigdom, utanforskap og stigmatisering. Å gøyme bort sosiale problem gjer det kanskje meir behageleg å vandre gatelangs for høgrepolitikarar, men bidrar ikkje med hjelp for dei sårbare som meir enn alle treng samfunnets støtte.

På same tid: Sjølv om Høgre har vore stille om temaet i lengre tid no, er partiet framleis motstandarar av forbodet mot sexkjøp. Seinast i januar i fjor var partiets stortingsrepresentantar ute med støtte til krav om å få reversert sexkjøpslova. I Frp gjeld same linje. Som ein Frp-politikar sa i 2011: «Vi kan forby til krampa tar oss, men prostitusjon blir ikkje borte likevel».

Det er i utgangspunktet vanskeleg å forstå den manglande samanhengen mellom motstand mot sexkjøpslov og vilje til tiggeforbod. Det blir ikkje noko lettare når vi veit fakta:

For det første har sexkjøpslova fungert. Den har dempa etterspurnaden etter sal av sex, redusert omfanget og redusert profitten for bakmennene. Aller viktigast er det kanskje at lova ifølgje forskinga viser seg å ha ei haldningsendrande effekt i retning meir kritisk haldning til sexkjøp.

For det andre seier forskinga det stikk motsette om eit eventuelt forbod mot tigging. I Danmark der ein har innført tiggeforbod ser vi at dei organiserte kriminelle miljøa knytt til prostitusjon og narkotikaomsetning er sterkare enn dei var før forbodet vart innført – noko forskarar forklarar med at tiggarane må sjå seg om etter andre inntektskjelder dersom tigging blir forbode. I Norge veit vi gjennom forsking at dei fleste tiggarar ikkje er organiserte, men einskilde personar i ein desperat sosial og økonomisk situasjon.

Når høgresida argumenterer for tiggeforbod og mot sexkjøpslov, er det ikkje forskingsbasert, men direkte kunnskapslaust. Kvar kjem den frå, denne trongen etter å forby sosial naud, og viljen mot gjere same med folk som utnyttar, sel og kjøper andre menneske sin kropp? Du må gjerne kalle det liberalisme, men i mine øyrer høyrest det meir ut som pur egoisme.

Folk frå høgrekanten av norsk politikk vil kanskje kontre på dette innlegget med å snu det heilt på hovudet: Korleis kan eg argumentere mot tiggeforbod, samstundes som eg argumenterer for sexkjøpslov? Det er eit betimeleg spørsmål å stille, men frykt ikkje; eg har svar.

Sexkjøpslova skal straffe dei som utnytter andre menneske. Eit eventuelt tiggeforbod vil straffe dei som burde sjåast på som ofre. Det er ein grunn til at sexkjøpsforbodet vart innført, framfor eit sexsalsforbod. Sexkjøp er for dei ressurssterke, medan tigging er for dei ressurssvake. Sexkjøp er eit motbydeleg og moralsk forkasteleg handling. Tigging er eit desperat rop om hjelp.

Høgresida sin kamp for eit eventuelt tiggeforbod framstår meir og meir som eit renovasjonstiltak for gater og byrom utan ubehagelege møte med den elendigheita som fins både innanfor og utanfor Norges grenser.

Høgresida sin manglande vilje til å ta i bruk straff i spørsmål om menneske som blir utnytta på det grovaste av sexkjøparar og hallikar, vitnar om eit ideologisk grunnsyn som tillét utnytting av menneske i ein sårbar situasjon.

Spesielt ille blir det når vi ser høgresida si haldning til tigging og sexkjøp i samanheng: Ein komplett mangel på vilje til å bruke riktig medisin på nokre av vår tids største sosiale problem.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt