Verdidebatt

Kleint å ha det bra med Gud

Fleire indrekyrkjelege debattar, no sist runden om Jesu oppstode, dreier seg ofte om kor lite vi treng å tru.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Påskekrimmen opnar i ei dyster og dunkel steinkyrkje. Kamera fangar inn ein labil skapnad på kne med rosenkransen knuga i noko som skal alludera bøn, medan stearinlysa blafrar illevarslande.

Det er ikkje sikkert det er drapsmannen vi får nærbilete av i denne første scena.­ Men at denne stakkarslege figuren har noko godt i bagasjen, eller at kyrkja, bøna, lysa eller altaret eigentleg skulle vera til noko hjelp for vedkomande, er ei feilkopling dei færraste gjer. Krimklisjeen illustrerer greitt det kulturelle tørrfôret vi oftare enn vi anar vert serverte i ein kristen-skeptisk kultur.

Too much

Dette er noko som får mange utslag. Som ungdom skjøna eg tidleg at gullstandarden for ein engasjert kristen tenåring vart å finna det allmenne, og så vita med meg sjølv at det spesifikt kristne vart ivareteke innafor denne meir «gyldige» ramma. Spesifikt kristne argument og innfallsvinklar måtte vika. Det skulle nemleg så lite av eksplisitt kristentru til før det vart too much.

Hadde Hans Nielsen Hauge tenkt som meg, hadde vi gått glipp av ei av dei mest dynamiske og mangfaldige rørslene ­Noreg har sett. Å slutta å tru at det spesifikt kristne­ er eit verdifullt bidrag inn i samfunnsutviklinga, er framleis eit feilsteg.

Det er ikkje noko gale med ei allmenn tilnærming. Det var absolutt sunt for meg som ung kristen å læra meg andre innfallsvinklar, og eg er overtydd om at dette la grunnlaget for slitesterk tru.

Baksida av medaljen er likevel verd å ta ein kikk på. Den handlar om åndeleg sjenanse. Den kristne vert så frykteleg lett forlegen heller enn frimodig.

Inderleg

Å uttrykkja tru bli fort kleint. Vi er, som nemnt, oppflaska til skepsis på dette feltet. Det er rart, men ein samtale om at Gud blir borte, om tvil som erstattar tru, kan synast meir «ærleg og open» enn samtalar om at Gud verkeleg kjennest nær. Kvifor?

Dei kan ha nokre amerikanske overtonar av rikdom og suksess, og då får vi fort fnatt (ofte med rette). Andre gonger vert det den nyfrelste varianten, med ein inderleg grunntone som ingen retteleg kan gripa utan dei som sjølve har kome frå køyret og inn i lyset.

Dermed vert det ofte til at samtalar om tru, dersom dei skal vera ærlege, primært vert problemorienterte. Å ha det bra med Gud – korleis snakkar ein om det, på ein naturleg, ikkje-klein, men likevel openhjartig måte?

Sjenanse

Denne påska ga meg to særleg fine glimt av overgitt tru. I kyrkja vår er det ein mangeårig tradisjon for påskenattsgudsteneste. Den trauste trekyrkja vår vert denne natta fylt med unge folk og ditto musikk. Nokre benkar framfor meg sto ein gut med hendene strekte opp i lovsong, midt mellom mange som sat, slik vi ofte gjer i kyrkja. Guten sitt frie uttrykk for tru rørte meg.

Det andre glimtet takkar eg C. S. Lewis for. Historia om Narnia har ei trusformidling som det stadig lyser av. Lucy er den yngste i søskenflokken som kjem til Narnia og får møta den guddommelege løva Aslan. Barnlege Lucy har både hovud og hjarte med i leiken med løva, og hennar glød lærer oss noko viktig om trua.

Skal kvardagslivet med Gud ha kraft og liv, må vi som Lucy, la oss lokka og blenda og leia av han som trua handlar om. Det sekulære samfunnet held oss på åndeleg sveltediett, og reproduserer tallause versjonar av klisjeen om den forkvakla kristne.

Meir nedslåande er det at fleire indrekyrkjelege debattar, no sist runden om Jesu oppstode, ofte dreier seg om kor lite vi treng å tru, for likevel å tru på oppstoda frå dei døde. Igjen, denne sekulære skru-stikka som alltid løyver mest plass til det såkalla rasjonelle.

Men det går an å ha djup glede i Gud utan å ta plass i eit livsfjernt glansbilete.­ For denne erfaringa treng vi eit språk og eit mot som kan utfordra den åndelege sjenansen vi ofte står til knes i.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt