Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

Skyttargravsdebatt om abortlova

Leiar i AUF, Mani Hussaini, skriv på Facebook at haldningane KrFU har til abort ikkje høyrer heime i 2017. Eg meiner at haldningane AUF har til debatt om vanskelege etiske problemstillingar ikkje høyrer nokon stad heime.

Publisert: 4. apr 2017

Torsdag 30. mars publiserte NRK ei sak med leiar i KrFU, Ida Lindtveit, kor ho blant anna tok til ordet for at me må diskutere om sjukdom i seg sjølv skal vere eit abortkriterium.

Det ser ut til at ein del ikkje har lese saka før dei hiv seg over tastaturet og ytrar seg på sosiale media. Andrea Sjøvoll, leiar i SU, skriv at KrFU vil ha omkamp om abortlova.  Mani Hussaini kallar oss moralistar. Bjørn-Kristian Svendsrud, leiar i FpU, kallar det eit forslag frå middelalderen. Andre kjem med kommentarar som ”70-tallet ringer” eller at det er gammaldags og bakstreversk. At KrFU står nokså aleine i debattar som dette er me klare over, men me håpar på å bli møtt med eit minimum av respekt.

Det forslaget til KrFU går ut på er presisering av ordet ”sjukdom” i §2c i lova om svangerskapsavbrot. Tredje ledd i §2 i abortlova handlar om kva som er kriteria for seinabort. I dag er det blant anna slik at eit foster med eitt ekstra kromosom, som til dømes dei med Downs syndrom, kan bli abortert på bakgrunn av abortlova §2c fordi desse tilfella er dekka av ordet ”sjukdom”. Diskusjonen KrFU legg opp til er kva ”sjukdom” betyr: Skal det vere greit å abortere eit foster med leppe-skjeve-ganespalte? Kva er ligg det eigentleg i formuleringa? Ei presisering kan hindre sortering og bidra til eit større mangfald i samfunnet.

”Abortloven vil bestå”, seier Lindtveit i intervjuet med NRK. Det er altså ikkje slik ein del hevdar at dette forslaget går ut på å fjerne retten til sjølvbestemt abort. Det forslaget handlar om er at me ikkje vil ha eit samfunn kor det å vere annleis enn andre skal vere god nok grunn til seinabort. Me vil ikkje ha eit samfunn kor nokre har større rett til liv enn andre. Eit slikt standpunkt må det vere lov å framheve i media utan at andre ungdomsparti skal gå rett i skyttargrava.

Det har blitt ein tradisjon at alt som handlar om abortlova blir møtt med skarpe innlegg frå leiarane i SU og AUF. Det treng ikkje ein gong å handle om ei endring for at dei skal slå laus på KrFU. Denne gongen var det ei presisering av eit ord dei oppfatta som eit åtak på retten til sjølvbestemt abort. Abortlova har blitt ei heilag ku. Nesten ingen forslag, uansett kor konstruktive dei er, kan diskuterast. Å stille spørsmålsteikn ved ein liten del av lova skal ikkje vere lov. Me skal ikkje kunne peike på etiske problemstillingar. Dei einaste forslaga som er lov å kome med er dei som vil gjere lova meir liberal enn den er no.

Eit anna tema Ida Lindtveit tok opp i NRK-intervjuet var fosterreduksjon. Frå 2016 har det vore lov å fjerne foster ved fleirlinggraviditet. Sjølv legar åtvara og peikte på at det utgjorde ein fare for fosteret som ikkje blir abortert, vart fosterreduksjon vedteke. Den største skilnaden frå tidlegare er at det no er lov å fjerne eit 100% friskt foster viss det er ”ein for mykje”. Norge er eit av dei få landa som har tilbod om fosterreduksjon noko som fortel oss at det er ikkje så rett fram som ein del skal ha det til. Nokre synest det er hårreisande at KrFU ikkje vil tillate det. Eg synest det er hårreisande at me ikkje kan diskutere det sakleg og utan å mistenke kvarandre for å ha andre motiv med diskusjonen.

Viss me ikkje kan diskutere saker som handlar om presisering av ord i abortlova eller fosterreduksjon, kor stort blir då rommet for å meine annleis enn det som er norma?. Kristin Clemet i Civita viste i innlegget Et foster for mye (Vårt Land 22. Februar 2016) at det finst mange etiske problemstillingar rundt fosterreduksjon, problemstillingar som ein del ungdomspolitikarar ikkje vil imøtegå. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen viste i fjor i ein debatt med Dagrun Eriksen, nestleiar i KrF, at det er mogleg å argumentere mot KrFs forslag, men likevel vere konstruktiv og sakleg. Det er dette me bed om i debatten.

Når framtredande politikarar møter meiningsmotstandarar slik AUF og SU har gjort i denne saka, seier dei at det er greitt meine noko om kva andre skal ha lov til å meine og ikkje. Det er lite som er meir illiberalt enn det.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Dan Lyngmyr

207 innlegg  1187 kommentarer

Ap`s ja til tvillingabort og nei til abortreduserende tiltak

Publisert over 3 år siden
Mai Lene Fløysvik Hæåk. Gå til den siterte teksten.
eiar i AUF, Mani Hussaini, skriv på Facebook at haldningane KrFU har til abort ikkje høyrer heime i 2017.

Arbeiderpartiet trer ut av den tverrpolitiske enigheten om tiltak for å redusere aborttallene, når de vil redusere tilskuddet til den anerkjente organisasjonen Amathea - med millionbeløp.

Kanskje ikke overraskende.

I Arbeiderpartiet råder det stor frykt blant politikerne for å drøfte situasjonen og abortlovens konsekvenser, uten å samtidig risikere sin egen politiske død.

Og AUF`s leder, Mani Husaini, målbar situasjonens mørke skyggesider når han karakteriserte  KRFU`s leder Ida Lindtveit og hennes gode forslag i fjor  som - ”et gufs fra fortida”.

Hun hadde utfordret de andre politiske partiene til en nullvisjon for aborter.

-  Vi ser at kvinner oppgir prestasjonspresset i arbeidslivet som en årsak til at de ønsker abort. Utviklingen viser at kvinner i starten av en jobbkarriere i større grad ser på barn som en hindring for inngang til arbeidslivet, i stedet for å betrakte familieforøkelse som er en naturlig del av etableringsprosessen, uttalte veileder Vivi Helen Skreppedal i veiledningstjenesten Amathea til VG-Nett tidligere.

 Skreppedal opplyste også dengang at de i økende grad blir kontaktet av kvinner i alderen 25-35 år, som er engstelige for karriere og studiesituasjon.

Både spontanabort og provosert abort kan gi angst og depresjon, og forskning viser at kvinner med provosert abort hadde atskillig mer angst et halvt år etter aborten enn kvinner med spontanabort.

Abortlovens omfattende konsekvenser og  de 527 362 som ikke fikk møte livet mellom 1979 og 2014, ligger fortsatt i skyggen av flere tiårs politisk fortielse i Arbeiderpartiet. 

Det finnes mange fasetter rundt spørsmålet  uavhengig om man er tilhenger eller motstander av abort.

Men, den største utfordringen til vår nåværende regjering må være å løfte frem spørsmålet om livets verdi, og  våge å fronte denne debatten uten å la seg affisere av rettighetsaktivistene.

De som kutter i tiltak som kan redusere aborttallene.

De samme som forsvarer retten til tvillingabort.

1 liker  
Kommentar #2

Jostein Sandsmark

116 innlegg  455 kommentarer

BARNS SOLEKLARE RETT TIL LIV

Publisert over 3 år siden

Å nærma seg dette ømtålege sakskomplekset med bruk av ordet "abortlov" er det same som å invitera til avsporing, for abortlova er "heilag" for mange. 

Fordi om ein har ei lov som så misvisande kallast "sjølv-bestemt", er ein ikkje nøydd til å fylgja den. Ein burde heller gå til rota av problemet og få alle til å respektera det nye livet og støtta mødrene til å bera fram sine eigne born.

Straks ein nemner "abortlov" kjem piggane fram og hovudsaka kjem i skuggen, - gardinet vert trekt ned og hindrar all kommunikasjon.

Det er borna sin soleklåre rett til sine eige liv som er saka. Det er dei som først og fremst er "sjølv" her.  Og ein gjettar vel rett om ein trur at dei ikkje vèl  sjølv-bestemt  livsavkorting, - om dei vart spurde. 

Dersom dette vert erkjent og godteke, kan ein i neste omgang sjå kva ein kan gjera for å verna barnet - og unngå livstapet - ved abort.

Kanskje må ein endra abortlova, men det er ikkje sikkert. Dersom endringar i haldninga til det nye livet, og viljen til å spara det vart hovudsak, kunne tusenvis av svangerskapsavbrot vorte hindra.   

2 liker  

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere