Verdidebatt

Kyrkje ovanfrå eller nedanfrå

Ein del av ettersamtalen etter bispeutnevninga i Stavanger ser ut til å vera styrt av eit underleg premiss: At kyrkja si utvikling og framtid skal styrast ovanfrå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Med atskillig undring har eg følgt debatten i «Vårt land» etter bispeutnevninga i Stavanger. Ein kunne ha venta større debatt om det faktumet at Kirkerådet denne gongen ikkje gjekk for den kandidaten som fekk mest stemmer i dei rådgjevande avstemningane fram mot tilsetjinga i Kirkerådet.  Dette avstemningsrådet var det klaraste i Kirkerådet si bispeutnevningstid.  I staden går debatt og ettersamtale – i alle fall i hovedstaden – på om nummer 3 på lista heller burde vorte biskop framføre nummer 2.
Teologisk Fakultet (TF) har ført an og vist til mangelen på TF-teologar i bispekollegiet.  Og «Åpen folkekirke» har diskutert  med seg sjølv og i media om korleis representantar og sympatisørar av «Åpen folkekirke» har eller burde ha stemt då biskopen skulle utnevnast.
Debatt og innspel er sjølvsagt legitimt og viktig.  Kirkerådet skal ivareta heilhetskyrkjelege omsyn, slik at bispekollegiet har breidde i teologisk syn, kjønn, fagkompetanse og utdanningsbakgrunn.  Men ein del av ettersamtalen etter bispeutnevninga i Stavanger ser ut til å vera styrt av eit underleg premiss: At kyrkja si utvikling og framtid skal styrast ovanfrå.  At håp for kyrkja framover er avhengig av rette grep frå sentrale organ, og frå dei som arbeidar for at rette meiningar og bakgrunnar landar i kyrkja sine råd og i bispekollegiet. 
Eg legg inn ein grasrotprotest mot dette.  Det er ikkje meiningar som byggjer kyrkja.  Kyrkja kan ikkje vedtas ovanfrå, ho blir skapt nedanfrå.  Dåp og tru er inngangen til kyrkja.  Det skjer alltid lokalt.  På personnivå.  I den lokale kyrkja der evangeliet blir forkynt og sakramenta forvalta.  I sorg og glede, i kvardag og fest, i livet sine overgangsriter, i spørsmål etter meining og håp, i tap og i takk skjer det store underet at menneske søkjer ei kyrkje, ei tru, eit håp, ein kjærleik å tena i, eit fellesskap å forankra livet i.  Grasrotteologien om kyrkje nedanfrå startar med Jesus sine ord i Matt.18,20: «Der to eller 3 er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»
Kyrkje nedanfrå er mitt kyrkjesyn og kall i kvardagen.  Det undrar meg at ikkje TF og «Åpen folkekirke» i større grad heiar det fram.  Det burde vera god teologi.  Det er heilt nødvendig for den rekrutteringskrisa både TF, MF, VID og kyrkja har som felles problem.
Og kyrkje nedanfrå er erfaring.  Det er slik kyrkja lever og veks.  For å ta Stavanger bispedømme som burde vera kjernen i debatten viss me tenkjer kyrkje nedanfrå:  I lang tid har det skjedd ei systematisk og bevisst satsing på menighetsutvikling og kyrkjevekst.  Det har skjedd nedanfrå, med støtte i strategi og inspirasjon frå biskop og bispedømme.  Det har skjedd fordi folk trur på den kyrkja dei høyrer til, og investerer tid, pengar og krefter i å skapa kyrkje der dei bur.  I Bryne sokn der eg er prest, er me om lag 10 tilsette og eit par hundre frivillige som ønskjer å bidra til å skapa «den opne famns kyrkje, raus i mangfold og tydeleg i retning».  Det er klart det betyr mykje kven me får til biskop, både for tilsette, engasjerte frivillige og for alle kyrkjemedlemmer som opplever at lokalkyrkja deira er levande.  Det betyr mykje at våre stemmar tel.  At stemmane frå bispedømmet tel meir enn heilhetskyrkjelege hensyn som skal ivareta noko anna enn det som skjer i soknet og bispedømmet.  Slik er det med kyrkje nedanfrå – der kyrkja veks eller opplever desillusjonert avskalling fordi noko eller nokon ovanfrå overstyrer.
Kyrkja skal nå ut på ei viktig høyring  og vedtak om utpeiking av biskopar.  Eitt av alternativa er ordninga dei lutherske kyrkjene i Norden har:  Biskopen blir valgt.  Slik kyrkjerådet sitt høyringsnotat skisserer ei slik ordning i Norge, trur eg det kan bli den beste ordninga kyrkja kan få og treng.  Biskopen får eit breitt mandat i valg bak seg.  Det synleggjer og byggjer opp om kyrkje nedanfrå.  Det gjev biskopen ei uavhengig stilling og legg i større grad den demokratiske debatten til arbeidet som rådsstrukturen i kyrkja  skal utføra. Det hindrar at Kirkerådet sit med endeleg ansvar for heilhetskyrkjelege omsyn, og slik må få eit forklarings- og tolkingsproblem når dei utnemner ein annan enn den som har best stemmetall (for det vil nokon kjempa for).
Bispedømma i Norge er så ulike at det er stor sjanse for god og riktig breidde i bispekollegiet gjennom ei valgordning.  Det er ikkje sikkert det trengs meir heilhetskyrkjelege omsyn enn det som er lagt inn i nominasjons- og valgprosessen.  Ikkje i noko tilfelle bør det skje på tvers av eit bispedømme sitt ønskje, om ein trur på kyrkje nedanfrå.  Og kven veit om ikkje Guds ande får betre rom i slike måtar å utpeika biskopar på!?

Uansett sit me i same båt i Den norske kyrkja.  Me vil vera folkekyrkje som ser mange nye til dåp og tru, livsmestring og håp.  Dei sokna og utdanningsinstitusjonane som klarer å stimulera til levande lokale kyrkjer, vil også kunna rekruttera nye prestar og ein dag finna enkelte av dei att i bispekollegiet.
 

Stein Ødegård

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt