Verdidebatt

Parkert ideal?

Kvifor er det så viktig at prestestudentar, eller kristne generelt, er som alle andre?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei fleste av oss har eit ambivalent syn på samanhengen mellom liv og lære. På eine sida skal det så klart vera samanheng, det handlar om integriteten vår – om det å vera heil ved. På den andre sida melder­ det seg nokre opplagde problem når ein verkeleg meiner at til dømes kristentru skal avteikna seg i livsstilen vår. For kva rett har nokon til å seia noko om korleis ein skal leva? Dette rører jo også ved ­integriteten vår.

I desse dagar kan vi takka Bispemøtet for at dei lar det verta forfriskande tydeleg at kristen teneste inneber ein livsstil som også har nokre ytre særtrekk som er moglege å dra kjensel på. Det vart ikkje uventa protestar frå ulikt hald på at ­biskopane såpass konkret held opp ekteskapet som ideal og knyter det til tenesta i kyrkja.

Kul umogleg

Det er vanskeleg å ­gripa argumentasjonen til dei som no protesterer mot at biskopane på ein tydeleg måte seier at ekteskapet framleis skal vera ramme for samlivet til den som har ei vigsla stilling i Den norske kyrkja. Det handlar ikkje om at eg ikkje har høyrt kva denne argumentasjonen inneheld.

Igjen får vi det gamle refrenget om å parkera ideala ved inngangspartiet til det såkalla verkelege livet. Igjen vert fordommar fasttømra: Ein «kan» berre ikkje, 
i 2017, leva etter ein alternativ livsstil. Det er i mange miljø blitt kul umogleg å sjå føre seg at folk framleis seier: sidan Bibelen gir oss ekteskap som den gode ramma rundt samlivet: ei offentleg handling i det ambisiøse, livslange formatet, så vel vi det.

For å følgja dei som no saknar at biskopane for all del må få Den norske kyrkja med alt sitt mannskap til å gå endå meir i eitt med det tidsmessige tapetet, må vi slå inn på ein retorisk sett vinglete veg. Dei fleste eg har sett argumentera varmt for sambuarskapet seier nemleg samstundes at ekteskapet er den beste ordninga rundt samlivet. Det livslange og forpliktande ekteskapet får som regel framleis heiderleg omtale i kyrkjelege krinsar.

Dyneløfting? 

Frå dei som no protesterer mot biskopane høyrer vi litt ullent at ekteskapet er eit bra prinsipp, men … Men kva? Er det ubrukeleg, utdatert, umogleg? Flott som lære, men ikkje som liv? Det verkar vidare viktig å få fram at «prestestudentar er som alle andre».

Kvifor er det så viktig at prestestudentar, eller kristne generelt, er som alle ­andre? Denne haldninga minner jo mest av alt om barneskuleretorikkens første bod: «Alle andre får lov». Men dersom vi som kristne er forplikta på eit trusgrunnlag som tilseier at ekteskapet er ein betre plan, kva er logikken bak å framstilla den biskoppelege haldninga som straffande dyneløfting?

Kravet om å få vera som alle andre er i og for seg ei legitim kampsak – om ein vil gå den vegen. Men i staden for å resirkulera mytar om at sambuarskap er «nødvendig» for å finna ut om ein passar i lag, hadde det jo vore aldeles strålande om dei protesterande prestestudentane og for så vidt alle som heiar på ekteskapet, faktisk promoterte det, både i ord og gjerning.

Skjøre forhold

Argumenta som vert framførte til forsvar for sambuarskapet verkar dessutan utdaterte og lite underbygde. For å sitera ssb.no: «Sammenlignet med ekteskapet (…) er samboer­skapene meget skjøre». For å vera meir konkret: Sambuarar «har en bruddrisiko som ligger 3,5 ganger så høyt som for gifte». På denne bakgrunnen er det altså gode grunnar for å hevda at her er biskopane langt meir ­visjonære og samfunnsmessig­ oppdaterte enn dei studentane som nærast­ gjer seg til offer for ei ordning dei – teoretisk sett – meiner er best. Forstå det den som kan.

Å snakka sant om kor langt frå ideala liva våre kan vera, er ei ærleg og livsnær haldning eg gjerne applauderer. Ofrar vi derimot gode og byggande ideal for samliv berre for å få vera som alle andre verkar det nokså tafatt. Så vil fleire innvenda at dei jo nettopp held fram ekteskapet som eit ideal. Til det er det å seia at eit ideal fort misser verdien om det ikkje har noko positivt forpliktande ved seg. Kva skal ein då med det?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt