Verdidebatt

Kampen om egga

Etterpåklokskap er den einaste form for klokskap, sa Inge Lønning. Liberalistar som slåss for eggdonasjon, høyrer ikkje på det øyra.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Aps programkomité og kvinner i Høgre og Frp går inn for eggdonasjon. Eitt av argumenta er at sidan sæddonasjon er lov, må eggdonasjon også bli lov.

Kari Kjønaas Kjos (Frp) seier til Aftenposten at det er «underlig» at helsevesenet må seie nei når kvinner ikkje er fruktbare, medan svaret er ja når menn slit. Kanskje er det meir underleg at samfunnet i mange tiår tilbaud sæddonasjon utan at barna hadde­ sjanse til å vite kven opphavet var.

Studentar. Det kan vere greit å minne om korleis sæddonasjonen starta i midten av førre århundre: Legar skaffa sæd frå medisinstudentar med garanti om at barna eller foreldra aldri skulle få vite kven dei var. Diskusjonane var harde og langvarige før anonymiteten blei oppheva. Sidan 2005 har sæddonorane måtta bu seg på at barna ved fylte 18 år oppsøkjer dei genetiske røtene sine.

Ein av legane som tilbaud anonym sæddonasjon, var gynekolog Øystein Magnus – i mange år ved Rikshospitalet: «Det var en slags løgn og bedrag vi drev med, men med gode intensjoner», sa han til Aftenposten for vel to år sidan.

I dag frårår han folk å bruke sæddonasjon – anonymt eller ikkje: «I FNs barnekonvensjon står det at barn skal ha rett til å kjenne sitt biologiske opphav og om mulig leve opp sammen med dem. Og vi gjør jo det umulig ved å tilby disse moderne metodene. Og det synes jeg er et tankekors».

Ryggen til. Men liberale ­polikarar snur ryggen til erfaringane hans. I staden for å ta denne fundamentale debatten, prøver dei jamvel å likestille noko som ikkje er likt. Ein berebjelke har vore at den kvinna som ­føder eit barn, er barnets genetiske mor. Den bjelken skal no knekkast.

Eitt av argumenta mot egg­donasjon, er at det er skilnad på å levere sæd og å gjennomgå eit medisinsk inngrep for å ta ut egg. Skilnaden er klar nok, men er kanskje underordna i den store debatten. Helene Skjeggestad i Aftenposten skriv at menn burde­ bli sinte fordi kjønnscellene deira blir framstelte mindreverdige­. Kanskje mannfolk i staden burde­ vere sinte på menn som har spreidd kjønnscellene sine altfor lettvint.

At barnlause ønskjer barn er fullt forståeleg. At fleire slit med å få det til, har mange årsaker – mellom anna sjukdom. Ei av årsakene er at mange set barnefødsel på vent – til det biologisk er for seint. Over 10 prosent av dei førstegongsfødande er over 35 år. Kvifor ikkje bruke etterpåklokskapen, som Inge Lønning ein gong sa er den einaste kunnskapen vi har, til å setje denne utviklinga under debatt? Tillet vi eggdonasjon, vil vel alderen på dei fødande i staden auke endå meir.

Fleirtalet i Bioteknologirådet tilrådde i 2015 å opne døra for eggdonasjon for kvinner opp til 45 år. Dei vil tillate kvinner å d­onere egg dei sjølve har fått teke ut, men ikkje fått bruk for i forsøk på å få barn med assistert befruktning.

Rådsfleirtalet la også til grunn at barnet etter 18 år skal ha rett til å kjenne det biologiske opphavet sitt, slik barn etter sæddonasjon altså har hatt sidan 2005.

Opna dør. Døropninga som Kristin Halvorsen frontar på vegne av fleirtalet i Bioteknologi­rådet, er blitt eit godt kort for ­liberalistane i ulike parti i presset for å opne døra langt vidare enn den gamle SV-leiaren vil.

Eit av spørsmåla Halvorsen i helga sende tilbake til dei som pressar på for å tillate eggdonasjon, er dette: Kva kvinner skal mobiliserast for å donere egg til barnlause?

For å setje dette på spissen: Skal helsevesenet gå tilbake til medisinstudentar, slik sæddonasjonen starta? Eller er kampanjen basert på at staten skal betale for dyre utanlandsreiser?

Mindretalet i Bioteknologi­rådet åtvara mot «ytterligere teknologisering og tingliggjøring av reproduksjonen». Skeptikarane fryktar at neste steg er krav om å donere embryo – altså­ spirande liv og at steg tre er surrogati. Slik treng det ikkje gå, men det er verdt alt no å tenkje gjennom kva som kan bli neste stridsspørsmål.

Aftenposten skreiv sist veke om ein russisk klinikk som ­garanterer barn eller pengane tilbake. Reproduksjonsindustrien­ er handel. Kampen om egga 
er dyrare enn kampen om ­
sæden. Også det viser ein viktig skilnad.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 10.1.2017

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt