Spaltist Ann Kristin van Zijp Nilsen

Djevelens piss og annan umoral

For ein liberalist ser engasjementet mot alkohol og pengespel ut som manglande anerkjenning av andre menneske sitt ansvar for eige liv.

Publisert: 12. jan 2017  /  994 visninger.

I forrige veke avslutta artisten Tone Damli og nettspel-giganten Betsson samarbeidet. Kven av dei det var som slo opp først, er dei ikkje einige­ om. Men brotet ser ikkje ut til å handla om at dei angrar på den ulovlege marknadsføringa.

For to år sidan fekk nemleg Damli eit brev frå direktøren i Lotteri- og stiftelsestil­synet. Det same gjorde John Arne Riise, John Carew, Sandra Lyng, Betsson og 23 andre utanlandske speleselskap. Der stod det at «i Norge er det forbudt å avholde, markedsføre og formidle penge­spill som ikke har tillatelse».

Brende kortstokkar

Tilsynet sine utsegner var moderate. Koranen kallar til dømes alkohol og pengespel for «Satans verk». Soknepresten Lars Levi Læstadius­ kalla alkohol for «djevelens piss», og læstadianarane er framleis kjende som fråhaldsfolk. Vestlendingar på min eigen alder kan fortelja om ein bedehusoppvekst der kortstokkar som dukka opp i heimen blei brende.

For det store norske fleirtalet ser dette ut som ein uforståeleg og latterleg kamp mot umoral. Stadig færre hugsar at det i utgangspunktet handla om solidaritet.

For Læstadius var ikkje moralsk indignert då han snakka om djevelpiss. Han var solidarisk indignert over samefolket sine levekår i Nord-Sverige. Presten såg korleis handelsfolk og prestekollegaer tente seg rike på brennevinssal, mens alkoholmisbruket øydela heile familiar og lokalsamfunn. Kampen mot alkoholen reduserte fattigdom og naud, og førte til ei viss frigjering og myndiggjering.

Den same erfaringa hadde dei som tidlegare hadde spelt seg frå gard og grunn i dåtidas pokerlag: Kortstokken representerte gjeld, naud og ufridom og det nye, kristne livet utan spel var fridom, tryggleik og framgang.

Kontroll

Likevel er det ikkje eit grunnlaust rykte at religiøse menneske har eit uvanleg sterkt ønskje om at deira normer også bør kontrollera andre sin livsførsel. For mange av dei som vaks opp i miljø der kortstokkar burde brennast, blei den sosiale kontrollen uuthaldeleg. Medan­ tidlegare generasjonar hadde opplevd frelse­ og fråhald som lys og luft, gispa nye ­generasjonar av luftmangel under den låge takhøgda.

Erfaringane av kollektiv naud og liding på grunn av alkohol og pengespel, ligg òg til grunn for den sekulære lovgivinga­ me framleis har i dag. Restriksjonane er ikkje først og fremst grunnlagde på norsk pietisme, men på den solidariteten­ som samla­ arbeidarrørsla og pietistane:­ Øns­ket om å ikkje la omsynslause økonomiske­ profittørar øydeleggja livet til vanlege ­arbeidsfolk.

Sett frå liberalistisk hald, verkar dette engasjementet som ei manglande anerkjenning av andre menneske sitt ansvar for eige liv. Reguleringsforkjemparane blir moralpoliti og meiningstyrannar som vil bestemma kva myndige menneske skal kunne bruka pengane sine på.

Eksplosivt

Men dei uregulerte reali­tetane er harde. Då 15.000 speleautomatar med blinkande lys og oppmuntrande lydar avløyste dei gamle kroneautomatane på 1990-talet, eksploderte speleavhengnaden blant nordmenn. Då dei blei fjerna, stupte han raskt. Men så tok internett-gamblinga over. Nå er talet på speleavhengige like høgt.

Nettgamblinga er i eksplosiv vekst. I Sverige er det reine spelefeberen blant investorar. Og mens ein del norske aksjefond ikkje kjøper slike aksjer på grunn av eigne etiske retningslinjer, har Oljefondet investert tre og ein halv milliard kroner i nett- og fysiske kasino. 290 millionar av dei er plassert i Betsson, som står bak ein fjerdedel av all ulovleg TV-reklame for pengespel i Noreg. I 2015 brukte slike selskap totalt 609 millionar kroner på ulovleg reklame.

Det er ingen grunn til å kalla gamblaren for umoralsk. Men på eitt eller anna punkt blir gambling-selskapa og eigarene si milliardforteneste på andre si ulukke så problematisk, at også dei som vanlegvis ikkje vil bruka slike kategoriar vil kalla det umoralsk.

Først publisert i Vårt Land, 12. januar 2017

(Foto: flickr.com/fitzsean)

7 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Daniel Krussand

34 innlegg  2002 kommentarer

Bra.

Publisert over 3 år siden

Veldig tankevekkende. Folk spiller seg fra gård og grunn.  Uproduktiv og unyttig virksomhet.  Legg ned Norsk Tipping også!

2 liker  
Kommentar #2

Tove S. J Magnussen

513 innlegg  2074 kommentarer

Bra innspill

Publisert over 3 år siden

Liker knappen er aktivert.

2 liker  
Kommentar #3

Bjørn David Bratlie

15 innlegg  4874 kommentarer

Rop i ørkenen. Redd for sensur?

Publisert over 3 år siden

Takker for et godt innlegg. Dette er ikke noe nytt, men ganske mange avviser å vite å noe om det.  I liberalismen navn har man helt andre "hakkekyllinger". men ikke dette. Det er bare et problem med kommentaren: Den ansvarliggjør ingen personer.  Som trådstarteren nevner: Man kan ikke uten videre klandre de spilleavhengige for deres menneskelige svakheter. Derimot er det en rekke personer med åpenbart ond og eller dårlig vilje som med overlegg utnytter sine medmenneskers svakheter. De er ikke navngitt og det er neppe lov heller, her på dette forum hvor folks motiver ikke skal trekkes i tvil.  Å påpeke hykleri medfører sensur og sletting av innlegg/kommentarer.  Er dette grunnen til at trådstarter ikke våger å navngi de ansvarlige for lovlig/ulovlig reklame/pengespill? Jeg vet ikke, men det er ikke så vanskelig å finne ut hvem det er som tjener penger på dette pluss andre tvilsomme underholdningprosjekter. Navnene på styreledere, styremedlemmer, daglig ledere og aksjeporteføljer er pr. dags dato åpen offentlig informasjon.  Media sparker lett nedover men å ansvarliggjøre folk i lederposisjoner er åpenbart blitt tabu, medmindre det det er sosialt akseptert å gjøre noe annet. Da bør de helst bo langt bort, meningene skal ikke ha noen konsekvenser og ha null påvirkningskraft. (  Eks. meninger om påtroppende USA-president Trump. )  Trådstarter kunne spart seg bryet. Hverken VL eller andre media vil forfølge dette samfunnsproblemet med ansvarliggjøring av de som            forvalter umoralen.  Gitt proposjoner på oppslag og engasjement er det viktigere for sekulære media å moralisere over micro-problemer som  en  og annen tvilsom pastor som kan benyttes til stigmatisere andres livssyn, da helst med HEF på slep eller i front.  

3 liker  
Kommentar #4

Kjetil Kringlebotten

17 innlegg  699 kommentarer

Publisert over 3 år siden
Ann Kristin van Zijp Nilsen. Gå til den siterte teksten.
290 millionar av dei er plassert i Betsson, som står bak ein fjerdedel av all ulovleg TV-reklame for pengespel i Noreg. I 2015 brukte slike selskap totalt 609 millionar kroner på ulovleg reklame.

Det er mange gode poeng her, men blir det ikkje litt misvisande å kalle dette 'ulovleg'? TV3, t.d., sender frå utlandet, det same gjeld mange andre norske kanalar. TV Norge er eigd av amerikanske Discovery Communications og TV2 av danske Egmont.

1 liker  
Kommentar #5

Ann Kristin van Zijp Nilsen

45 innlegg  12 kommentarer

Ulovleg marknadsføring

Publisert over 3 år siden

Takk for hyggjeleg tilbakemelding. Det er t.d. ikkje lov å marknadsføra alkohol i Noreg, det gjer heller ikkje utanlandske tv-selskap som står bak kanalar som er retta mot Noreg, t.d. TV3, sjølv om dei gjer det i EU. I forhandlingar med EU om tv-direktiv, har ein slått fast Noreg sin rett til eigen praksis på slike område. Her kan du lesa meir om ulovleg marknadsføring av utanlandske speleselskap i Noreg (som strekk seg langt utover tv-reklame): https://lottstift.no/nb/pengespill/ulovlig-markedsforing/

1 liker  
Kommentar #6

Ann Kristin van Zijp Nilsen

45 innlegg  12 kommentarer

Publisert over 3 år siden

Takk for tilbakemelding. Du skriv at eg «ikke våger å navngi de ansvarlige». Det handlar ikkje om mot, men å prioritera kva ein vil skriva om. Eg løftar fram ideologien og solidaritetstanken som ligg til grunn for regulering, og så får andre skriva om det dei vil. 

2 liker  
Kommentar #7

Kjetil Kringlebotten

17 innlegg  699 kommentarer

Publisert over 3 år siden

Discovery reklamerer for alkohol og TV3 har reklame retta mot born. Desse sender ikkje programma sine frå Norge. Det er i alle fall slik eg har skjønt at dei kan sende reklame som elles er ulovleg i landet.

Kommentar #8

Ann Kristin van Zijp Nilsen

45 innlegg  12 kommentarer

Publisert over 3 år siden

Eg har ikkje sett alkoholreklamen på Discovery, men eg har sett all reklamen retta mot barn og vore forbausa over at det ikkje blir stoppa. For det er altså ikkje lov å retta slik reklame mot norske forbrukarar. Men, som brevet frå Lotteritilsynet til Damli, Betsson osv. seier vidare, er det vanskeleg for norske styresmakter å handheva forbodet, «da våre virkemidler er begrenset. Dette innebærer ikke at spilltilbudet er lovlig.»

Kommentar #9

Bjørn David Bratlie

15 innlegg  4874 kommentarer

20 av på dusinet

Publisert over 3 år siden
Ann Kristin van Zijp Nilsen. Gå til den siterte teksten.
Eg løftar fram ideologien og solidaritetstanken som ligg til grunn for regulering

Innlegget ditt går det 20 av på dusinet, det rekker ikke frem til som burde lest det og det utfordrer ingen.  Den eneste funksjon det har er oppbyggelse for en "menighet" av moralister som dyrker sin egen moralske forargelse mer eller mindre blottet for handelkraft. Det glir lett inn her på Verdidebatt og får sannsynligvis redaksjonell anbefaling.  Så blir det glemt og ikke til noen glede for nåværende ofre eller fremtidige ofre for kynismen.  Her er det ikke mye solidaritet å spore, på vegne av ofrene. 

4 liker  
Kommentar #10

Kjetil Kringlebotten

17 innlegg  699 kommentarer

Publisert over 3 år siden
Ann Kristin van Zijp Nilsen. Gå til den siterte teksten.
Eg har ikkje sett alkoholreklamen på Discovery, men eg har sett all reklamen retta mot barn og vore forbausa over at det ikkje blir stoppa. For det er altså ikkje lov å retta slik reklame mot norske forbrukarar. Men, som brevet frå Lotteritilsynet til Damli, Betsson osv. seier vidare, er det vanskeleg for norske styresmakter å handheva forbodet, «da våre virkemidler er begrenset. Dette innebærer ikke at spilltilbudet er lovlig.»

Grunnen til at dei ikkje kan stoppe det er at desse ikkje sender frå Norge. Dei sender frå andre land, ofte Sverige eller Danmark. Det er ikkje ulovleg å reklamere for alkohol, gambling eller leiketøy i desse landa. Og så lenge det ikkje er ulovleg å sjå utanlandske program i Norge så er det ingenting ein kan gjere med det. Difor er det misvisande å kalle dette 'ulovleg.' Dette er også grunnen til at mange norske nettsider med innhald som er (eller var) ulovleg her i landet har innhaldet sitt på utanlandske servarar. Eg seier ikkje at dette er bra, for det er det ikkje, men vi må bruke rett terminologi her. Ein kan ikkje skuldast for å vere lovbrytar når ein ikkje har brote noko lov.

1 liker  
Kommentar #11

Kjetil Kringlebotten

17 innlegg  699 kommentarer

Publisert over 3 år siden

Dette er også grunnen til at vi kan kjøpe utanlandske blad på, t.d. Narvesen, der det ofte er reklame for øl, sprit, tobakk, etc. Men blad produserte i Norge har ikkje lov til å innehalde slik reklame. Igjen må vi vere korrekte på språkbruken.

1 liker  
Kommentar #12

Bjørn David Bratlie

15 innlegg  4874 kommentarer

Hva man kan gjøre!

Publisert over 3 år siden
Kjetil Kringlebotten. Gå til den siterte teksten.
Grunnen til at dei ikkje kan stoppe det er at desse ikkje sender frå Norge. Dei sender frå andre land, ofte Sverige eller Danmark. Det er ikkje ulovleg å reklamere for alkohol, gambling eller leiketøy i desse landa.

Hva man kan gjøre er å behandle disse kynikerne slik som Børre Knutsen, Jan Hanvold og Nina Karin Monsen m/fler er blitt behandlet i offentlighet og media. Fullt navn, bilder, moralsk fargelse, stigmatiserende ordbruk over mange år. Fokus på deres årslønner og evt. "fallskjermer" som følge av dere umoral.   Kommer det til å skje? Nei. Her er det pengemankt, mediemakt og det er man redd. Å sparke oppover er ikke landsdekkende medias mest fremtredende egenskap. Selvsagt ville det hjulpet dersom "det sekulære presteskapet" hadde hatt like mye integritet som gamle dagers bedehuspredikanter. 

2 liker  
Kommentar #13

Ann Kristin van Zijp Nilsen

45 innlegg  12 kommentarer

Kvifor er reklamen ulovleg når han blir sendt frå utlandet?

Publisert over 3 år siden

Norske styresmakter er fullstendig klar over at desse kanalane sender frå utlandet. Likevel kallar dei det  ulovleg marknadsføring. Kvifor? Jo, fordi den utanlandske verksemda rettar seg mot norske spelarar og difor bryt norsk lotteri- og pengespellov. Her er heile brevet frå Lotteritilsynet:  https://lottstift.no/wp-content/uploads/2014/10/Brev-til-spillselskap-norsk-okt14.pdf 

Takk for meg. 

1 liker  
Kommentar #14

Kjetil Kringlebotten

17 innlegg  699 kommentarer

Publisert over 3 år siden
Ann Kristin van Zijp Nilsen. Gå til den siterte teksten.
Norske styresmakter er fullstendig klar over at desse kanalane sender frå utlandet. Likevel kallar dei det  ulovleg marknadsføring. Kvifor? Jo, fordi den utanlandske verksemda rettar seg mot norske spelarar og difor bryt norsk lotteri- og pengespellov. Her er heile brevet frå Lotteritilsynet:  https://lottstift.no/wp-content/uploads/2014/10/Brev-til-spillselskap-norsk-okt14.pdf 

Ja, dei kan bruke det ordet så mykje dei vil, det blir ikkje meir sant for det. Ein kan jo vurdere å endre lovverket. Ein kan t.d. innføre reglar for at reklame sendt frå utlandet må halde seg til norsk lov. Men dette er altså eit av dei smutthola som eksisterer i dagens regelverk. Dette kan vi lese om i denne artikkelen: “Den største enkeltutfordringen for å gjøre noe hva gjelder markedsføring i dagens regelverk, er at det er lovene i avsenderlandet for tv-signalene som styrer reglene. Det gir fjernsynskanaler etablert i andre land i EØS-området adgang til å rette pengespillreklame mot norske tv-seere på en lovlig måte, sier [statssekretær Bård Folke Fredriksen i kulturdepartementet].”

Problemet er altså gjeldande regelverk. Men før det blir endra må vi slutte å bruke adjektivet ‘ulovleg’ om dette. I ein rettstat rettsforfylgjer ein ikkje folk med utgangspunkt i kva lovene kunne eller burde seie. Så nei, det er faktisk fullt lovleg å sende reklame for alkohol, tobakk, pengespel, osv. frå land der slik reklame er lovleg. Dette er sjølvsagt ikkje bra, men for å ha ein redeleg debatt må vi faktisk vere redelege i språkbruken.

Kommentar #15

Lars Randby

159 innlegg  5721 kommentarer

Snille spill

Publisert over 3 år siden

Det handler vel her om en underlig oppfatning om at noen spill er snillere enn andre eller at de har et noblere formål. Enten man ved spille metter sultne munner, griske investorer eller søte barns idrett så er og blir det noen spillere som blir ødelagt av spillingen. 

Så før man løfter moralens finger bør man stille spørsmålet om en selv drar nytte av at andre går til grunne og i så fall hvorfor godtar man dette. 

1 liker  
Kommentar #16

Sigmund Voll Ådnøy

138 innlegg  1622 kommentarer

To feil her

Publisert over 3 år siden

Du lister opp Hanvold sammen med de andre her. 1) Fullt navn er Jan Kaare Hanvold. Dette er ikke blitt brukt i media. Ikke at det er så viktig, men du bør ikke være så bastant når du ikke har mer oversikt over fakta. Rett skal være rett. 2) Medieomtale om teokrat og selvutnevnt apostel (etc.) J.K. Hanvold er ikke å sparke nedover. Og han er slett ikke uten penge- og mediemakt ...  Meeen du har helt rett i at mer av flere eliter i Norge burde bli gransket og omtalt av pressen.

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 1 måned siden / 3285 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
10 dager siden / 1215 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 1057 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
16 dager siden / 876 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
8 dager siden / 803 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
8 dager siden / 617 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
20 dager siden / 558 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
3 måneder siden / 499 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere