Verdidebatt

Det dyrebare mennesket i dåpsliturgien

Dåpsliturgien vil i desse dagar bli revidert av Kyrkjemøtet. Liturgiforslaget har med ei formulering om at mennesket er dyrebart i Guds auge. Er dette noko me skal seia til kyrkjelyden eller til Gud?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Forslaget til revidert dåpsliturgi for Den norske kyrkja er godt. På eitt punkt vil eg likevel foreslå ei lita endring. Det gjeld plasseringa av setninga ”Ho/Han/Dei er dyrebar(e) i dine auge.” I liturgiforslaget står dette i takkebøna for barnet/dåpskandidaten. Eg meiner det heller bør tas inn i velkomstorda i starten av dåpsliturgien. Innhaldsmessig passar dette betre i det me seier til kyrkjelyden enn i det me seier i bøn til Gud.

Eg foreslår derfor at velkomsten (ved dåp av barn) blir slik: ”I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. Ho/Han/Dei er dyrebar(e) i Guds auge. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss med den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus.”

Takkebøna som så kjem etter at ein eventuelt har lese Joh 3,16, vil då bli slik: ”Evige Gud, du som gjev liv til alt som lever og har skapt oss i ditt bilete: Vi takkar deg for NN/NN som i dag skal bli døypt/døypte. Ver hos henne/han/dei med din kjærleik og gje henne/han/dei ein heim i di kyrkje. Amen.”

Saksorienteringa til denne delen av liturgiforslaget, seier at det i takkebøna har vore ”viktig å takke Gud for barnet/dåpskandidaten og å uttrykke klart at i Guds øyne er alle mennesker «dyrebare» (Salme 72,14 og Jes 43,4). I forslaget sies det tydelig at vi som mennesker, også før dåpen, er verdifulle for Gud.”

Det er fint å stadfesta at den som blir døypt, har stor verdi i Guds auge. Men det er viktigast å seia dette til dåpsfølget. Gud veit det frå før.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt