Verdidebatt

Grums i medvind

Eg får plutseleg lyst til å seie ting som dette: Ja til eit varmt og inkluderande fellesskap!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Slik har eg tenkt: Eit inkluderande fellesskap er bra, mangfald i stort og smått er naturleg og gjer det mindre einsamt å vere menneske, å få ytre seg fritt er ein menneske­rett som ein aldri kan fire på.

Slik har eg tenkt, men sjeldan sagt. For kvifor seie det sjølvsagte? Jau då, eg veit at det ikkje er slik i store delar av verda. At vi har vore eit slags unnatak vi her i nord, med materielle godar og ein personleg fridom andre berre kan drøyme om. Men her i landet har eg vore ein del av ein slags konsensus, eit slags snakkande fleirtal. Verdiane har vore så sjølvsagte at eg mest ikkje har fått auge på dei. Ein person som fremjar slike lite kontroversielle synspunkt blir gjerne kalla politisk korrekt.

Dei ukorrekte innslaga midt opp i det heile? Ja, dei må nesten få vere der, for mangfaldets skuld. Er det ikkje forfriskande og annleis når folk ytrar seg mot det politisk korrekte? Vi treng jo klovnar og galskap. Og innimellom dukkar det opp nokon frå folkedjupet som ikkje finn seg i å snakke i tråd med dei rådande haldningane. Ein snakkar om mannen i gata og slikt.

Nye roller

Men så med eitt har noko skjedd, noko som ikkje skulle skje. Det er ikkje lenger vi som ler av klovnen. Det er klovnen som ler av oss. For dei latterlege verdiane som denne gjengen av politisk korrekte folk har gått rundt og trudd på, er liksom avslørt. Eg er redd vi snart kjem til å sakne den tida då vitsane om det politisk korrekte var forfriskande.

Det mørke folkedjupet er i medvind. Dei brølande utkantane. Dei som ikkje var ein del av konsensus. Slike utgrupper som alltid har kjent på seg at noko er heilt feil! Ein må kalle ein spade for ein spade, ikkje late som alt er greitt. Dei som skriv PK med fire sinte ropeteikn i kommentarfeltet når dei luktar integrering, fellesskap og sosialisme.

Etter at Trump har tatt over, har det som kjent ikkje vore ein roleg dag. Nye kontroversielle utspel og alternative fakta, samt ei mistenkeleggjering av all informasjon som kritiserer eigne utspel. Også her heime merkar ein ei endring. Frykta folk ­føler for det ukjente skal ikkje roast ned, men gjerne dyrkast. Salige Herbjørn Sørebø sa noko slikt som dette ein gong: «Om ein heng ei fjøslykt opp i mørket dukkar all slags utøy opp.» Det ukorrekte vinn fram mot eliten, og populismen spreier seg.

Andre tider

Grumset, delvis gøymd, delvis opent, ber i seg kvinneforakt, rasisme, krenking av ulike minoritetar. Religiøse grupper heiar på Trump for å vinne fram med sine reaksjonære synspunkt. Mange ser ut til å gle seg over at det no er andre tider på gong, eit samfunn med andre typar sanningar. Kommentatorar peikar på kor skremmande det er at fakta ikkje lenger får vere fakta, at vår felles oppfatning av røynda blir fragmentert. Men har vår oppfatning av røynda nokon gong vore sams?

Dei fleste av oss har ein liten utkant i oss, vi kjenner desse stemmene betre enn vi likar å innrømme. Har ikkje fakta alltid vore mistenkeleggjort om dei kolliderer med eit verdisyn? Det var aldri noko felles oppfatning, der var motsetnader, kampar om rettar og verdiar. Det berre verka som om dei var vunne. Den felles oppfatninga har vore splitta og delt heile tida.

Ja visst kan det politisk korrekte bli altfor korrekt, legge lokk på nyansar, fornekte reelle problemstillingar og ha i seg ein form for sjølvsensur. Ingen skal krenkast, ingen skal støytast. Men det er også slik at det i det politisk korrekte ligg eit slags omsyn til andre, og at ein har desse andre menneska sine verdiar i bakhovudet når ein ytrar seg. Er det så dumt?

Ei og anna

No er det heller blitt ei tid for raping ved kjøkkenbordet. Hurra. Ein treng ikkje ta så mykje omsyn eller bry seg om ein krenker nokon utanfor eiga sfære. Kva vedkjem det oss? Ein kan jo berre la den politisk korrekte sjølvsensuren døy ut. No skal den ikkje plage oss meir. Ei og anna forvirra mus vil nok framleis virre rundt og pipe om rettar og omsyn og ja ... sivilisasjon. Men snakkar ho sant? Ytrar ho seg på vårt språk?

Nettopp fordi det vi held for sanning ikkje er sams, nettopp fordi vi er ulike, treng vi å halde høgt dette no utskjelte omsynet til dei andre. Eg kjenner ei djup frykt for ei utvikling mot eit mindre likestilt og liberalt samfunn. Ei endring i vår måte å tenke samfunn på. Det vil koste oss dyrt, på mange måtar, når fellesskapstanken blir borte. På vegne av oss alle, eg gruar meg til den siste ­politisk korrekte musa har teia stilt.

Først publisert i Vårt Land, 18. februar 2017

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt