Verdidebatt

Kyrkjeasylet i Spjelkavik

Det fins verre ting for kyrkja enn at ho bli nedrent av folk som treng henne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når svaret frå oss blir noko anna enn det Vårt Land kunne tenke seg, er nok det fordi Vårt Land kan ha ein prinsipiell distanse til spørsmålet, medan vi i Spjelkavik kyrkje står direkte overfor menneske i djup krise.

Vårt Land stiller seg 1. mars, gjennom ein artikkel av redaktør Trygve W. Jordheim, svært kritisk til at Spjelkavik kyrkje har gitt ei norsk mor og dotter hennar kyrkjeasyl. Bakgrunnen for kritikken synest å vere at kyrkja gjennom dette overprøver både barnevernet og fleire rettsinstansar. Eg les dessutan Jordheim sitt innspel slik at han meiner kyrkjeasylet i dette tilfellet rammar ­andre menneske­, og reknar med at han han då tenkjer på resten av familien.

Då denne saka heilt uventa­ oppstod i Spjelkavik kyrkje måndag 13. februar, var vi klar over at den informasjonen vi fekk, kom berre frå ei side, og vi har derfor heile vegen understreka at vi ikkje kunne ta stilling til sjølve saksinnhaldet, at vi ikkje ville kritisere barnevernet og at vi ikkje ønskjer å leggje oss opp i det domstolane, politiet og ­advokatane skal styre med.

Siste utveg

Men vi vart stilte overfor ei fortvilt mor. Far, som er statsborgar i eit anna europeisk land, hadde ved hjelp av norske og utanlandske domstolar og styresmakter i løynd teke frå henne to av borna, og ho var livredd for at også det tredje skulle bli tatt og ført ut av landet. Ho tyr til kyrkja som siste utveg og ber om vern for seg og dottera i ein periode. Når svaret frå oss då blir noko anna enn det Vårt Land kunne tenke seg, er nok det fordi Vårt Land kan ha ein prinsipiell distanse til spørsmålet, medan vi i Spjelkavik kyrkje står direkte overfor menneske i djup krise. Vi valde då å ikkje gå for djupt inn i dei prinsipielle­ og rettslege sidene ved dette, men berre sjå på det eine, enkle spørsmålet: Kva kan vi gjere for å hjelpe denne kvinna og dette barnet no? Resultatet vart at vi sleppte dei inn.

Vi forstår at denne handlinga kan problematiserast, for det finst i grunnen berre taparar i denne tragiske saka. Men vi fann det altså rett å gi mor noko tid til å områ seg, kanskje til å få i gang nye prosessar og ein ny dialog med far. Vårt Land meiner at vi ved å ta imot denne kvinna­ og dotter hennar har tatt stilling i saka og dermed overprøver domstolane og barnevernet. Vi gjer ikkje det, men det var mor som kom til oss. Far kan få kome han også. Gjer han det, kan vi kanskje setje oss ned å snakke saman og prøve å finne ein veg ut av dette uføret.

Eitt smotthol

Ein må gjerne diskutere om kyrkjeasylet som institusjon har nokon plass i eit demokratisk rettssamfunn. Kyrkjeasylet eksisterer berre fordi styresmaktene og politiet respekterer det, for kyrkja har inga makt å setje bak asylretten. Dersom politimeisteren i Ålesund meiner han skal gå inn i kyrkja vår og ta asylantane ut, kan ingen hindre han i det. Men eg undrast på om det ikkje er godt at det finst ein gøymestad, eitt lite smotthol der du for ei tid kan finne vern for deg og dine når stormane blir for harde og all makt og mynde i heile verda tårnar seg opp over livet ditt.

Generelt ser eg at kyrkja i dag har eitt altoverskyggande problem, nemleg at den jamne mann og kvinne ikkje opplever at dei har bruk for henne lenger. Berre sjå på dåpstala og på gudstenestedeltakinga. Her stod vi overfor ei kvinne som hadde så veldig bruk for oss. Ja, ho såg på oss som den siste og einaste sjansen ho hadde. Skulle vi då vise henne frå oss? Tenk om den tre siders reportasjen som VG la ut for nokre dagar sidan var erstatta med følgjande overskrift: «Ålesundsmor fråteken tre barn som er sende utanlands – Søkte vern i Spjelkavik kyrkje, men vart avvist i døra!» Eg ville nok ikkje ha orka å gå ut på ei stund etter eit slikt oppslag.

Skaper presendens

Fleire, mellom anna NRK, har spurt om vi ikkje skaper presedens gjennom dette og risikerer at kyrkjene no blir fylte opp av foreldre og barn på flukt frå barnevernet. Det vil eg ikkje akkurat anbefale, men kva så? Det finst verre­ ting for kyrkja enn at ho blir nedrent av folk som treng henne, nemleg at det er ingen som treng henne­. Så må kyrkja i neste omgang sjølvsagt bruke slike situasjonar til å arbeide med dei involverte og til å skape dialog, forståing og aksept for det som er til barnas beste.

Etikken blir vanskeleg når han skal setjast ut i praksis, for det du trur er ei god handling, kan vise seg å ha så mange utilsikta og uheldige konsekvensar. Slik også i denne saka, men eg trøystar meg med Jesu ord i Matteus 11: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.»

Mjuke i hjartet

Og det var vel det vi vart, vi tre som møtte­ mor og dotter i Spjelkavik kyrkje­ denne­ måndagskvelden for ­nokre veker sidan. Vi vart milde og mjuke i hjartet i møte med to flotte­, men engstelege menneske­. Og så sleppte vi dei inn. Eg trur den handlinga vil stå seg, og så får vi bruke tida framover til å hjelpe desse menneska ut av denne veldige livskrisa så godt vi kan. Dei kjem ikkje til å bli kasta ut av Spjelkavik kyrkje mot sin vilje, og så lenge dei er der, vil vi møte dei med omsorg og respekt.

Først publisert i Vårt Land, 07.03.17

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt