Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Verdikamp med slagsider

Forslaget om ein norsk kulturkanon følgjer oppmodinga om å vere stolt av det norske. Det konservative partiet Høgre risikerer å bli bondefanga av nasjonalisme.

Publisert: 9. jan 2017 / 1932 visninger.

Det er ikkje lett å vere konservativ om dagen.­ No tenker eg ikkje berre­ på Twitter-­brukarnamnet til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (@konservativ), men på heile partiet Høgre og deira kamp for framleis regjeringsmakt.

Problemet for Høgre er at gode, konservative julehelsingar og forslag blir oppfatta som nasjonalistiske i ein del av folket. Vi såg det nyleg då kulturminister Linda Hofstad Helleland ønskte oss god jul og bad oss vere stolte
av det norske. Hennar eigen kulturkanon inkluderte både brunost, kvikklunsj og Ole Einar Bjørndalen, men ministeren fekk likevel tyn for å teikne eit lite inklu­-
derande bilete av det norske.

Dei seinaste dagane er det den nemnte @konservativ – kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen – som har vore i vinden med kanoniseringsforslag. Røe Isaksen ramsa ikkje opp punkt på ei liste, men baud fram ideen om den definitive topp ti-lista – ein norsk kulturkanon, i statleg regi.

Har møtt kritikk

Trass i at det norske folket elskar denne typen lister, i ein slik grad at Aftenpostens kulturmelderi «supplerer» seg i same retning, at NRK nyleg kåra Noregs beste dikt gjennom tidene og at Morgenbladet overgår oss alle i viljen til listeføringar på kulturfeltet, var det ikkje berre skryt å høyre for ideologen i Høgres programkomité. Aftenposten, som først omtalte Røe Isaksens forslag om å etablere ein norsk kulturkanon, kunne straks hente fram eit koppel av kritikarar, frå forfattarar til poli­tikarar. To dagar etter det første oppslaget kunne avisa melde: «De fleste kulturpolitikerne på Stortinget vender tommelen ned for forslaget om en nasjonal kulturkanon.» Til Dagsavisen seier­ Jan Kjærstad at forslaget har «en ubehagelig nasjonalistisk bismak», og peiker på at det kjem i ei pressa tid, der vi har begynt å snakke om nasjonen igjen på ein «politisk betenkeleg måte».

Eg er på mange måtar samd med Kjærstad, og tenker samtidig at vi her er ved kjernen av problemet: Alt snakk om kulturarv blir fort tillagt visse politiske haldningar. Den norske kulturarven er i dag blitt ein arena for politisk dragkamp, der aktørane blir pressa ut i posisjonar som «inkluderande» og «ekskluderande». Dette vil også vanskeleggjere arbeidet med ein eventuell norsk kulturkanon i så stor grad at det i praksis vil bli umogleg å komme i hamn med prosjektet. For kva skal ein norsk kultur­kanon vere uttrykk for – ein oversikt over kunstverka som forma oss som kultur, eit uttrykk for kva den norske kulturen er i dag, eller ein peikar til korleis vi skal tolke norsk kultur i vår nære framtid?

Kanon som våpen

Allereie med defineringa av prosjektet byrjar verdikampen. Og kanskje er denne verdt å ta. Men bør verkeleg den norske kultur­arven formidlast i konsentrert form gjennom ei liste utarbeidd under ei borgarleg regjering? Sett at det blir regjeringsskifte til hausten; skal det lagast ein ny kulturkanon då? Eller endå verre: Skal kulturkanonen bli eit våpen i valkampen?

Det er ingen tvil om at Noreg har ein kulturarv, slik vi også har ein kristen og humanistisk arv. Ofte kan ein sjå parallellar mellom desse, slik til dømes Nina Witoszek i Aftenposten trekkjer fram gründaren og lekpredikanten Hans Nielsen Hauge. Likevel blir det vanskeleg å seie at den norske kulturarven er identisk med ein kristen og humanistisk arv, slik ein då måtte stenge ute både norrøn og samisk kultur, og tone ned ei lang rekke med moderne og postmoderne kunstuttrykk.

Samansett

Den norske kul­tur­arven er så samansett at han truleg er umogleg å fange i ein kanon, som faktisk risikerer å bli det motsette av mangfald. Ikkje minst er det problematisk å ­avgjere kva som er den «norske» kulturen, og kva som er verdskultur vi har importert utanfrå. Kampen om norsk kulturarv er ein verdikamp med mange slagsider.

Det betyr ikkje at vi skal la vere å skilje mellom godt og mindre godt, viktig og uviktig. Kvar ­einaste dag tek eg sjølv del i denne­ prosessen, ikkje minst gjennom arbeidet mitt som kulturredaktør i Vårt Land. Det må vere lov til å meine at enkelt­e kunst- og kulturuttrykk har større verdi enn andre, både i samtida og i verdshistoria. Viss ikkje, ville vi ha gjort knefall for den totale relativisme.

Kanoniseringsprosessar er ­ingen spøk, berre spør Judit, Tobit eller ein haug av norske samtidsforfattarar som ikkje blei blant dei ti beste under 35. Men om staten sjølv har labben på listene, er det grunn til å vere på vakt. Ikkje berre fordi det alltid blir ein smule tøysete å rangere kunstuttrykk på lister. Men den norske kulturarven kan ikkje bli offer for eit bestemt regjeringsprosjekt.

3 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Egil Andre Gjerde kommenterte på
Å være trans er ingen ideologi
10 minutter siden / 197 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Å tåle kritikk fra Therese Utgård
rundt 1 time siden / 693 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Å tåle kritikk fra Therese Utgård
rundt 1 time siden / 693 visninger
Egil Andre Gjerde kommenterte på
8 av 10 foreldre er IKKE fornøyd med barnevernet!
rundt 1 time siden / 286 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Livssynsnøytral ­er ikke verdinøytral
rundt 1 time siden / 2048 visninger
Kari Corneliussen kommenterte på
Innlegg i debatten om Smiths venner .
rundt 2 timer siden / 378 visninger
Bernt Evensen kommenterte på
Kritikk er ikke vondt blod
rundt 2 timer siden / 1948 visninger
Johan Velten kommenterte på
Kritikk er ikke vondt blod
rundt 2 timer siden / 1948 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 3 timer siden / 3622 visninger
Les flere