Kjartan Ruset

11    13

Yrkeskvinna - eit bibelsk ideal

Den bibelske yrkeskvinna har sjølvsagt plassert barna i barnehagen, det vil seie hos tenarskapet.

Publisert for 4 måneder siden / 381 visninger.

I ein interessant artikkel (Ruth-Wenche Hebnes Vinje i VL 10.januar) vert Katharina von Bora, Luthers ektemake, framstilt som yrkeskvinne.  Visseleg var ho det, og artikkelforfattaren kunne  ha vist til Ordt. 31, ein tre tusen år gamal tekst der yrkeskvinna vert framstilt som sjølve idealet. 

Både Luther og alle mannlege bibel-lesarar og – tolkarar har sjølvsagt kjent denne teksten, men dei har tydelegvis ikkje teke inn over seg at dette faktisk er det mest fullstendige kvinne-ideal som Bibelen teiknar for oss.

 

            Det handlar om «Den gode kona». Kven er ho? Høyr:

 

  • «Ho skaffar seg ull og lin, hendene arbeider med liv og lyst» Ho driv med husflid ! 

  • «Før det lysnar av dag, er ho oppe, - set tenestjentene i arbeid» Ho er  arbeidsleiar !

  • «Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det  - » Ho er  investor !

  • «Ho lagar linklede som ho sél, og sender belte til kjøpmannen» Ho driv forretning !

  • « - for det ho har tent, plantar ho ei vinmark» Ho driv jordbruk !

  • Og: «Ho merkar at forretningane går godt» !

 

Dette er naturlegvis eit idealbilde, av ei kvinne som høyrer til det høgare sosiale lag, i ein agrar-urban kultur. Ho og ektemannen er eigarar av hus og produksjonsmidlar , har inntekt av varer som dei produserer og sél, og driv  jordbruk attåt, med ein truleg talrik tenarstab. Mann og kone har fordelt arbeidet. Kvinna  styrer bedrifta. Ektemannen «er akta i byporten, der han sit med dei eldste i landet». Sidan kona tek seg av den daglege drift av eigedom, produksjon (ein må tru at tenarskapet også deltok der)  og sal, kan mannen vere med å styre landet.

 

I skildringa av «den gode kona» høyrer ein ingenting om borna. I denne travle kvinna sin kvardag, har ho sjølvsagt plassert dei i barnehagen, dvs hos tenarskapet. Det kan endåtil hende at ho hadde ammer til å ta seg av borna medan dei var små.

 

Jau, til slutt kjem dei inn: «Borna stig fram og prisar henne lukkeleg, mannen gjev henne ros: «Mange kvinner har vist at dei er dugande, men du overgår dei alle».

 

Til overmål: denne yrkeskvinna teier ikkje i forsamlinga! «Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga». I Ordt 6 er kvinna likestilt med mannen i opplæring og undervisning av borna: «Son min, hald fast på bodet som far din gav deg, forkast ikkje rettleiing frå mor di. - - - For bodet er ei lykt, og rettleiinga eit ljos». Luther hoppa glatt over dette, og sette husfaren inn som det åndelege overhovud i heimen. I praksis vart det likevel ofte mor som var den åndelege leiar, slik lesarsongen så vakkert uttrykkjer det: «Inga bok er meg så kjær/ som mi moders Bibel er».

 

Ordt. 31 er ein av dei mest under-kommuniserte tekster i vår Bibel. Kan det vere fordi det gjennom hundradåra var mennene som hadde monopol på å tolke Bibelen? Teksten har kvinneleg opphav, jmfr kapittelets overskrift: «Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han».  Det er  ho som talar: «Min son, du son som eg bar, min lovnads-son - - osb» Ho har tydelege råd til sonen, kongen. Han skal vise måtehald både når det gjeld kvinner og rusdrikk. Retts- og velferds-samfunnet er hennar program: «Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala/ før saka for dei som held på å bukka under./Lat opp din munn og døm retfferdig,/lat hjelpelause og fattige få sin rett!» Idéhistorisk går det ei line frå denne kvinneteksten til Marias, Jesu mors, lovsong: «Han støytte stormenn ned frå trona/ og lyfte opp dei låge./ Han metta dei svoltne med gode gåver,/men sende dei rike tomhendte frå seg». Det er vel ikkje urimeleg å tru at Maria hadde det åndelege leiarskap i Jesu barndomsheim, og at dette har influert hans syn på kvinner (Jesus var sant menneske, difor må vi  rekne med menneskeleg påverknad også i hans tilfelle).

 

Vi finn imidlertid  lite og ingenting att av kvinne idealet frå Ordt 31 i Det nye testamentet.

 

Det vi utan tvil kan slå fast, er at Jesus møtte kvinner og inkluderte dei i disippelfellesskapet på ein måte som var uhøyrt i samtida. Jesu haldning til kvinner har sikkert inspirert Paulus, som tydeleg sa ifrå om at «her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann eller kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus». Gal 3,28. Det er oppsiktsvekkjande når Paulus i 1.Kor 7, der han likestiller kvinne og mann i ekteskapet eitt hundre prosent, med henvising til eit ord av Jesus innrømmer kvinna rett til separasjon frå ektemannen, når han ikkje er ein truande.

 

Jau, vi finn yrkeskvinna att i Det nye testamentet, i Ap.gj 16: manufakturhandlaren Lydia i Filippi, som vart døypt med heile sitt hus av Paulus, og som tydelegvis vart leiar i den hus-forsamlinga som heldt til hos henne.

 

Vi må kunne seie at teksten i Ordt 31 er langt føre si tid, når han teiknar yrkeskvinna som eit ideal. Eller skal ein heller seie at  det er eit patriarkalsk leiarskap som gjennom århundra ikkje har late dette idealet få sin rettkomne plass i den kristne forsamling ?

 

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Tove S. J Magnussen

471 innlegg  1832 kommentarer

Tro og tillit

Publisert 3 måneder siden

Det er nok rett det du skriver. For å ta inn over seg de elementene må man kanskje finne tilbake til barnetroen. Det er mange seiglivede myter i samfunnet. Det patriarkalske, som fortsatt eksisterer i mange land, bl. a Russland, Kina, mange deler av Trump sitt USA og Marokko, for å nevne noen. Aftenposten skriver om en engelsk kirurg, som en ensom "helt". Når det går galt, føler han seg skyldig. 

Jeg har vært i helsevesenet nok til å vite at ingen kirurger, de siste 30 årene, har vært alene om operasjonen. Hver enkelt helseperson har sin kompetanse og oppgave i den sammenhengen (operasjonsteamet) og må stå til ansvar for det som skjer. Læring og kompetanse er fokus i pasientens helsevesen.

Den holdningen om solospill gjelder også i familielivet eller andre arenaer. Ingen blir gode alene. Noen må være bakkemannskap hvis andre skal styre verden. Nedlatende beskrivelser har vi hatt nok av i et forsøk på å løfte noen spesielle frem.     

Det kommer nye krevende grupper inn i eldresektoren. De vil jobbe til de er 80 og er vant til å få de jobbene de vil  ha (f. eks 68 -generasjonen).

Bibelen er mye mer enn det folk liker å vite om hvis de studerer den nøye. Så lenge ikke Gud styrer verden lenger kan det gå skikkelig på tverke etter hvert.

Karl I H tror ikke på klimaendringene. Bergen står i vann til knærne. I Istanbul er flere døde på grunn av snøfall. Selvgodhet kan tære en innenfra. Snart har man surret bort alle pengene på forbrukslån. 

Hvor er nisseluene?   

1 liker  
Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Marius Timmann Mjaaland kommenterte på
Når professorer tåkelegger
rundt 2 timer siden / 345 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
"Den muslimske fare"?
rundt 3 timer siden / 652 visninger
Marius Timmann Mjaaland kommenterte på
Obskure kameraer og sviktende bevis
rundt 3 timer siden / 156 visninger
Øyvind A. Jørgensen kommenterte på
Djevelen er global
rundt 3 timer siden / 313 visninger
Ben Økland kommenterte på
"Den muslimske fare"?
rundt 3 timer siden / 652 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Hva er det med FN?
rundt 3 timer siden / 124 visninger
Ragnhild Kimo kommenterte på
Nådens anstøt
rundt 4 timer siden / 4061 visninger
Torbjørn Greipsland kommenterte på
Obskure kameraer og sviktende bevis
rundt 4 timer siden / 156 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Nådens anstøt
rundt 4 timer siden / 4061 visninger
Torbjørn Greipsland kommenterte på
Obskure kameraer og sviktende bevis
rundt 4 timer siden / 156 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Om snik-islamiseringen av den kristne verden, før og nå.
rundt 4 timer siden / 656 visninger
Roald Øye kommenterte på
Om snik-islamiseringen av den kristne verden, før og nå.
rundt 4 timer siden / 656 visninger
Les flere