Odd Tarberg

58    78

Kommentar til ukritisk Civita-forsvar av TiSA-avtalen

Civita-notat nr 2 2017 tar mål av seg til å forsvare norsk deltaking i TiSA, handelsavtalen Trade in Services Agreement som 50 land, mellom dei Norge, har forhandla om i over tre år. (Sjå link til notatet nederst)

Publisert for 2 måneder siden / 1898 visninger.

 

Jan Erik Grindheim som har ført dette notatet i pennen, skriv innleiingsvis at han her vil «diskutere hvilke muligheter og utfordringer den skaper for norske bedrifter og arbeidsplasser.»  Dessverre gløymer han heilt diskusjonen om utfordringane som TiSA vil skape for norske bedrifter og arbeidsplassar. Derimot er notatet fullt av påstandar om at TiSA vil vere bra for norsk næringsliv (når han eigentleg snakkar om dei fordelane av TiSA som den delen av norsk næringsliv som pt er internasjonalt konkurransedyktig og orientert mot eksport av tenester til utlandet, kan ha). Til liks med andre tilhengarar av TiSA, teier Grindheim om det fleirtalet av norske bedrifter og arbeidsplassar som ikkje opererer i konkurranseutsette sektorar, og som dermed har grunn til å sjå på vidare liberalisering gjennom TiSA som ein trussel.

 

Grindheim skal ha ros for å vere ærleg nok til også å ta med denne setninga innleiingsvis: «TISA-avtalen er omdiskutert, ikke minst fordi den blir forhandlet utenfor WTO-systemet. Den nettbaserte «Folkeaksjonen mot TISA» mener for eksempel at TISA-avtalen vil «innskrenke det demokratiske handlingsrommet ytterligere og omdanne politikk til handelsjuss». Ei slik setning gir i det minste lesarane eit visst inntrykk av at TiSA ikkje er eit udiskutabalt gode, slik tilhengarane av den elles har for vane å gjere.

 

Nokre kritiske kommentarar baserte på bruk av andre «briller» enn dei Grindheim ser ut til å ha på:

 

Grindheim skriv: «Bakgrunnen for at forhandlingene om en internasjonal handelsavtale for tjenester ble satt i gang i mars 2013, var at den eksisterende WTO-avtalen General Agreement on Trade in Services (GATS) ikke var omfattende nok og i tråd med kravene til dagens og fremtidens globale handelsrelasjoner» (mine uthevingar).  Dette er ei typisk tilslørande setning som underslår at desse «kravene til dagens og fremtidens globale handelsrelasjoner» IKKJE er krav som alle er samde om. Dei kom slett ikkje frå dei ulanda og andre som har behov for å bygge opp eigne tenestenæringar, og som derfor brukte retten sin i WTO til å seie nei til ei sterk liberalisering av handelen med tenester, øydeleggande for ein slik fornuftig nasjonal politikk. Desse krava kom derimot frå heilt andre hald. Nemleg frå lobbygruppene til dei store internasjonale teneste-konserna som fekk USA og EU til å fronte initiativet om å tromme saman eit femtitals land kalla «Really Good Friends of Services» (!) til forhandlingar om TiSA, «for å etablere et ikke-diskriminerende handelsregime for tjenester seg imellom». (NB: «ikkje-diskriminerende» betyr for ordens skuld at det ikkje vil vere lov å favorisere nasjonale eller lokale bedrifter framfor utanlandske, for eks for å ta vare på eller bygge opp nasjonal kompetanse i ei næring…!)

 

Grindheim sitt forsøk på å imøtegå kritikken om at TiSA og liknande avtalar er øydeleggande for WTO, er svært lite overtydande. Når han siterer at «The EU will welcome any WTO members which shares the objectives of the agreement to join the negotiations at any time», så viser berre det tydeleg at den integreringa av TiSA i WTO-systemet han snakkar om, berre vil skje dersom dei landa som til no har vegra seg mot denne liberaliseringa, legg seg langflate og gir etter for presset frå dei sterke landa. Grindheim vedgår faktisk med denne setninga det problematiske i det opplegget han forsvarar: «Men hvis en slik integrasjon i flere hastigheter skal lykkes, må det antagelig gjennom WTO på en eller annen måte bygges bro over de store forskjellene som allerede eksisterer mellom medlemsstatene som følge av variasjoner i økonomisk utviklingsnivå, og politisk og administrativ effektivitet». Det er tydeleg at Grindheim heller ikkje så lett ser korleis det kan «bygges bro over de store forskjellene» han her nemner… Og utan det blir i så fall TiSA del av  eit brutalt handelsregime som berre dei sterkaste kan profitere på…

 

Grindheim skriv side 3 i notatet: «Siden norsk tjenesteeksport har økt kraftig de siste 10 årene, må Norge knytte seg til nye avtaler som TISA». Dette er ei underleg setning. For det første: dersom det er slik at norsk tenesteeksport har auka kraftig dei siste 10 år utan ein TiSA-avtale, kvifor skulle vi så trenge TiSA?? Og for det andre: kvifor akkurat TiSA, og ikkje ein annan handelsavtale som faktisk kunne innehalde eit minimum av forsvar for arbeidstakarinteressene og ikkje berre snevert ha vern av dei meir og meir «nasjonslause» storinvestorane sine interesser som hovedfokus??

 

På side 4 i notatat skriv Grindheim: «Ifølge en rapport fra analysefirmaet Menon Economics, som er basert på deres egen eksportdatabase, osv..» Poenget mitt med dette sitatet, er at det nok ein gong berre er snakk om TiSA sin effekt for eksportbedriftene. Det er i grunnen heilt fantastisk at det frå NHO si side vart bestilt ein konsekvensanalyse for TiSA-avtalen UTEN at analysefirmaet skulle vurdere effekten også av den auka konkurransen FRÅ utlandet! Når Grindheim til og med må vedgå at «I Menons rapport argumenteres det for at TISA-avtalen vil ha en begrenset, men positiv, effekt for norsk tjenesteeksport på kort sikt», så gir det faktisk næring til den uroa mange gir uttrykk for, nemleg at TiSA-tilhengarane ser på avtalen som ein langsiktig reidskap for vidare og irreversibel liberalisering og privatisering av tenestemarknadane..

 

På side 6 i notatet er Grindheim, til det eksemplariske, tydeleg: «Formålet med TISA-avtalen passer derfor store norske aktører som opptrer i andre land godt, siden den skal sikre utenlandske tjenester ikke-diskriminerende adgang på markeder som er kommersialisert, basert på felles spilleregler». Igjen har Grindheim ingen tanke for andre enn dei store og eksportorienterte, og dei som «ved hjelp av nye elektroniske plattformer kan være like flernasjonale som de tradisjonelle multinasjonale storselskapene»..

 

På side 7 kjem Grindheim med informasjon som burde vere direkte alarmerande for mange. Han skriv at «tjenestebalansen (differansen mellom eksport og import av tjenester) med EU var negativ med 53 milliarder kroner» (tal for 2015). Det betyr altså at norske tenesteleverandørar er i dag i stand til å levere langt mindre tenester til EU-landa enn EU-bedriftene leverer til Norge! Dersom Grindheim, Civita, den norske regjeringa og andre TiSA-tilhengarar får Norge inn i TiSA, så betyr det at vi vil stå i ein tenestemarknad som er to-tre gongar så stor som EØS! Talet på utanlandske bedrifter som vil selje tenester til Norge blir tilsvarande større! Kvifor skulle tenestebalansen i ein slik situasjon plutseleg bli vesentleg betre?? Er det ikkje grunn til heller å forvente at den kan bli vesentleg verre??

 

På side 10 har Grindheim gjort meg den ære at han har sitert innleiinga eg hadde på eit innlegg med tittelen «TiSA-avtalen og problemet Jonas Gahr Støre», basert på at Støre er uforståeleg positiv til TiSA, og nektar å vere med på å diskutere dei negative konsekvensane av avtalen. Der skreiv eg ma at «Den informasjonen som har kome frå regjeringshald, har vore bagatelliserande, ubalansert, og grensande til rein feilinformasjon». Grindheim avviser, ikkje uventa, kritikken om at både forhandlingane og sjølve grunnprinsippet i TiSA er sterkt udemokratiske. Men når Grindheim hevder at «det fremdeles være opp til hvert enkelt land selv å bestemme for hvilke sektorer og i hvilket omfang avtalen skal gjelde», så «underkommuniserer» han noko TiSA er sterkt kritisert for: Før var det slik at dei ulike landa aktivt skulle melde inn dei områda som skulle konkurranseutsettast. Viktige deler av TiSA-avtalen brukar no eit nytt prinsipp kalla «negativ listing». Der er ting snudd opp ned, på den måten at prinsippet no er at «alt» skal konkurranseutsettast. Berre det som dei ulike landa IKKJE vil konkurranseutsette, skal førast opp som unnatak. Eit sterkt liberaliseringsdrivande element.. Når dette så blir kopla til sterke element av irreversibilitet (skralleklausular), så blir det meir enn tydeleg at framtidige, og mindre liberaliseringshissige styresmakter vil sjå sitt politiske handlingsrom vesentleg svekka…

 

Grindheim skriv på side 12:» Ifølge den sittende regjeringen, var det norske åpningstilbudet (i TiSA-forhandlingane) vurdert til å være blant de mest ambisiøse i TISA-gruppen, slik Norges tilbud i Doha-forhandlingene i sin tid var. Grunnen er at Norge allerede i stor grad har et liberalisert tjenestemarked, ikke minst som følge av EØS-avtalen». Dette er truleg korrekt, men det betyr ikkje at det norske opningstilbodet var eit fornuftig tilbod. Fleire land fann som nemnt krava frå dei sterke i-landa under Doha-runden, uakseptable med tanke på behov desse landa har for å utvikle eigne tenestenæringar. I det minste ropar dette temaet etter ein grundig debatt i Stortinget, noko vi slett ikkje har sett spor av.

 

«Med en svært åpen økonomi har Norge åpenbare og klare interesser av mest mulig forutsigbare rammebetingelser og åpne markeder for tjenestehandel.» Dette er ei klassisk setning som heller ikkje Grindheim kan dy seg for å bruke. Dette med «mest mulig forutsigbare rammebetingelser» er innlysande korrekt. Men påstanden om at Norge skulle ha «åpenbare og klare interesser av mest mulig åpne markeder for tjenestehandel», heng derimot i lause lufta. For deler av næringslivet er det rett, for andre slett ikkje. Det er berre å minne om «krangelen» nyleg mellom to NHO-toppar: På den eine sida Stein Lier-Hansen i Norsk Industri, som tydelegvis er for opne grenser (fri bevegelse for arbeidskraft uten fordyrande kompensasjon knytta til reise-, kost og losji), og på den andre Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening, som ser at dette medfører konkurransefordelar for utenlandske bedrifter og dermed blir ein trussel mot norske bedrifter i hans bransje.

 

Grindheim har så på side 13 og 14 ei lengre bagatelliserande utlegging om klausulane frys og skralle. Klausular som er knytta til det sterkt kritiserte elementet av irreversibilitet i TiSA. Berre det faktum at prinsipp som frys og skralle er foreslått i TiSA-avtalen for å hindre at framtidige politiske fleirtal i eit land eksempelvis skal kunne rekommunalisere ei privatisert og konkurranseutsett teneste, er i seg sjølv kritikkverdig med tanke på det politiske handlingsromet mange av oss framleis meiner vi skal forsvare. Det ligg til og med på bordet eit framlegg til eit Annex on Transparency i TiSA, som skal forplikte politiske styresmakter til å halde utanlandske bedrifter løpande orienterte straks det kjem på tale å endre lover og reglar som kan påvirke profitten til slike bedrifter. Som vi ser er det heile tida snakk om innskrenkande krav til nasjonale styresmakter, men vanskeleg å sjå krav til dei internasjonale konserna.

 

Når Grindheim i sin konklusjon klarer å påstå at «TISA-forhandlingene er solid forankret i Stortinget», då har han ei forståing av uttrykket «solid forankring» som eg trur skiller seg ein god del frå den vanlege. Den passiviteten vi har sett frå dei aller fleste stortingsrepresentantane si side når det gjeld TiSA-avtalen, skuldast heilt tydeleg altfor dårleg informasjon. Først og fremst rundt dei negative konsekvensane avtalen opplagt vil ha for svært mange norske bedrifter og arbeidsplassar. Dette er dennegative medaljebaksida ved TiSA som Regjeringa og dei andre tilhengarane av avtalen gjer sitt ytterste for å feie under teppet.  Ettersom Grindheim også no har gløymt å diskutere dei «utfordringer den skaper for norske bedrifter og arbeidsplasser», slik han lova innleiingsvis, så har heller ikkje dette notatet gitt eit særleg godt bidrag i så måte.

 

Civita-notatet: file:///C:/Users/otarb/Downloads/Civita-notat_02_2017.pdf

 

 

 

4 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Erling Grape

55 innlegg  999 kommentarer

Riktig lenke

Publisert 2 måneder siden

Lenka du har lagt inn, viser til en fil på din harddisk og den har nok ikke vi andre adgang til.

Her er riktig lenke til Civita-notatet: https://www.civita.no/publikasjon/nr-2-2017-tisa-avtalen-og-norges-handel-med-tjenester

(lenke til PDF-dokumentet nederst på siden)

3 liker  
Svar
Kommentar #2

Odd Tarberg

58 innlegg  78 kommentarer

Nyttig korrigering! Og takk for det.

Publisert 2 måneder siden

Takk til Erling Grape som retta opp den blunderen frå meg, slik at folk no kan finne Civita-notatet på skikkeleg vis!

2 liker  
Svar

Siste innlegg

Maktfaktorer
av
Kjell G. Kristensen
rundt 7 timer siden / 43 visninger
0 kommentarer
Barnets beste
av
Vårt Land
rundt 17 timer siden / 120 visninger
1 kommentarer
Verden er urettferdig
av
Arne Berggren
rundt 17 timer siden / 492 visninger
5 kommentarer
Parkert ideal?
av
Sofie Braut
rundt 17 timer siden / 263 visninger
1 kommentarer
40 år med klokskap
av
Åshild Mathisen
rundt 17 timer siden / 486 visninger
2 kommentarer
”Tollere og fariseere” anno 2017
av
Bjørn Dahl
rundt 18 timer siden / 613 visninger
0 kommentarer
Vi har en elefant i kirken!
av
Alexis Lundh
rundt 19 timer siden / 191 visninger
1 kommentarer
Sps venstrenasjonalisme
av
Berit Aalborg
1 dag siden / 2543 visninger
0 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Maktfaktorer
av
Kjell G. Kristensen
rundt 7 timer siden / 43 visninger
0 kommentarer
Barnets beste
av
Vårt Land
rundt 17 timer siden / 120 visninger
1 kommentarer
Verden er urettferdig
av
Arne Berggren
rundt 17 timer siden / 492 visninger
5 kommentarer
Parkert ideal?
av
Sofie Braut
rundt 17 timer siden / 263 visninger
1 kommentarer
40 år med klokskap
av
Åshild Mathisen
rundt 17 timer siden / 486 visninger
2 kommentarer
”Tollere og fariseere” anno 2017
av
Bjørn Dahl
rundt 18 timer siden / 613 visninger
0 kommentarer
Vi har en elefant i kirken!
av
Alexis Lundh
rundt 19 timer siden / 191 visninger
1 kommentarer
Sps venstrenasjonalisme
av
Berit Aalborg
1 dag siden / 2543 visninger
0 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Øyvind Schønning kommenterte på
Allah Hater Polyteisme
rundt 6 timer siden / 251 visninger
Robin Tande kommenterte på
40 år med klokskap
rundt 6 timer siden / 486 visninger
Jon Prøis Rustand kommenterte på
Verden er urettferdig
rundt 7 timer siden / 492 visninger
Robin Tande kommenterte på
Forandrings skygge
rundt 7 timer siden / 2198 visninger
Per Steinar Runde kommenterte på
40 år med klokskap
rundt 7 timer siden / 486 visninger
Trond Oscar Losvik kommenterte på
Besteborgerlige bisper bør bråsnu
rundt 7 timer siden / 630 visninger
Roald Øye kommenterte på
«The dawn of a new era»?
rundt 8 timer siden / 1441 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Vi har en elefant i kirken!
rundt 8 timer siden / 191 visninger
Sølve Nicolay Thobro Lauvås kommenterte på
Hva skjedde med den hvite by ved Mjøsa?
rundt 8 timer siden / 315 visninger
Tore Olsen kommenterte på
London og NRK Debatten
rundt 8 timer siden / 711 visninger
Sølve Nicolay Thobro Lauvås kommenterte på
Hva skjedde med den hvite by ved Mjøsa?
rundt 8 timer siden / 315 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Parkert ideal?
rundt 8 timer siden / 263 visninger
Les flere