Kjartan Hatløy

6    1

Reklamen

Få vekk denne mobbinga av menneskets medvit.

Publisert: 9. jan 2017 / 110 visninger.

Pengeeliten er sterk no ei tid. Mammon dyrkarane midt iblant oss får reklame til å verke som noko greitt, noko som berre er slik, som at vi pustar. Slik er det ikkje, reklamen er rike slekters påfunn, noko i høgste grad unaturleg og som ikkje tener andre enn dei sjølve i deira oppsamling av pengar. Den tener dei rike men den skadar oss. Den skadar folket. Gjerne mest born og unge som er uvitande om kor enormt mykje den har auka, som er vaksne opp med dette særs høge og sløvheits fremjande trykket sendt mot dei av ei i tal, ganske lita gruppe.

Vi menneske er ånds vesen, men reklamen seier kjøp ting  X. Vi er ånds vesen, men reklamen seier bruk Y. Kva er menneskesynet hos rikmannsklassen? Det er dei som kvar dag skyt reklamen mot oss, dei hadde politikarar i lomma som gav dei høve til det. For dei er vi ikkje ånds vesen, men ein grå masse som dei ser som eit høve å auke sine konti litt meir.

Gud inni oss 

Ånds vesen. Eit lite nytta ord. Guds vesen. Somme religiøse nyttar det. Vi har ei prinsesse som visst gjer det, gud inni oss. Reklamen skyt på eit vis mot gud den då. Men dei religiøse seier lite mot skyttarane.

 Eg kallar her medvitet ånd, for å sleppe finne opp eit nytt ord. Den ånda skal døy, men inntil vidare er kvar ånd kvar av oss, ei enormt sjeldan kosmisk hending. Så sjeldan at ein må vurdere nøye om kan hende eit menneske er viktigare enn ei sol. Kvar av oss er ein mental ”stad”. Verda, livet, medmenneske, presenterer seg der, på ein måte som er unik for kvar  enkelt av oss. Difor er etter mitt syn kvart menneske heilagt i utgangspunktet og noko reint. 

Og det er mildt sagt opprørande at rike kapitaleigande slekter skal få lov å drive på med å spreie reklamens gift ti år på ti år inn i vårt folk. Opprørande at dei får halde på med å dra oss ned på så lågt nivå som reklamen vil ha oss. Dei har det synet desse fåtalige, at vi er berre ”massen som skal kjøpe endå meir ting”. 

Ofte er det jo og særs skadelege ting, for oss personleg, for miljøtilstanden på Tellus. Men for dei rike lønner dette seg og då så. Situasjonen ikring oss, miljøtilstanden i vår tid, tilseier vi bør ende bør avslutte mesteparten av reklamen. Kjøpinga av ofte unyttige ting  og at det vert gjort i så stort omfang, står i vegen for å bygge ned fossilbrenninga i tide og om mogleg stogge oppvarminga. Fordi så stort tal av tinga er plast er oljebasert.

Effektivt

Reklamen er eit effektivt instrument rikmannsklassen tok i bruk for å berike seg, men dei kan og verte tvinga til å slutte å bruke det. Det hadde vore noko herleg å kunne sende reklamen tilbake til dei rike og mektige sjølv. Reklamefilm burde dekka kvar einaste vegg i villaene og småslotta deira, det hadde vore ein fest å tenkje på. Reklamen er ikkje som veret, ikkje noko naturen dikterer oss. Så vi som seier vi står til venstre må byrja ein strid også på den fronten: Reklame frie rom må etablerast. Heimane våre må verte betre heimar, dei må vernast mot griske hender.

 Vi på venstresida må ikkje gå og seie ”det er umogeleg å fjerne reklamen”. Seie det at reklamen har vore her 120 år, den er umogeleg å fjerne. 120 år er ubetydeleg tid i vår politiske historie. Vi som har både hjerne og hjerte må no ta oss saman og sette i gang eit par tiltak. Det vil vere umogeleg under rådande tilhøve å fjerne al l reklamen. Vi må konsentrere om å få heimane reklame frie. Og vi må få fjerna det verste av alt: all reklamen direkte på menneskekroppen.

Svekker kvaliteten

Nett korleis reklamen skadar er vel tydeleg. Den svekkjer kvaliteten på vår levetid og den er som vi veit stutt for oss sapiens. Reklamen bryt freden. Der det skulle vore fred, god tid til optimal oppfostring av born, tid til kjærleiken som ein no haussar meir enn noko tid før oss, og som for mest alle er av det viktigaste i menneskelivet, det vere seg som eros eller agape; nett der bryt reklamen fram også på Facebook- fenomenet og formørkar timane og tida vår. Med sin permanente og omsynslause melding: Kjøp X kjøpY kjøp meir. 

Ikkje minst i desse turbulente åra tek slikt vekk tid alle borgarar burde nytte også til lesing, avis, politikk. Og ikkje minst alle arbeidarklassefolk burde no fylgje godt med, om ikkje dei atter skal bli fullstendig marginalisert,skubba heilt vekk som politisk kraft, noko borgarskapet godt kunne tenkt seg. 

Reklamen bidreg til vidare sløving. Reklame innan  by rommet, dvs den fælslege visuelle forsøplinga av det ”nemner eg ikkje” å få vekk slikt, det vert for vanskeleg no. Men venstresida bør ta opp strid mot desse to reklametypane eg nemnde, krevje slutt på reklame tv utan omsyn til konsekvens for kanaleigar,dei serverer for det meste søppel likevel. Eller prøve fremje teknologi som kan stengje ute reklame frå det enkelte apparat. 

Vi må endå oppatt, krevje reklame frie heimar og få slutt på all reklamen på atletar. Den sistnemnde opprører mest. Og den seier mest om dei  rike slektene, kjede eigaranes og fabrikk eigaranes menneskesyn, dei brukar unge menneske som instrument, som levande skilt.

Kan vinnast

 Kampen mot reklamen kan vinnast. Og det er berre venstresida som kan oppnå noko som helst her. Det første vert å fjerne trua i oss om at kapitalistklassen er sterke som gudar. Tek vi ikkje opp dette og let dei i staden halde på, så skadar det også vår eiga sjølvrespekt i lengda. 

For reklamen er ingen bagatell. Den set oss ned. Han seier eigenleg: ”du er låg du skal berre kjøpe meir og meir, det er ditt liv” Martin Heidegger  skreiv ma i Vere og Tid om eigentlegheit, at ektheit og sannheit var å trakte  etter i livet, leve og studere, tenkje også tenkje på den eigne døden, nettopp for betre å leve. Reklamen bidreg motsett veg. 

Egyptologen Jan Assmann skriv ein stad om menneskehistoria at vi må få til det at den blir ei suksess forteljing. Vi som står til venstre må prøve nå fram til det. Kvar av oss har ansvar for det. Assmann skriv at det verkeleg oss verdige sivilisatoriske prosjektet, er å prøve å temje mennesket til å bli medmenneske. I det bildet er dei rikes viktigaste instrument for å gjere seg endå rikare, reklamen, ein fiende å rekne med.

 

 

 

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Sølve Nicolay Thobro Lauvås

0 innlegg  157 kommentarer

Reklame forutsetter vilje til manipulering, og vilje til å la seg manipulere

Publisert 10 måneder siden
Kjartan Hatløy. Gå til den siterte teksten.
Reklamen er eit effektivt instrument rikmannsklassen tok i bruk for å berike seg, men dei kan og verte tvinga til å slutte å bruke det.

Reklame er bare én del av den psykologiske manipuleringen som foregår hver eneste dag i samfunnet, på alle nivåer og i  alle samfunnslag. Reklamebransjen vet å utnytte dette, hvordan det gjøres er godt beskrevet i boken «Propaganda»(1928) av Edward Bernays.


Men noen står imot manipuleringen, og noen nekter å la seg bruke som manipuleringsverktøy. Vi kan starte med å gi dem anerkjennelsen de fortjener!

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Egil Andre Gjerde kommenterte på
Å være trans er ingen ideologi
4 minutter siden / 193 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Å tåle kritikk fra Therese Utgård
rundt 1 time siden / 679 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Å tåle kritikk fra Therese Utgård
rundt 1 time siden / 679 visninger
Egil Andre Gjerde kommenterte på
8 av 10 foreldre er IKKE fornøyd med barnevernet!
rundt 1 time siden / 282 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Livssynsnøytral ­er ikke verdinøytral
rundt 1 time siden / 2047 visninger
Kari Corneliussen kommenterte på
Innlegg i debatten om Smiths venner .
rundt 2 timer siden / 374 visninger
Bernt Evensen kommenterte på
Kritikk er ikke vondt blod
rundt 2 timer siden / 1945 visninger
Johan Velten kommenterte på
Kritikk er ikke vondt blod
rundt 2 timer siden / 1945 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Les flere