Verdidebatt

Risikabel eggdonasjon?

Å likestille eggdonasjon og sædonasjon vitnar om manglande kunnskap og er ein påstand som "rett og slett ikke holder vann"!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eggdonasjon vs sæddonasjon:

Eg har sjøl gjennomgått hormonbehandlingar i samband med IVF behandling og snakkar her utfrå eigne erfaringar. Eg har erfart risikoen for hyperstimulering (ovarial hyperstimulering; kalla OHSS) og  lever også, bortimot 31 år etter, med vissheita om auka risiko for brystkreft.

Eg, og mange kvinner med meg, har likevel vore villege til å ta den risikoen fordi belønninga har vore å få eit etterlengta barn.

Spørsmålet er om andre kvinner i Norge vil ta same risikoen for å hjelpe dei ufrivilleg barnløse, utan å få denne belønninga?

I oppslaget i Aftenposten " Om jeg vil ha en ferietur, donerer jeg egg" forrige laurdag, står å lese;

"På informasjonsarket som alle donorer mottar frå den nasjonale fruktbarhetsinstitusjonen i Spania, SEF, står det at foruten  vanlige risikoer forbundet med en operasjon kan livmoren bli unormalt stor om man blir utsatt for et såkalt hyperstimuleringssyndrm. Man kan dessuten få diverse hormonforandringer og psykiske problemer som angst og depresjon, men de skriver at å donere egg ikke vil gå utover  kvinnens egne sjanser til å få barn i fremtiden." ( side 33 i avisa).

Legen ved den spanske klinikken svara imidlertid (ikkje uventa) benektande på spørsmålet om evnt. risikofaktorer ved gjentatte eggdonasjonar.

Årsaka til tilstanden hyperstimulering er ikkje fullt ut forstått, sjøl om ein kjenner visse risikofaktorar.

Ved å google hyperstimuleringssyndrom på nettet, kan ein finne mykje informasjon om tilstanden. Forekomsten er nemnt å vere frå 1 til 5 % av alle hormonstimuleringar (internetmedicin.se). Andre kilder nemner forekomst hos 1 av 10 kvinner. Tilstanden kan forekomme i forskjellige grader; frå mild til moderat til alvorleg.

Ved alvorleg hyperstimulering er det behov for sjukehusinnlegging for observasjon og forebyggande behandling av blodpropp. Tilstanden kan påvirke lever- og nyrefunksjonen.

I sjeldne tilfeller kan alvorleg OHSS vere livstruande.

I VÅRT LAND den 16.januar i år var temaet helserisiko ved eggdonasjon oppe under overskrifta " Risikerer kreft og barnløshet". Det vart vist til dokumentaren Eggsploitation av amerikanske Jennifer Lahl som har skapt debatt i USA. Lahl vert oppfatta som erkekonservativ og mange har kome med kritikk mot denne dokumentaren der fleire kvinner som har vore eggdonorar vert intervjua.

Slik eg forstår Lahl så er eitt av hennar hovudpoeng at eggdonasjon og sæddonasjon ikkje kan likestillast. OG at menn tar ingen helserisiko ved sæddonasjon i motsetnad til kvinner som donerer sine egg.

Eit anna viktig poeng frå Lahl sin side, er at ingen har forska på langtidseffekten av behandlinga og at det er eit problem at vi idag veit for lite om dette.

Slik eg ser det, så gjeld Lahl sine påstandar om at eggdonasjon og sæddonasjon ikkje kan likestillast i forhold til medisinsk risiko. Vi veit også lite her i Norge om evnt. langtidseffekter av å gjennomgå slike hormonbehandlingar.( Eg er i alle fall ikkje kjent med at det er gjort norske studier om evnt langtidsseffekter av hormonstimulering for oss som vart behandla ved IVF på starten av 1980 talet.)

Eg håpar at Høgre på sitt landsmøte i helga fastheld å sette barneperspektivet øverst og at partiet ivaretar det store ansvaret dei tidlegare har tatt for å sette barnet sine rettar framon dei vaksne sine ønsker og behov. Dette har Høgre hittil bidratt til, i felleskap med KrF og Senterpartiet.

Eg håper at utfallet av debatten iløpet av morgondagen, blir positivt sett frå eit barneperspektiv!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt