Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Mytisk høgrehikke

Prestar og journalistar blir stadig ­kritiserte for å vere venstrevridde. No er det høgrestemmene som skal frelse verda.

Publisert: 3. apr 2017

Det er ei kjennsgjerning at mange journalistar og redaktørar har preferansar til venstre i politikken. Ei undersøking som blei lagt fram på Nordiske medie­dager i fjor, viste reint fleirtal for Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Dersom det var norske journalistar og redaktørar som bestemte samansettinga av Stortinget, ville­ vi ikkje hatt den ­regjeringa vi har i dag. Om vi ser berre på dei politiske journalistane, er ­biletet eit anna. Her er det større vekt av borgarlege partipreferansar.

Aftenpostens kommentator Frank Rossavik etterlyste nyleg­ høgrestemmer blant kommentatorane i dei store ålmenn­mediene. Det gjorde han med eit nikk til Rights.no-redaktør Nina Hjerpseth-Østlie, som etter­ kvart er blitt ei tydeleg stemme langt til høgre i det norske medie­landskapet. Rossaviks analyse er at det ikkje finst ein einaste kommentator i dei store ålmennmediene som forfektar synspunkt som er typiske for Frp. Sjølv har han prøvd å rekruttere slike kommentatorstemmer, berre­ for å finne ut at dei mang­lar evna til å dra ut essensen av ei sak og presentere ho kortfatta og forståeleg for folk flest. Det er nesten så eg byrjar å lure på om Rossavik driv høgrevridd satire, som han etterlyste i NRK då han sat i Kringkastingsrådet for ei tid tilbake.

Fare for splitting

Snarare er det utslag av ei mytisk høgrehikke­ hjå den tidlegare SU-leiaren Rossavik. Først ville han etablere høgrehumor i stats­kanalen, no er det dei høgre­orienterte aviskommentatorane som skal dyrkast fram. Tanken er god nok, for det kan ligge ein kime til splitting mellom folket og mediene dersom Frp-veljarar føler at media alltid er ute etter å «ta dei». Men er det eigentlig slik at store ålmennmedier som Aftenposten og VG manglar høgre­stemmer på kommentar- og leiar­plass? Snarare har vel Aftenposten, for å ta Rossaviks eigen arbeidsplass, dei seinare åra tatt tydelegare høgrestandpunkt enn på lenge.

Dersom omgrepet høgrestemmer berre inkluderer stemmer til høgre for Høgres høgrefløy, har derimot Rossavik tilsynelatande rett i analysen sin – at desse i stor grad manglar i norske ålmennmedier. Prinsipielt sett burde dei vore inkluderte i større grad, slik Frp-venlege kommentatorar burde ha ein plass både i venstreorienterte og borgarlege aviser. Så er spørsmålet i neste omgang kor langt til høgre ein skal heie fram meiningsmangfaldet. Er det redninga for det norske ordskiftet at avisene tilset­ ­kommentatorar som er fostra opp på Breitbart.com?

Vriding

Carl Ivar Hagen etablerte omgrepet ARK – Arbeiderpartiets Rikskringkasting – alle­reie før Sylvi Listhaug var fødd. Lenge var det ein god spøk. Problemet er at historieforteljinga om dei venstrevridde journalistane gradvis har vridd seg til historieforteljinga om journalistane som ikkje er til å stole på. Og dette er ei historie som går heim hjå mange.

I Noreg er det no berre 32 prosent som stoler på journalistar, ifølgje ei undersøking Reuters Institute gjorde i fjor, referert i Klassekampen i januar. I USA er talet endå lågare, på 27 prosent. Då kan den amerikanske presidenten Donald Trump sleppe unna med åtaka sine på «mainstream media» og karakteristikkar som at journalistar er «blant dei mest uærlege menneska på jorda». Og han kan i staden sette sin eigen agenda med dei mange meldingane sine på Twitter.

Gjennomsyra kyrkje

Kampen mot dei «venstrevridde» er styrkande for høgreorienterte politikarar. Dette gjeld i USA så vel som i Noreg. Sylvi Listhaug har dunka laus mot både journalistar – som Svein Egil Omdal – og Den norske kyrkja. For henne er kyrkja «gjennomsyra sosialistisk», og ho får med seg ein viss prosent av folk flest på tanken. Nyleg vedtok då også Kirkerådet eigne retningslinjer for å unngå at biskopar og kyrkjeleiarar skal bli oppfatta som partipolitikarar når dei refsar samfunnet.

Den høgrepopulistiske vinden bles i USA og Europa. Dei sosialdemokratiske regjeringane står for fall. Kanskje trengst det nokre fleire høgrestemmer i norske aviser, men i endå større grad trengst det stemmer som kan analysere det store biletet. Når høgrestemmene vil frelse verda, treng vi stemmene som kan forklare det som skjer.

Først publisert i Vårt Land, 3. april, 2017.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Per Steinar Runde

219 innlegg  2476 kommentarer

Quod erat demonstrandum

Publisert over 2 år siden
Alf Kjetil Walgermo. Gå til den siterte teksten.
Det gjorde han med eit nikk til Rights.no-redaktør Nina Hjerpseth-Østlie, som etter­ kvart er blitt ei tydeleg stemme langt til høgre i det norske medie­landskapet.

Med éi setning viser Walgermo kvifor vi ofte ikkje kan lite på journalistar. I visse saker er dei enten kunnskapslause, uærlege eller har sin spesielle politiske verdiskala. Han kan sjølv få grunngje kvifor han plasserer Hjerpset-Østlie (her korrekt skrive) "langt til høgre i det norske medielandskapet".  I denne artikkelen, https://www.rights.no/2017/03/kanskje-det-er-pa-tide-a-innse-at-det-ikke-dreier-seg-om-hoyrepopulisme/ , skriv ho sjølv: "Av person er jeg mer pragmatisk enn ideologisk. Derfor er jeg naturlig  hjemmehørende i – det som en gang var – Det kongelige norske,  pragmatiske Arbeiderparti."

Hovudskiljet i sentrale verdispørsmål går ikkje lenger etter den økonomiske venstre-høgre aksen, men i konflikten mellom universalistar og dei som vil verne nasjonalstaten, sjå https://www.nrk.no/virkelighetskrigen/xl/vi_-de-upalitelige-1.13419090

7 liker  
Kommentar #2

Magnus Husøy

19 innlegg  4123 kommentarer

Publisert over 2 år siden
Alf Kjetil Walgermo. Gå til den siterte teksten.
Kanskje trengst det nokre fleire høgrestemmer i norske aviser, men i endå større grad trengst det stemmer som kan analysere det store biletet. Når høgrestemmene vil frelse verda, treng vi stemmene som kan forklare det som skjer.

Ja, helt sikkert, men det er viktig å reflektere over hvorfor det angivelig er så få forklarende høyrestemmer. Kan det tenkes at det generelle klimaet i debatten, hvor mange av dem som ligger et stykke til høyre, mistenkeliggjøres eller mobbes, indirekte medfører at færre derfra engasjerer seg og derfor får mindre trening og utviklingsmuligheter som journalister og kommentatorer? Dersom journalister og kommentatorer som fellesskap virkelig ønsker andre stemmer velkomne, bør de la dem slippe til på like fot, uten at de skal stilles i skammekroken. Det er ikke så mange som trives i skammekroken, og dersom man holder seg borte fra debatten - eller tvinges til å innta klovnerollen når man deltar - så får man ikke øvd seg på å gi de bredere og dypere forståelige forklaringene heller.

3 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere