Kommentar

Nåde på ei seng av skrøner

Torgny Lindgrens legering av det folkelege og eksistensielle saknar sidestykke i den nordiske litteraturen.

Dersom ein forfattar er ein person som kan skrøne med tyngd om livet, var Torgny Lindgren blant dei største forfattarane i vår del av verda. Han døydde før helga, 78 år gammal. Bøkene hans vitnar om ein forfattar med tvisyn, humor og eksistensiell utforskartrong. Oppveksten i Västerbotten nord i Sverige dannar bakgrunn for vesentlege delar av forfattarskapen hans. Det same gjer interessa for filosofiske og religiøse spørsmål.
«Det er jeg som er Olof Helmersson, vekkelsespredikanten, sa han. Jeg omvendte stort sett hele folket her. Jeg forkynte Guds ord i alle de syv menighetene. Dessuten spilte jeg trekkspill. Vi kan ikke ha vært videre lettfrelste, sa hun. Frelsen får man aldri gratis, sa han. Man må kjempe for hver eneste sjel.» Denne passasjen frå romanen Norrlands akvavit (2007) viser noko av den milde ironien og humoren i Lindgrens bøker. Sørgjelege utgangspunkt får i Lindgrens tapping ofte eit komisk og nesten burlesk tilsnitt. I den nemnte romanen reiser hovudpersonen, den gamle vekkingspredikanten, attende til gamle trakter for å gjere opp for det han oppfattar som gamle synder: Han angrar på det han har forkynt.


Religion sentralt
Religion står i sentrum for ei rekke av Lindgrens bøker. Gjennombrotsromanen Orms veg på berget (1982), som seinare blei filmatisert av Bo Widerberg, henta tittelen sin frå Salomos ordstak og var fortald med Vårherre som du-person. To år seinare kom romanen Bat Seba, som tok utgangspunkt i den bibelske historia om kvinna som kong David brann av attrå etter.
Torgny Lindgren konverterte til katolisismen i 1980. Bedehuslandskapet frå barndommen sleppte nok likevel ikkje taket i han, slik forfattaren mot slutten av livet kunne spøke med at ein pater i kyrkja hans kalla han for ein «katolsk misjonsforbundsmann». Ikkje minst spelar desse lågkyrkjelege impulsane inn i bøkene som tek utgangspunkt i Västerbotten, som Humlehonning (1995), Hakkepølsa (2002) og Dorés bibel (2005). I den sistnemnte romanen formulerer eg-forteljaren blant anna følgjande friske gudsbilete: «Men jeg hadde etterhvert som årene hadde gått, kommet frem til at Gud i realiteten er summen av alle Gustave Dorés bilder. Man må ha dem alle i sitt eie. Bildene sammenlagt er Gud. Så enkelt er det.»


Nåde og livsløgn
Dei tre sistnemnte romanane kom for nokre år sidan ut i Sverige under den felles tittelen Nåden har ingen lag (Nåden har ingen lov). Lindgren kan i bøkene sine seiast å utforske djupnene i fenomenet nåde, samtidig som han ser nåden opp mot omgrepet livsløgn. I dette ligg det erfaringar som mange søkande menneske har gjort seg gjennom tidene: Trua kan for somme balansere hårfint på grensa mellom opplevd nåde og kjensla av livsløgn.
Trilogien utgjer berre nokre av dei mange bøkene i ulike sjangrar som står att etter Torgny Lindgren. I motsetnad til predikanten i Norrlands akvavit har forfattaren liten grunn til å angre på virket sitt, frå debuten med diktsamlinga Plåtsax, hjärtats instrument (1965) til sakprosaantologien Boken om oss alla – Tretton röster om Bibeln (2015), der Lindgren var ein av bidragsytarane. Heile vegen har dei eksistensielle spørsmåla vore i brennpunktet, sjølv om Lindgren kan kle også dette faktumet i sin finurlege ironi – som i intervjuet vi gjorde med han her i avisa for nokre år sidan: «Har man holdt på med kunst et helt liv, stiller man seg spørsmålet hvorfor? For å være helt ærlig finnes det ikke noe fornuftig svar på det. Da begynner man snarere i sitt forsvar å søke seg til metafysikken og teologien. Det er ganske naturlig. Det er den dårlige samvittigheten over et forspilt liv.»


Unikt rom
Torgny Lindgren var sidan 1991 medlem av Svenska Akademien, som gjennom utdelinga av Nobelprisen peikar på dei største forfattarskapa i vår tid. Sjølv blir han av mange oppfatta som ein av dei fremste litterære stemmene i Norden. Og ikkje minst, som forfattarkollegaen Per Olov Enquist også peika på i etterkant av dødsfallet, som ei særeigen og original stemme.
Det eksistensielle rommet Lindgren skapte seg, er unikt i den nordiske litteraturen. Det er ein forteljar av Guds nåde som no er gått bort.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar