Sigmund Voll Ådnøy

Skrivar og språkvaskar
118    1462

Glory, Bayo, Jan United

25. oktober kom NRK Brennpunkts dokumentar Pengepredikanten. Denne tok for seg investeringane til Jan Hanvold, sjef for TV Visjon Norge. Denne fjernsynskanalen er etter kvart ganske kjent – for å preike «velsigning mot betaling».

Publisert for 3 måneder siden / 431 visninger.

Programmet Studio Direkte går i beste sendetid kvar kveld. Her satsar Visjon Norge tungt, med to eigne kollektpredikantar. Bayo Oniwinde blei i fjor kjent for «velsigning mot betaling». Finske Glory Backman er meir ukjent, men er ho mindre ivrig med innsamling? Torsdag 21. november 2013, under aksjonen «Verdt å støtte», påstår Backman at ein viss sjåar må gi 20 000: Ei kvinne som sit og strikkar. Seinare i sendinga blir dette repetert, etter at ein strikkande sjåar har ringt inn. 

Inger Hanvold spør kva det var denne kvinna skulle gjera. Gi 20 000 til TV-stasjonen, forklarer Backman. Geir Apold spør henne om ho «kan be særskilt for» innringaren. –Sjølvsagt! lyder svaret. Og:  

You lady. Give to this station twenty thousand crowns. Backman ramsar opp helseproblem ho «ser» at innringar har. –But the Lord's gonna heal you right now. I proclaim healing to you.  

–Ære til Gud, seier Backman. Og befaler kvinna å ringe tilbake og seie: «Her er eg; 20 000 vil eg gi!»

Foto: Skjermdump. Kommentar posta i oktober 2015 av dottera til ein VN-givar. (Gjengitt anonymt med godkjenning.)

 

Er Visjon Norge berre opptatt av pengar? Nei då. Samfunnsengasjement og Midt-Austen-synspunkt er òg til stades. For eksempel held Jan Hanvold, i august 2014, ein appell om media. I denne forkynner han at NRK og TV2 serverer «muslimsk propaganda» og «løgn ifra helvete». 

Få dagar etter, 14. august 2014, er Glory Backman tilbake. Ho hevdar at nokon «should give 200 000 crowns». Ho «har ikkje høyrt noko frå deg»; «ring nummeret på skjermen!»

Arne Pedersen og Inger Hanvold sa dette 17. september 2015: –De som gir 3000 eller mer, de får? De får dette her herlige … DVD-en med Maldonado-møtene, vet du, fra Norge. Nokre veker etter vil bøneleiar Svein Lindsett vise at det funkar å «så». 13. oktober same året fortel han at ein person fekk høgare løn – kort tid etter å ha gitt Visjon Norge eit «såkorn» på 1000 kroner.

 

Ein gong i tida var eg sjølv Visjon Norge-givar. Eg var i ein sårbar fase, og prøvde å følge pussige prinsipp for tanke, tale og pengebruk.

I sosiale medium har eg møtt fleire som erfarer at kanalen er farleg – for familielivet, økonomi og mental helse. Eg har òg fått kontakt med folk som møtte Jan Hanvold ein del på 1980-talet. Noko av erfaringa er blitt delt offentleg.

Ein mann eg kjenner, fortalte i desember 2015: –Naboen min (...) har på kort tid bidratt med sekssifrede beløp (vel over 100.000).

Det gjekk heldigvis godt med denne naboen. For to månader sidan fekk ho seg ein brå vekkjar. Ho støttar ikkje Visjon Norge meir.

Fleire har gjort det same: snudd, og slutta å gi. For eksempel trekte tre faste givarar seg i august 2014. To kvinner, den eine av dei med kraftig angst, fortalte om det på Facebook. Og då har eg nemnt berre dei eg sjølv kjem på. Her er «mørketal» …

I fjor som i forfjor: Visjon Norge avviser at dei lover velsigning mot betaling. I Dagsnytt Atten 26. oktober sa Jan Hanvold: Vi ber uten å ta betalt for noe som helst.

Seksten dagar før erklærte Bayo Oniwinde at dei som vil «send in this seed of 2500 kroner, each month till the end of this year – or a one-time seed of 7000 kroner – we are going to be praying this blessing of the Lord on you Oniwinde, ein mangeårig ven av Hanvold, kjem svært ofte. 20. januar 2015 hadde han sitt tredje besøk på kort tid, og kommanderte:

Så send inn dette såkornet. Og hvis Herren leder deg til å så et helt spesielt såkorn, så gi det. (…) noen som Herren jobber med. Og du tenker på å sende inn 100 000 kr. Du har hatt denne tanken før i dag (…), og du var ikkje helt sikker på hva du skal gjøre. Det er Den Hellige Ånd – det er Den Hellige Ånd.

Oniwinde runda av appellen: Send in that seed! And we're gonna pray for you when you do. «Seed» er altså «økonomisk såkorn».

28. november 2014 hadde Oniwinde hevda det same: Gud kravde 100 000 kroner av ein sjåar.

Redaktør Sten Klevås-Olsen – òg kjent frå Partiet Dei Kristne – har talt på liknande vis. 26. februar 2014 står han på post på «callsenteret». Der kunngjer han at innringarar ønsker forbøn – eller plantar pengar: 

Her er det altså en fra Vestlandet som har sådd inn for å få et spesifikt bønnesvar. Det er mange som kritiserer oss når vi sier det, seier Klevås-Olsen. Men, hevdar han, Jesus sier at du kan gjøre det. Du kan så inn for å få et spesifikt bønnesvar. Og du har en bønn om at vi kan be en bønn etter Guds vilje. Da skal du se det skal gå til velsignelse.

Visjon Norges «lov om å så og hauste» funkar ikkje. Difor må dei tale om dine pengar, gjennom manipulerande mas i TV-sendingar og brev. Og i Jan Hanvolds «lærebok» frå 2006: Himmelsk økonomi(!). Og pengane går mellom anna til diverse predikantbesøk.

Nokre givarar er sikkert ressurssterke, men mange ikkje. Menneske i ein sårbar livssituasjon kan prøve så mangt. Visjon Norge lokkar folk til å «så» pengar med ord om haust og himmelsk økonomi. For ein del blir tæring på helse og privatøkonomi ei følge.

Mi von for 2017: at fleire innan kristeleg leiarskap og kristeleg presse tenker meir på dei som slit under børa av usunn religion. At fleire tilfelle av manipulasjon og maktmisbruk blir avdekka og diskutert. Det er vondt å sjå det når det skjer, men det kan vera vondare å vente på det - og å sjå at folk som bør tale, er likegyldige og teier.

Jesus Kristus sa: (Matteus 5, vers 9): Sæle dei som skaper fred. Han sa ikkje at det er dei likesæle som skaper fred, om nokon trudde det ... Og ein skaper ikkje fred ved å te seg som om alt er i skjønnaste orden når det er særs tilgrisa.

Så, kjære kristenleiarar og kristenpresse: Ver gjerne opptatte av brubygging. Vektlegg gjerne å unngå merkelappar og stigmatisering. Berre ikkje gjer det så mykje at de hjelper verkelegheitsflyktande verksemder med bygging av fasadekristelege murar. «Brutto brubygging» er ikkje alltid «netto brubygging». Snill personomtale er ikkje alltid snillheit i praksis. I alle høve ikkje overfor dei som er plaga av personen ein omtaler. Spesielt ikkje når plaginga er tilslørt av omtalte personen og venene til vedkommande.

 

 

 

Skjermdump: Kommentar i ei Facebook-gruppe, posta av naboen til ho som alt i desember 2015 hadde gitt mykje, men for to månader sidan slutta å gi. Gjengitt anonymt med godkjenning.

 

 

 

Til lesarar som held fram at ein ikkje bør påstå - utan grunn - noko om motivet til medmenneske: Dette har de heilt rett i. Og ein bør heller ikkje vera fantasilaus. (Har de forresten ikkje sett dokumentaren eg nemnde i starten, kan de sjå han her.)

4 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Petter Kvinlaug

170 innlegg  4966 kommentarer

Hvor i NT finner vi dette?

Publisert 3 måneder siden
Sigmund Voll Ådnøy. Gå til den siterte teksten.
Programmet Studio Direkte går i beste sendetid kvar kveld. Her satsar Visjon Norge tungt, med to eigne kollektpredikantar. Bayo Oniwinde blei i fjor kjent for «velsigning mot betaling»

At Jesus, eller disiplene tok imot betaling for å be for folk?

Se fuglene under himmelen.........

4 liker  
Svar
Kommentar #2

Sigmund Voll Ådnøy

118 innlegg  1462 kommentarer

Godt spørsmål

Publisert 3 måneder siden

Godt spørsmål, Kvinlaug.

1 liker  
Svar
Kommentar #3

Levi Fragell

72 innlegg  1034 kommentarer

Publisert 3 måneder siden
Sigmund Voll Ådnøy. Gå til den siterte teksten.
Så, kjære kristenleiarar og kristenpresse: Ver gjerne opptatte av brubygging. Vektlegg gjerne å unngå merkelappar og stigmatisering. Berre ikkje gjer det så mykje at de hjelper verkelegheitsflyktande verksemder med bygging av fasadekristelege murar. «Brutto brubygging» er ikkje alltid «netto brubygging». Snill personomtale er ikkje alltid snillheit i praksis. I alle høve ikkje overfor dei som er plaga av personen ein omtaler. Spesielt ikkje når plaginga er tilslørt av omtalte personen og venene til vedkommande.

Viktig konklusjon! 

2 liker  
Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kjell G. Kristensen kommenterte på
Terror må forhindres
20 minutter siden / 1463 visninger
Pål Georg Nyhagen kommenterte på
Livets tvetydighet
20 minutter siden / 127 visninger
Randi Johnsen kommenterte på
Med et skjevt blikk på Reformasjonen
rundt 1 time siden / 1019 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Terror må forhindres
rundt 2 timer siden / 1463 visninger
Heidi Terese Vangen kommenterte på
Ekteskap til besvær
rundt 4 timer siden / 313 visninger
Roald Øye kommenterte på
Oslo-avtalene.
rundt 4 timer siden / 585 visninger
Reidar Mysen kommenterte på
Debatt om eutanasi
rundt 6 timer siden / 371 visninger
Pål Georg Nyhagen kommenterte på
Hvorfor leger ikke bør drepe pasienter
rundt 6 timer siden / 839 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Terror må forhindres
rundt 14 timer siden / 1463 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Terror må forhindres
rundt 14 timer siden / 1463 visninger
Benth Castberg kommenterte på
Prinsipielt om samliv
rundt 14 timer siden / 2689 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Terror må forhindres
rundt 14 timer siden / 1463 visninger
Les flere