Sigmund Voll Ådnøy

137    1423

Dialog eller stillingskrig, verdidebattantar?

Du ser på meg, og eg ser på deg. Ein bør ikkje tru alle vil ein vel, men heller ikkje bli for mistenksam ...

Publisert for 8 dager siden / 163 visninger.

 

Teknikkar for å herske (eller for å herse, som 'n Henry sa?)?

Eg pleier ikkje å skrive mykje om hersketeknikkar. I alle fall ikkje på den måten at eg gir retoriske grep og teknikkar namnet hersketeknikk. Uansett vil eg her og no seie, litt seriøst og litt spøkete:

Eg er ikkje blåst sjølv om eg er blond.

Eg liker ikkje at folk er tause når dei bør tale. Når vi møter kvarandre på ein arena der det faktisk er meininga å snakke (skrive) saman.

Eg ber folk som skriv om kritikkverdige forhold, om å ikkje sløre til, men av. Du kan sjølv tene på det. Kanskje nokon treng dét som motivasjonsfaktor:

Jo meir du held munn når du får konkrete spørsmål (om til dømes det/dei du mest kjenner trong til å verne for einkvar pris), di meir kan det verke som du har svære svin på skogen. Eller hjelper folk som misbruker makt, mammon eller tillit. Og det var vel ikkje dét eg eller andre kritikarfysakar ymta om in the first place?

La oss ikkje gjera ting verre enn dei er eller ta ting for personleg. La oss likevel snakke saman som personar - som menneske - og ikkje som robotar eller sjakkbrikkar på either the good side or the bad side (med kvar sitt sleipe språksverd og med ti endå sleipare orke-gorkar bak seg dersom ein svarer på spørsmål, for at ein skal komme i klørne på HumanixEtixiys Maximus, Den Grusomme).

Seier du hei til meg, pleier eg å seie hei tilbake. Stiller nokon meg eit spørsmål, pleier eg å svare på det. Eg blir av og til litt skuffa når eg ser at vi menneske - forutinntatte som vi kan vera - kan vike unna slike eller liknande "hovudreglar".

Vi er her menneske med fullt namn som treff kvarandre på relativt likt premiss i eit debattforum. Difor bør ein ikkje møte sin neste som var ho/han ein anonym, trollande, trugande konspiratør som vil gjera livet surt for ein. Vi er menneske med kvarandre. Vi er medmenneske ...

... same kor mykje (du synst) eg (eller eg synst du) har vore stygg i kjeften.

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Siste innlegg

EVANGELIENE SOM PUSLESPILL
av
Tormod Tobiassen
rundt 2 timer siden / 45 visninger
0 kommentarer
Flere elskerinner
av
Georg Bye-Pedersen
rundt 3 timer siden / 61 visninger
0 kommentarer
Likestilte kjønnsceller?
av
Vårt Land
rundt 10 timer siden / 150 visninger
1 kommentarer
Baklengsintegrering
av
Vårt Land
rundt 11 timer siden / 1267 visninger
18 kommentarer
Skjerpede verdikamper
av
Vårt Land
rundt 11 timer siden / 163 visninger
0 kommentarer
Herskarmoralen
av
Kjartan Hatløy
rundt 12 timer siden / 517 visninger
0 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Arvid Samuelsen kommenterte på
DET KOMMER TIL Å BLI VERRE
rundt 3 timer siden / 535 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Er jødedommen monistisk og kristendommen dualistisk?
rundt 3 timer siden / 293 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 3 timer siden / 1267 visninger
Tore Olsen kommenterte på
DET KOMMER TIL Å BLI VERRE
rundt 4 timer siden / 535 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 4 timer siden / 1267 visninger
Olav Nisi kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 5 timer siden / 1267 visninger
Sverre Avnskog kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 5 timer siden / 1267 visninger
Magnus Husøy kommenterte på
Er jødedommen monistisk og kristendommen dualistisk?
rundt 5 timer siden / 293 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 5 timer siden / 1267 visninger
Sverre Avnskog kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 5 timer siden / 1267 visninger
Sverre Avnskog kommenterte på
Baklengsintegrering
rundt 5 timer siden / 1267 visninger
Les flere