Verdidebatt

Jesus og klima

Kan vi få dei religiøse inn i striden for å berge kloden som livgjevande stad?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Dei religiøse menneska er interessante også i vår tid, våre dagar. Dei er mellom dei få grupper som det  dominante kjøpe og forbruksnorge enno ikkje beherskar 100 prosent. Desse lyfter seg såpass opp over den journalistskapte mediarøynda kvardagen er vorten- at dei spør etter meininga med sitt liv. 
Spør kvifor dei er komne til og dei har oppnådd må vi tru, ein himmel over seg i og med trua si på ein gud som forhåpentlegvis vil skaffe dei æveleg liv hos han. Den permanente pludringa og det rådande overflatiske spelet i mediarøynda, set dei ein parantes rundt.
Kan vi få denne ganske store gruppa inn i striden  for å berge kloden som livgjevande stad? Kan religiøse også muslimske, bli til klimaforkjemparar, at dei byrjar stri mot Statoil og Exxon sitt profittbegjær? Eg meinar JA. Jesus, kanskje betre:fenomenet Jesus, er stort i dei religiøses medvit. Gud i kristendomen og stor profet i Islam. 
Israelske(jødiske) kjeldeskrift til følgje. seier Jesus ei mengd gonger at han sjølv var Gud. Lære”sveinen” Johannes vitnar konsistent om dette. Ifølgje han sa Jesus då det stod mange omkring:”Før Abraham var-er eg”…Abraham heldt dei for stamfar til Israelsfolket.
For nokre betydingsfulle og pregnante ord! Sett no at Jesus var gud, gud var på jorda her og uttalte seg. Noko høgst merkeleg som då er sanning for alle truande. Denne Guden sa til skriftlærde menn ved seinare høve:”Gjev Keisaren det som Keisarens er, Gud det som Guds er” tolka av flest  alle som ”gjer etter den verdslege makts vilje”. 
Eg har meir tru på at Menneskeguden her berre måtte respondere på ein akutt trussel mot eigen kropp. Men Krf og stormengda av dei kristne, gjer etter den verdslege makts vilje. Diverre. Dei har ikkje nett starta nokon stor strid mot forureinarane av atmosfæren, gjer stort sett norsk kapitalmakt til vilgjes, med få unntak. Dei konsar diverre på å ”vere i Gud” og så gje Keisaren resten. (Omgrepet ”vere i Gud” er elles over 2000 år eldre enn kristendomen, den faraoniske tid hadde og sin Menneskegud.) 
Desse støttar jo no ei høgreregjering som ikkje vil stogge oljeutvinning men utvide den så langt det går, og endåtil bore ved iskanten.Jorda og livet på henne, er som følgje av høgrepolitikk, her tillands ført saman med eit ganske sterkt arbeidarparti,no  sterkt trua, den er blitt svekt i sitt liv, den er blitt fattigare og held på bli elendig, den blir noko som er verd medynk, medlidenhet. Og nett slikt var det Jesus, Guden Jesus ville ta seg av og hjelpe opp: dei svakaste som ikkje vinn hjelpe seg sjølv. No greier ikkje Jorda hjelpe seg sjølv lenger. Kan vi få kristne men og  muslimske grupper til å komme til Jordas unnsetning?
Slik eg ser var Jesus-guden ein anti elitemann. Han ville ta vare på det svakaste, dei svake, imot Keisaren. Denne guden burde dei religiøse følgje etter mitt syn og gå i kamp for det svakaste, kamp for å redde Jorda som er blitt svak eller iallfall svakare,pga. menneskeleg  idioti, toskeskap på dialekt. Skal dei følgje Gud Jesus bør dei gå mot øydinga av hav og klima og byrje med det  no straks. Forsvare av all makt det gud har skapa. 
For det er no openberrt for alle, at åleine maktar ikkje Gud dette. For vi ser at dyra hans, at fuglane at fiskane er truga med forverring eller utsletting. Torsken må ete plast. Så eg seier: kristne ungdomar med dykkar friske krefter:kvifor går de ikkje laus på regjeringa som stadig vil utvinne og få brent meir olje? Er det å  forsvare denne Guds enormt verdfulle og vakre flotte Jord, å halde fram med å støtte Krf? 
Gjer Krf og deira storesyster Høgre, den aller minste ting for å bremse utsleppa? Nei dei gjer det motsette. Dei går i PRAKSIS inn for å øyde store delar av guds skaparverk. Og det er jo Hans skaparverk, ifølgje skrift dei religiøse med munnen seier er heilag sanning.
Det står i Johs.ev. At Jesus (gud) eingong då han var hardt truga av den dåverande israelske  eliten, at han då bøygde seg ned og byrja skrive på Jorda med fingeren ei lang stund. Han skreiv altso ned på jorda ,det elementet som han sa vi kjem frå og skal til. Han hadde før dette, alt vore og velta bordet for pengemektige som var trengt inn i det heilage tempelet hans. 
Kan hende han skreiv noko særs viktig desse minuttane då han var truga på livet av farisearane.:”De skal lære no snart å syne respekt for dette eg har skapt, for mi jord” ”For det er mi heilage Jord, men som de får lov å gå på”Så reiste han seg oppatt og kom seg frå dei, den gongen.
Eliten drap han det veit vi. Vi treng ikkje og bør ikkje krangle med religiøse om han lever no. Men mykje av etikken hans lever. ”ta vare på dei svake ,svakaste,dei er og våre” dei greske filosofane kom ikkje på det. No er Jorda svak. Og eg ynskjer meg at dei kristne at muslimane skal komme snøgt og verte med i striden for å berga henne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt