Verdidebatt

Største endring sidan reformasjonen?

Frå 1. januar 2017 har det skjedd ei avgjerande organisatorisk endring av Den norske kyrkja. Inneber endringa eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje – og er dette ei endring som fortener å bli samanlikna med dei endringar som reformasjonen førte med seg?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

2017 er eit merkeår i historia til Den norske kyrkja. Det er 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane mot avlaten, ei hending som blir rekna som sjølve startpunktet for reformasjonen, og som førte ikkje berre til kyrkjelege og religiøse endringar, men òg gav opphav til politiske og samfunnsmessige  brigde. Frå 1. januar 2017 skjer ei avgjerande organisatorisk endring av Den norske kyrkja. I følgje dei statlege styremaktene inneber denne endringa eit tydelige skilje mellom stat og kyrkje i Noreg, medan det frå kyrkjeleg hald gjerne blir hevda at denne organisatoriske endringa av kyrkja er den største sidan reformasjonen. Begge delar kan det vere grunn til å problematisere.

Endringa i tilhøvet mellom stat og kyrkje har vore ein gradvis prosess. Gjennom det siste hundreåret har kyrkjelege organ fått tilført nye ansvarsområde, og det har vorte bygd ut ein rådsstruktur innanfor Den norske kyrkja. Kyrkjelege og statlege utgreiingar om tilhøvet mellom stat og kyrkje har følgd på kvarandre. Dei siste to innstillingane frå høvesvis det kyrkjelege Bakkevig-utvalet (2002) og det offentlege Gjønnes-utvalet (2006) la grunnlaget for den tverrpolitiske avtalen som vart inngått i Stortinget i april 2008 om omfattande endringar mellom stat og kyrkje. Hovudpunkta i avtalen gjekk ut på at fråsegnene i grunnlova om kyrkjeleg statsråd skulle opphevast, og at biskopar og prostar ikkje skulle utnemnast av regjeringa, men bli tilsette av eit kyrkjeleg organ.

Dette kyrkjeforliket la premissa for grunnlovsendringar vedtekne av Stortinget 21. mai 2012. § 2 i grunnlova, som frå 1814 hadde forankra statskyrkjeordninga, vart erstatta av ein verdiparagraf som slår fast at staten sitt verdigrunnlag "forbliver vor kristne og humanistiske Arv". Grunnlova skal vidare sikre demokrati, rettsstat og menneskerettar. Dette var ein milestolpe i det norske kyrkjestyret og innebar ei demontering av den norske statsreligionen. Staten har ikkje lenger ein offentleg religion - og Den norske kyrkja er ikkje lenger statskyrkje. Grunnlovsendringane i 2012 innebar såleis den største religionspolitiske endringa sidan grunnlova vart vedteken i 1814.

Som konsekvens av grunnlovsendringane i 2012 er Den norske kyrkja frå 1. januar 2017 eit eige rettssubjekt, skilt frå staten med Kyrkjemøtet som øvste representative organ. Prestar, biskopar, tilsette ved bispedømmeråda og dei nasjonalkyrkjelege råda, som hittil har vore tilsett i staten, er etter årsskiftet 2017 overført til det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja. 

Inneber endringa frå 1. januar 2017 eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje – og er dette ei endring som fortener å bli samanlikna med dei endringar som reformasjonen førte med seg?

Endringane frå årsskiftet 2017 er ein konsekvens av prosessar som har gått føre seg over tid. Årsskiftet 2017 er meir ei vidareføring enn ei markering av eit grunnleggjande skilje. Det kan vere grunnlag for å hevde at Noreg også etter nyttårsaftan 2017 vil ha ein type statskyrkjeordning. Det er ikkje minst tydeleg når det gjeld den kyrkjelege finansieringa. Staten vil ha dei same finansieringsoppgåvene overfor Den norske kyrkja som før. Rett nok vil kyrkja over statsbudsjettet få eit rammetilskott – i statsbudsjettet for 2017 foreslått til 1,9 milliardar kroner – som ho forvaltar og prioriterer innanfor. Den offentlege finansieringa av Den norske kyrkja er fastsett i grunnlova, der det i § 16 heiter at "Den norske Kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten." Kontinuiteten på det økonomiske området gjer det vanskeleg å snakke om eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje i Noreg.

Som det einaste trussamfunnet er Den norske kyrkja skriven direkte inn grunnlova, definert som "Norges folkekirke". Dermed står ho i ei tydeleg særstilling og er gjeven ein nasjonal karakter som ingen andre kyrkjer eller trussamfunn har. Dermed er det òg problematisk å snakke om eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje. Snarare er det  kontinuiteten som spring ein i augo: Den norske kyrkja "forbliver" Noregs folkekyrkje, gjer grunnlova klart. Den organisatoriske endringa frå 2017 endrar ikkje dette. Retorikken om eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje dekkjer i mykje over den faktiske røyndommen. Og når det kjem til samanlikninga med reformasjonen for 500 år haltar det endå meir. Konsekvensane av reformasjonen hos oss var eit kyrkjeorganisatorisk og konfesjonelt brot, innført som kongebod ovanfrå.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt