Verdidebatt

Var liturgi-vedtaket lovleg?

Blei vedtaket i Kyrkjemøtet 2016, om liturgi for ekteskapsinngåing for personar av same kjønn, gjort i samsvar med Kyrkjemøtet sitt eige reglement?Folkeleg sagt: Var det lovleg?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Med tilvising til para­graf 2-4 i Kyrkjemøtet sin forretningsorden hevda eg fleire gonger frå talarstolen at framgangsmåten i denne saka ikkje var korrekt. Referansen finn vi i andre leddet: «Dersom en tilråding som har minst 2/3 flertall i Bispe­møtet, ikke får flertall i Kirke­møtet, sendes ­saken tilbake til Bispe­møtet. Ved annen gangs behand­ling i Kirkemøtet stilles­ krav om minst 2/3 flertall dersom vedtaket ikke er i samsvar med Bispemøtets siste tilråding.»


Formelle krav

Det dreier seg i denne samanhengen ikkje om vedtaket vart gjort «i lojalitet mot den evangelisk-lutherske lære» (paragraf 1-1), men om kva formelle krav som kan stillast til samsvaret mellom vedtak i Bispemøtet, tilråding i Kyrkjerådet og vedtak i Kyrkjemøtet. Bakgrunnen for regelverket er ei nøye uttenkt kvalitetssikring i prinsipielt viktige saker: I lære-, liturgi- og økumeniske spørsmål, i samspel mellom embete og råd. Det ligg nær å visa til handsaminga av grunnlovsendringar, som kyrkja har fått god kjennskap til dei siste åra.


Ny handsaming

Så til spørsmålet i overskrifta. Som medlem i Kyrkerådet og Kyrkjemøtet har eg mange gonger høyrt at sjølv den minste endring i ei sak vil føra til at saka må attende­ til Bispemøtet for ny handsaming. Det var i 1994 at Kyrkjemøtet «landa» dette samspelet, etter ein lang og grundig prosess, ikkje minst i Bispemøtet.

Enkelt sagt: Også det Bispemøtet definerer som læresaker kan endrast i Kyrkjemøtet, men ikkje utan at «grunnlovskonservatismen» slår inn. Difor var då også vedtaket om likekjønnsliturgi i Kyrkerådet 28. januar i fjor, ned til minste komma, identisk med Bispe­møtet si tilråding. Det er ikkje å ta for sterkt i å seia at Kyrkje­rådet i denne saka blei instruert.


Endringar

Men i Kyrkjemøtet kom det ei rekke endringar i det endelege vedtaket, faktisk i alle punkta frå 2-6. Noko av dette kan seiast å vera av redaksjonell art. Men det meste er det ikkje. Til dømes blei «kirkens praksis» (hugs: Dette er ei lit­urgisak) til «kirkens liturgiske­ ordninger, undervisning og forkynnelse» (pkt 2). Utarbeiding av «tilsvarende liturgier» blei til «tilsvarende liturgier som inkluderer likekjønnede par og som kan brukes overfor alle par» (pkt. 3). Bispemøtet og Kyrkjerådet sin føresetnad om at andre kyrkjeleg tilsette (enn presten) skal ha lov til «ikke å medvirke», blei snevra inn til å gjelde ved «den kirkelige handlingen» (pkt. 6).

Det som hende, var ikkje ein formell glipp, i ei sak der alle elles var innforstått med realiteten. Tvert om. I korridorar og i komitear vart det utøvd eit formidabelt press mot dei «av mindretallet som støtter dette vedtaket» (også ei endring i pkt. 4) om å akseptera det fundamentalt nye punktet, nemleg at den nye liturgien «kan brukes overfor alle par».

Tydeleg brot

Dette var eit tydeleg brot med vedtaka i ­Bispemøtet og Kyrkjerådet. Det er vanskeleg å sjå ei prinsipielt viktigare sak enn denne som kan «løysa ut» prose­dyren i paragraf 2-4. Det er ikkje nok at geskjeftige biskopar går god for endringa, og pressar resten av kollegiet til å gå med på det. Tvert om. Det er nett i slike situa­sjonar at regelverket skal trå til og redda oss frå ein godt meint aktivisme. Bispemøtet må i slike tilfelle konstituera seg i nytt møte, etter, ikkje i eit KM, og ikkje forfalla til korridorpolitikk. Reglar kan ikkje hindra at makta rår, men dei kan sørgja for at også fleir­talet må ta omsyn til det som i­nternt gjeld seriøsiteten i kyrkja sitt høgste organ, og eksternt: I ­respekten for dette organet.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 25.01.2017

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt