Verdidebatt

Nyttårsønskje til biskopane

Kjære biskopar. Ikkje skaff dykk kommunikasjonsrådgjevarar i året som kjem.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kyrkja står overfor eit krevjande­ medielandskap der evna til å manøvrera mellom det som er sant og det som er strategisk vert sett på tøffe prøvar. I oktober slo Vårt Land opp saka om at biskopane ønskja seg meir mediehjelp. Biskop Ole Christian Kvarme slo i denne samanheng eit slag for at kvar biskop burde få tilsett ein kommunikasjonsrådgjevar.

Trass gode intensjonar— det er mange grunnar til å sjå kritisk på meir straumlinjeforming av kyrkjekommunikasjonen.

På toppen?

Medierådgjevarane sjølve har naturlegvis næringsvit nok til å lika ideen om meir medietrening i geistlege rekker, og i VL-saka oppsummerer ein av dei kyrkja sine medieutfordringar slik: «Hvis man har visjoner om å fylle opp kirkerommet, så begynner det på toppen. Kirken må ha synlige og relevante ledere som snakker til hjertet og har visjoner, ellers­ blir kirken irrelevant over tid».

Utan å seia at medierådgjevar Trond A. Skjelbred her snakkar for alle, er det grunn til å tru at denne vurderinga er nokså­ representativ for fleire i hans bransje. Eit slikt sitat bør uansett mana til grundig ettertanke for alle som er opp-
tekne av åndeleg leiarskap i vår tid.

Kontrastane til kristen tenking om leiarskap er nemleg påfallande på fleire punkt. Det byrjar nemleg ikkje automatisk «på toppen» i kyrkja. Bibelen gjev oss bilete som utfordrar vanleg tenking om leiarskap. Den som vil vera leiar, skal vera tenar for alle, lærer Jesus oss. Det er ein leiarmodell som kanskje bør utfordra oss endå meir enn han gjer i dag.

Punkt to: Det er ikkje sjølvsagt at det synlege skal prioriterast først. Det stadige strevet etter å vera synleg i samfunnet, har alltid freista oss. Ut frå kristen tenking er dette eit blindspor. Bibelens lære om å vektlegga det usynlege tilseier at vi må øva oss opp på rørsler og reaksjonar som ofte er motsette av dei som medie-
samfunnet «krev» av oss.

Det folk vil ha

Vidare kan vi stansa ved mediesamfunnets favorittfrase «å vera relevant». I mange tilfelle er vel dette berre eit anna uttrykk for å gje folk det vi vil ha. Åndelege leiarar bør heller gje oss det vi ikkje alltid veit at vi treng.

Endeleg bommar truleg medierådgjevaren også på punktet om kva som gjer kyrkja «irrelevant over tid». Det er ikkje det sære som trugar kyrkja, men at ho vert så medievant og straumlinjeforma at ho vert konturlaus.

Å få ei utvikling innan kyrkja som speglar den vi til dømes har sett i politikken dei seinare år, er ikkje noko ønskjetenking, for å seia det mildt. Politikarane verkar stadig likare og mindre frie til å seia det dei verkeleg meiner. Ofte vert formuleringar komisk like, og ofte vert det så mange retoriske krumspring at det er vanskeleg å skjøna samanhengen mellom spørsmålet som vart stilt og svaret som vert gjeve.

Det vi i staden skjønar, er mediestrategien, som stort sett går ut på å snakka om dei tre innøvde punkta rådgjevaren har fokusert på i forkant. Slik politikarpolish på teologien treng vi ikkje.

Djupare

Vi kan leva med sårbare leiarar som verken er perfekt polerte eller har knirkefri meiningsmekanikk. Vi er mange som lengtar etter leiarar som risikerer mykje for evangeliet. Vi treng røysta til nokon som har vågd å røyna stilla, som skjermar seg frå det gjengse og som prioriterer ut frå andre kriterium enn det som ligg øvst på fleirtalsagendaen. Vi treng det autentiske og det djuptloddande som ikkje er, og som ikkje kan vera, filtrert gjennom mediemagikarar som seier det slik det «skal seiast».

Eg trur Thomas Merton er inne på noko heilt vesentleg når han skriv om at samfunnet er avhengig av «den ukrenkelige, personlige ensomheten til sine medlemmer». Jesus måtte langt ut i ørkenen for å vera åleine. I dag har ørkenane nettdekning, og einsemda er ein sparsam ressurs. Difor: Reis på retreat, kjære biskopar, dropp mediedrillen og ver autentiske leiarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt