Verdidebatt

KrF treng ikkje frykte Listhaug

Sjølv om Sylvi Listhaug fiskar veljarar på KrFs territorium, må me våge å kritisere henne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter at Sylvi Listhaug blei innvandrings- og integreringsminister
i desember 2015, har det vore fokus på konkurransen mellom henne og KrF om dei kristne veljarane. Tidlegare­ Vårt Land-redaktør, Helge ­Simonnes, uttalte til Minerva i januar at konstitueringa av Torkil Åmland som stats­sekretær kan vere eit forsøk på å få eit endå betre fotfeste hos karismatiske kristne. Det er ikkje rart at mange KrF-arar synest det er urovekkande­ kor god kontakt det ser ut til at Sylvi Listhaug har med ­enkelte kristne­ miljø på Sør- og
Vestlandet. Om Sylvi Listhaug kaprar­ for mange veljarar i denne delen av landet, ser det fort mørkt ut for både utjamningsmandat og to kandidatar på Stortinget frå Hordaland og Rogaland.

KrFs taktikk i haust og på ­nyåret har vore å halde seg ­stille i båten og ikkje seie så ­mykje om innvandrings- og inte­greringspolitikk. Med nokr­e få unntak har det vore lite kritikk å høyre frå stortingsgruppa.­ Dette trass i at Listhaug har kome med fleire utspel som står i sterk motsetning til verdiane til KrF.

KrF har mykje god innvandrings- og integreringspolitikk, som til dømes når det gjeld å ta imot kvoteflyktningar og lage gode ordningar for lengever-ande asylbarn. Vi må berre våge å vise det fram.

Å kapitulere

Det er fleire grunnar til at KrF ikkje burde frykte Sylvi Listhaug, men tvert imot både kritisere henne og vere tydelege i innvandrings- og integreringspolitikken. For det første vil det å dempe ­eigen politikk på området vere eit signal om at ein allereie har tapt. Viss veljarane skal tru på at KrF kan utgjere ein skilnad i poli­tikken, må vi ha tru på det sjølv.

For det andre må vi tydeleggjere skilnadane mellom KrF og Frp. Eg håpar aldri vi kjem i den situasjonen at ein veljar tenkjer at han får same innvandringspolitikk om han stemmer KrF eller Frp.

For det tredje vil det å sitje stille i båten og meine så lite som mogleg vere å gjere oss irrelevante i ein av dei største debattane i Norge. Veljarane er opptekne av innvandrings- og integreringspolitikk. Då må òg vi i KrF vise at vi er opptekne­ av dette. Den beste måten å gjere seg relevant i ein debatt på er å ha sterke meiningar og utfordre andre politiske parti.

Ikkje oppe til forhandling

For det fjerde handlar det om kva verdiar KrF står for. Innvandrings- og integrerings­politikken er ikkje eit felt vi kan ta oss råd til å tenkje strategi på. Det ville vere å fjerne politikken frå grunnverdiane til partiet. Jon Lilletun skreiv: «Ein solidaritet som byggjer på neste­kjærleik er grenselaus. Han gjeld alle menneske, frå ­lokalsamfunnet til verdssamfunnet, både levande og komande generasjonar.»

Nestekjærleik er ein verdi vi aldri kan forhandle bort for å få fleire veljarar. Vi kan ikkje tenkje på kor mange karismatiske kristne frå bibelbeltet som vil stemme KrF eller om vi kjem over eller under sperregrensa. Det er menneske dette handlar­ om.

No må KrF slutte å vere redde­ for Sylvi Listhaug og heller byrje­ å kritisere henne og det ho står for. Viss ikkje er eg stygt redd for at både veljarane og verdiane våre blir borte.

FØRST PUBLISERT  I VÅRT LAND 18.02.2017

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt