Odd Tarberg

61    79

Den farlege bløffen om TiSA-avtalen

TiSA vil øydelegge fleire arbeidsplassar enn den vil skape.Stikk i strid med det som regjeringa og andre tilhengarar av avtalen påstår

Publisert for 3 måneder siden / 2552 visninger.

Spørsmålet om TiSA-avtalen vil vere positiv eller negativ for sysselsettinga i Norge vil truleg bli heilt avgjerande for korleis LO, Arbeiderpartiet og til slutt også Stortinget vil stille seg til avtalen.

Det er først og fremst utenriksminister Børge Brende som har hevda fleire gongar at avtalen vil vere "viktig for sysselsettinga i Norge". Dette er også noko som Arbeiderpartiet skriv i sin omtale av TiSA. Det kjedelege er at ingen kjem med det ringaste grunnlag for ein slik påstand.

Og tvert i mot er det all grunn til å forvente at avtalen vil øydelegge langt fleire arbeidsplassar enn den vil skape.

Korleis?

Uten at vi treng å gå inn i detaljane i avtalen, veit vi frå det initiativtakarane til TiSA-forhandlingane har uttrykt i klartekst, at hovedformålet med TiSA er å få fjærna så mange som råd av det dei kallar "handelshindringar" mellom landa. Typisk kan det vere ulike reguleringar som har som formål å verne arbeidsmiljø, naturmiljø, og som gir ei viss favorisering av det nasjonale næringslivet.

Fjærning av slik "handelshindringar" vil sjølvsagt norsk eksportnæringar kunne tene på i sin aktivitet i utlandet, og dette vil kunne gi ein viss positiv sysselsettingseffekt i slike næringar. Problemet, som tilhengarane av TiSA og dei liknande avtalane ikkje vil snakke om, er at dette sjølvsagt også gjeld for utanlandske bedrifter sin aktivitet i Norge. TiSA vil altså gi eit forsterka konkurransetrykk for norske bedrifter frå utanlandske aktørar. Frå sterke konsern frå dei 49(!) andre TiSA-landa, som "siklar etter" å erobre marknader i Norge. Resultatet er som vi forstår, at ein del norske bedrifter blir utkonkurrerte, med tilhøyrande oppseiingar av arbeidstakarar. "Job displacement" (jobbflytting) er det fine uttrykket som blir brukt for denne effekten for å skjule dei menneskelege tragediane som ligg i ei slik ufrivillig jobbflytting..

Det er også meir enn naivt å tru at etterspørselen etter meir arbeidskraft i eksportnæringane skal kunne absorbere alle som på denne måten vil miste jobbane sine. Effekten av den tilsvarande avtalen TTIP som har vore forhandla mellom EU og USA, har av visse fagmiljø blitt vurdert til å ligg på mellom ein halv og ein million tapte arbeidsplassar i Europa, og då særleg i høgkostlanda, og med ein stor grad av usikkerheit knytta til kor mange som vil kunne rekne med å finne nye levelege jobbar...

På ein slik bakgrunn liknar påstanden om at TiSA vil ha ein god sysselsettingseffekt, svært mykje på ein rein bløff.

Det kjedelege er at denne ufunderte påstanden får stå og stadig blir spreidd uimotsagt: "En eventuell TISA-avtale anses som viktig både for norsk økonomi og sysselsettingen", kunne vi lese i ei sak om at Fafo-forskaren Åsmund Arup Seip skal lage ei utgreiing om TiSA for LO før kongressen i mai. (http://frifagbevegelse.no/loaktuelt/forsker-skal-gi-tisarad-til-lo-6.158.446485.df17e1c7ba )

Det kjedelege er også at denne forskaren alt no ser ut til å ha konkludert med at TiSA-avtalen vil vere ein bra avtale for Norge. I alle fall slik han framstår i linken over her..

Det blir i alle fall uhyre interessant å sjå om den rapporten han skal legge fram også vil ta med dei negative sysselsettingseffektane vi altså må forvente dersom vi får ein TiSA-avtale, eller om også han vil konsentrere seg om å marknadsføre det eksportnæringane kan ha å vinne på denne avtalen, slik analysefirmaet Menon Economics nyleg gjorde i sin rapport om TiSA for NHO...

 

 

 

6 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Gjermund Frøland kommenterte på
Teologisk nonsens
18 minutter siden / 1756 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Skam
43 minutter siden / 11343 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 1 time siden / 1756 visninger
Torill Born kommenterte på
Du er nok verre enn meg
rundt 1 time siden / 172 visninger
Stefan Bonkowski kommenterte på
Omskjæring og antisemittisme
rundt 1 time siden / 365 visninger
Rune Holt kommenterte på
FrP og jødene
rundt 1 time siden / 141 visninger
Torill Born kommenterte på
FrP og jødene
rundt 1 time siden / 141 visninger
Rune Holt kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 2 timer siden / 1756 visninger
Leif GuIIberg kommenterte på
FrP og jødene
rundt 2 timer siden / 141 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Vil Ap forbedre mennesket?
rundt 2 timer siden / 816 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Vil Ap forbedre mennesket?
rundt 2 timer siden / 816 visninger
Les flere