Verdidebatt

Rolig no?

Har vi konservative eit særskilt ansvar for ro i DNK frå no av?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mange som ber om ro i 
kyrkja no. Vi er truleg snart ferdige med den mykje omtala ­liturgisaka, kompromisset er på plass, no er tida for å samla seg og komma til hektene. Det er ei forventning om ro, nei, det er meir enn forventning. Er det konturane av eit krav om ro vi ser?

Når dette står på trykk er vi delegatar til Kyrkjemøtet samla i Trondheim, med svære saksmassiv, detaljerte drøftingar, strid og samarbeid i kyrkja sitt øvste folke­valte organ. Vi kjem frå heile landet, og vi kjem for å vera saman om noko som rører oss i det inste. Kyrkja vår.


Umusikalsk

No, seier fleire, er tida for å slutta å venda seg innover, no kan vi i staden venda oss mot dei mange oppgåvene som grunna intern strid har lege meir eller mindre brakk over lengre tid. Slik er ei forteljing om dei siste månadane og åra i Den norske kyrkja (DNK), og for mange kjennest det nok slik.

Som om ein får ført noko til ende, kome i mål. Eg skjønar at folk kan tenka at ­endeleg no må det då, for Guds skuld, bli ro.

Men. For meg, som mindretalsrepresentant, kling bodet om å falla til ro nokså umusikalsk. Den som trur at kompromissvedtaket som Kyrkjemøtet vedtok i fjor skal skapa ro, har truleg ikkje teke inn over seg at for mange av oss handlar saka om ekteskap og liturgi om mykje meir enn rettane til ei bestemt gruppe. Saka har langt vidare implikasjonar som omfattar Bibelsyn, og behovet for ei ­solid teologisk grunngjeving for den læra ­kyrkja skal formidla.

I det post-faktuelle samfunnet, der verdas mektigaste mann held seg med ein pressesekretær som utan å blunka nyttar nemninga «alternative facts» når ho vert pressa på kva som eigentleg er sant, skjønar eg godt at mange dreg på akslene over ting eg stressar meg opp over. Men framleis er vi jo mange som tenkjer at to motsette syn ikkje kan vera sanne på ei gong. Ei slik enkel erkjenning gir framleis grunn til uro.


Urostiftar? 

Når eg no, som representant for det klassiske, lutherske og økumeniske­ synet på ekteskapet, har fått det som vert kalla «rom» i kyrkja også framover, sit eg eigentleg att med mange spørsmål. Skal eg halda meg i ro i dette rommet? Om eg i dette rommet formidlar eit ­klassisk syn på ekteskapet, er eg då ein utidig urostiftar som skiplar den skjøre freden? Skal freden heretter vernast i DNK ved at Bibelens mange ord om samlivet ­mellom mann og kvinne, brud og brudgom, Høgsongens herlegdom medrekna, vert tona ned ­etter modell frå det som truleg vert den nye liturgien?

Ein kan nemleg få kjensla av at ein kvar referanse til slike vers vert rekna som konservativ aktivisme framover. Og kva rom er det eigentleg då?

Å vera konservativ i DNK er litt rart. Ein er mykje som eit moderne menneske ikkje har lov til å vera. Frå arbeidslivet veit vi at vi skal vera fleksible, omstillings­dyktige, endringsvillige og glade i høgt tempo. ­Mykje av dette har også blitt krava kyrkja stiller til oss.

Som konservativ ser eg at eg fell gjennom her. For når det gjeld innføringa av ny liturgi og ny lære, særleg i eit så høgt tempo og på eit teologisk vaklande grunnlag som ein her er vitne til, er det ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å omstilla utan å mukka. Dette her er faktisk ikkje rein politikk.


Kan ikkje. 

Vi går dermed inn i ei tid med mange interessante spørsmål i DNK. For oss som konservative handlar mykje om å utforska det rommet som vi no har. Då kan ein ikkje sitja i ro. Om dette rommet kjem ferdig møblert eller med krav om snarleg lydisolering er spørsmål mange engasjerte kyrkjegjengarar no stiller seg.

Skal vi utforska kompromisset og berekrafta som eventuelt bur i det, bør kyrkja ikkje venta seg ro, men heller aktivitet, utforsking og mange fleire spørsmål enn eg har stilt her.

Her kan stikkord som «valgmenighet» og lokal variasjon til dømes verta svært aktuelle. Og, skulle det visa seg at det ­berre er eit venterom vi har fått, er det greitt å finna ut av det og. Eit venterom er sjeldan ein plass ein vert verande.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND, 27.01.2017

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt