Verdidebatt

God nøytral jul!

Årvisst er førjulstida prega av kontroverser om julemarkeringar og skolegudstenester. Kva kan ein tillate av religiøse tekstar og sermoniar? Er ikkje julegudstenester forkynning som ikkje høyrer heime i skolen? For ikkje å snakke om julesongar med kristent innhald.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ved Nylund skole i Stavanger har ein drøfta å ”sensurere” julesongar og ta bort ord som ”nisse” og ”jul”. Dessutan kunne vi høyre at elevane ikkje kunne syngje julesongen "Deilig er jorden", men berre nynne han. Dei skulle heller ikkje samlast til "juleavslutning" som tidlegare år, men til desembersamling. FAU-leiaren ved skolen tolkar dette som uttrykk for "en slags nøytralitet", i følgje Stavanger Aftenblad.

Foreldre ved Ekholt skole i Rygge vart oppmoda om ikkje å nytte ordet ”jul” i samband med at dei bad om å få arrangere ein julelunsj i desember. Vinter- eller desemberlunsj ville vere å føretrekkje. Grunngjevinga var at ordet ”jul” kunne verke diskriminerande på dei som ikkje fleira jul.
Julegudstenester i kyrkja i regi av skolane har vorte eit diskusjonstema kvar einaste førjulstid. Det vekte til dømes stor merksemd at alle skolane på Voss i fellesskap bestemte seg for ikkje å ta del i den tradisjonelle julegudstenesta i kyrkja. Somme skolar byrjar å stille som vilkår for å vere med på skolegudstenester at det ikkje skal vere til dømes velsigning og bønn. Trass i debatten  har det store fleirtalet av skolar i landet teke del i julegudstenester no før jul. I det fleirkulturelle Oslo gjeld det 9 av 10 skolar. Ein bør merke seg at det ikkje muslimar som protesterer mot skolegudstenestene – sjølv om dei paradoksalt nok gjerne får skulda. I første rekkje er det humanetikarar - og dei politisk korrekte som ikkje vil støyte dei som ikkje fleirar jul.

Skolegudsteneste er kulturell danning

Problemet med julesongar og julegudstenester er i følgje kritikarane at dei er forkynning – og forkynning har ingenting i skulen å gjere. Julemarkeringane i skolen må vere mest mogleg nøytrale. Men dette er ei svært snever oppfatning av kva det heile handlar om. Å ta del i julegudstenester – og syngje julesongar for den del - handlar òg om kulturell kompetanse, om kulturell danning, slik Inger Merete Hobbelstad poengterer i ein artikkel i Dagbladet: "Kristendommen er fremdeles majoritetsreligionen her til lands", hevdar Hobbelstad, "og de som bor her, uavhengig av hva de selv tror, vil nesten garantert havne i situasjoner der det er en barnedåp, et bryllup eller en begravelse de gjerne vil være til stede i. For nordmenn, samme hva bakgrunnen deres er, er det nyttig å kjenne gangen i en gudstjeneste og hvordan man ter seg i en kirke."

Det er dette dei ikkje vil innsjå dei som berre ser skolegudstenestene som forkynning. Dei nektar å innsjå at kristendom og kyrkje og gudsteneste er kultur – ein kultur som har vore dominerande i Noreg i tusen år og har sett avgjerande preg på den norske kulturutviklinga.

Angst for det religiøse

Men det er ikkje berre i skolen at julemarkeringar har vorte eit problem. Også i politiske fora kan det oppstå vanskar. I kommunestyret i Molde skulle dei folkevalde syngje ”Deilig er jorden” som allsong før dei gjekk frå kvarandre før jul. Men dei tre representantane frå SV nekta å vere med på å syngje den kristne julesongen og forlet kommunestyresalen i protest. Det passar ikkje med forkynnande julesongar i etterkant av eit kommunestyremøte, var forklaringa.
Den antireligiøse haldninga som ikkje vil at skoleelevar skal gå på julegudsteneste eller kommunestyrerepresentantar syngje julesongar er uttrykk for ein angst for det religiøse. Religion er noko vi ikkje vil ta i, noko som ikkje høyrer heime i det offentlege rommet. Der må vi sleppe alt som har med kristne songar, tekstar og sermoniar å gjere.

Identitetsløyse

Denne typen kontroversar syner eit samfunn som faretrugande er på veg mot identitetsløyse. Viss vi viskar ut alt som kan vitne om felles tradisjonar og kultur blir vi til slutt identitetslause. Å ville fjerne alt som vi kan tenkje oss nokon bli støytte av, er eit misforstått svar på det fleirkulturelle samfunnet. Den nøytrale julefeiringa finst sjølvsagt ikkje.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt