Verdidebatt

Forpliktande sambuarskap

Er sambuarskap og ekteskap grader av same sak?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

OM SAMBUARSKAP OG EKTESKAP


Etter kampen for likekjønna ekteskap har vi no fått aksjonen for godkjenning av sambuarskap hjå prestar og andre kyrkjelege medarbeidarar. Ein kunne kanskje tenkje at dette berre er neste steget på vegen etter likekjønna ekteskap, men det er noko pussig ved det likevel. Det er ikkje eit steg vidare på same vegen, men heller eit steg attende. For medan det offentlege ekteskapet ei stund har vore så overlag viktig, er det no det uoffisielle sambuarskapet som vert halde fram som nesten like godt som ekteskapet. Det er altså tale om ein gradsskilnad.
I samband med forsvaret av sambuarskap er det skapt eit mantra: "forpliktende samboerskap/ samboerforhold". Det vert brukt av Paal Leer Salvesen og i fråsegna frå ei rad teologiske studentar i Vårt Land 21. 03. og i innlegg frå Øystein Magelsen i VL 22.03. Kva ligg det i "forpliktande" her? Dei teologiske studentane vedgår nesten ei sjølvmotseiing når dei seier at sambuarskapen kan tene til å "finne ut om man vil dele resten av livet sammen". Då må det vere noko ein kan prøve fleire gonger. Forpliktinga er altså noko anna enn den som ligg i den offentlege lovnaden om "å elske, ære og vere trufast mot den andre til døden skil oss åt". Det er denne offentlege forpliktinga som konstituerer ekteskapet, ikkje ein vigselsattest, som Magelsen kan sjå ut til å meine. Det motstridande i argumentasjonen kjem vel også til uttrykk når Magelsen i eit avsnitt kan seie at ekteskapet er "den ordningen vi ønsker å fremme", samstundes som han i avsnittet framføre i realiteten har karakterisert den offentlege ekteskapsinngåinga som formalia, som biskopane er opptekne av.
At sambuarskap kan vere ein stad for verkeleggjering av verdiar som karakteriserer eit godt og rett samliv (Magelsen), veit vel alle som lever i dag. Det står ikkje i motsetnad til å seie at grunnlaget vantar.

Arve Brunvoll

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt