Kommentar

Stolt av det norske

Identitet blir eit kjerneord i samfunnsdebatten også i 2017. Det varslar både samhald og fare på ferde.

Dei tidlegare statsministrane Lars Korvald og Gro Harlem Brundtland kan til saman seiast å ha levert spennet av den norske sjølvforståinga: Sjølv om «Norge er eit land i verda», er «det er typisk norsk å vere god».

No er det vår noverande kulturminister, Linda Hofstad Helleland­, som har skapt debatt om det norske med julehelsinga­ si på Facebook. «Vær stolt av det norske!» var gjennomgangs-
temaet, og sidan har julefreden knapt rukke å senke seg.

Kvifor skaper det så stort engasjement at ein kulturminister frå Høgre oppmodar oss til å ta vare på kulturarven og våre norske tradisjonar? Sjølv den venstreorienterte avisa Klassekampen har forsvart Helleland på leiarplass: «En Høyre-politiker fra Klæbu, kledd i sin fineste stas, må nesten få lov til å si at hun liker landet, kirka og julesalmer. Hvis du synes det er kleint: bla videre – i toleransens og mangfoldets navn.»

Stereotypar

Hellelands julehelsing skapte engasjement fordi ho teikna eit bilete av den norske identiteten som ikkje alle vil vere samde i. I stor grad var dette biletet­ bygd opp av ufarlege stereotypar, om det går an å seie noko så uærbødig om brunost, Bjørgen og Bjørndalen. Sjølv om dei to sistnemnte er blant våre største idrettsutøvarar, som eg sjølv har heia på i mangt eit meisterskap, fekk kombinasjonen av «norske» faktorar eit preg av nisseluementalitet­. Det norskaste av det norske er folk som går fort på ski, knaskar kvikklunsj og et graut.

Nasjons- og identitetsbygging er på ingen måte eit nytt fenomen. Det går heller ikkje så kort attende som til Einar Gerhardsen og generasjonen som bygde landet. Bibellesarar kan berre tenke attende på forteljingane frå Det gamle testamentet. Tematikken står heilt sentralt.

Identitet er likevel blitt eit stadig tydelegare kjerneord i samfunnsdebatten både her i Noreg og internasjonalt. Kong Harald fekk ståande ovasjonar i sosiale­ medier då han i ein tale tidlegare­ i år ytra at nordmenn trur på «Gud, Allah, altet og ingenting­». Motsett fekk innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug mykje peppar for ei utsegn­ om at folk her i Noreg et svine-
kjøt, drikk alkohol og viser ansiktet­ sitt.

«Misforstår»

I eit intervju med NTB viser Listhaug til nettopp denne utsegna når ho seier at folk ofte misforstår henne med vilje. Poenget hennar var at folk som ønskjer å få seg arbeid, må finne seg i å servere alkohol og svinekjøt – det er kva folk påstår at ho har sagt, som skaper debatt, meiner Listhaug. Slik utsegna hennar for mange gav inntrykk av korleis integreringsministeren ser på den norske 
identiteten.

Identitet var eit kjernespørsmål også i den amerikanske valkampen i haust. Morgenbladet hadde nyleg eit intervju med Mark Lilla­, professor i intellektuell­ historie ved Columbia­-universitetet i New York. Lilla meiner kort fortald at Hillary Clinton tapte valet fordi ho snakka for mykje om minoritetar, som seksuelle og religiøse­, og han ønskjer­ seg den liberale identitetspolitikken død. Professoren seier at det å snakke om særbehova til utvalde grupper, fører til at grupper som ikkje blir nemnte­, kjenner seg utanfor. «Det har skjedd med hvite fra arbeiderklassen. Og det har oppfordret dem til å begynne å tenke på seg selv som en adskilt gruppe.»

Kvite, gamle menn

Bernie Sanders, som måtte gi tapt for Clinton som demokratisk presidentkandidat, er blant dei som har ytra liknande tankar. Samtidig har motstanden mot desse­ synspunkta vore sterk. Dersom politikarane skal «heve seg over» identitetar og snakke om og til «alle», kven er det då som taper på det? Det er ikkje dei kvite, gamle mennene som må slutte å snakke om identiteten sin, kommenterer litteraturprofessor Toril Moi i Morgen-
bladet.

Brennbart

Spørsmålet om identitet kjem til å bli berre meir og meir brennbart i samfunn med omfattande innvandring. Det varslar både samhald og fare på ferde. For korleis evnar «det store vi» å innlemme minoritetane våre i dette vi-et?

Eg må innrømme at det er freistande å gripe til Bibelen endå ein gong, denne gongen til Det nye testamentet. For blir Jesu bodskap om frelse mindre universell av at Jesus i særleg grad vendte seg til syndarar, tollarar og fattige?

Eg våger å svare eit tydeleg nei.

Det ligg frå starten av innbakt i den kristne trua å vise omsorg mot minoritetar, ikkje å dyrke eit sterkt majoritetssamfunn. La oss hugse dette når vi er stolte av det norske.

Apostelen Paulus roste seg av veikskapen sin og av Kristi kross. Det er ei utfordring til norske kristne. Når alt kjem til alt, er ikkje kristendommen «norsk». Men som dei minoritetane vi er, i ytterkanten av verda, har også vi fått høyre den glade bodskapen. Den treng vi ikkje å skamme oss over.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar