Verdidebatt

Følelse og forstand

Verdidebatt og Facebook fløymer no før jul over av innlegg skrivne med stor patos og liten forstand. Skulle Noreg blitt styrt etter slike ustabile følelsar, hadde det gått oss ille. Eg postar difor eit innlegg som tidlegare har stått på document.no som motsvar til all svadaen, men debatt med politiske moralistar vil eg ikkje ta del i.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

"Den som ikkje er radikal i sin ungdom, har ikkje hjarte(lag)"

Kjensler er viktige. Dei set farge på livet og bestemmer forholdet vårt til andre menneske. Sterke kjensler og stor idealisme pregar ofte ungdomstida. Slikt skal ein ikkje forakte, for "høgre enn ungdoms draum når ikkje manndoms verk". I 20-åra var eg sjølv sterkt engasjert av Erik Dammans bodskap om enklare livsstil og økonomisk utjamning nasjonalt og internasjonalt. Svoltkatastrofen i Nigeria gjorde også eit varig inntrykk, sjølv på oss som berre såg bilda frå Biafra. Derfor forstår eg godt at folk i endå sterkare grad bryr seg om personar dei har blitt kjende med og glade i, enten det gjeld asylsøkjarar frå Afghanistan eller andre. Noko av engasjementet for flyktningar har ei slik forklaring, men det meste av aksjonar blir samordna av profesjonelle lobbyistar i NOAS og Refugees Welcome Norway. Dessutan er opposisjonen på Stortinget i harnisk og brukar sterke ord om dagens returpraksis.

Afghanistan: Overbefolkning, hjerneflukt, etnisk og kulturell konflikt

Norsk asylpolitikk er basert på individuell vurdering av behov for vern og retur av dei som får avslag. Derfor bør ein også ha respekt for fakta og for vurderingar gjort av UDI. Skal ein forstå noko av problema i Afghanistan, bør ein t.d. vite at befolkninga var på 8 millionar i 1950, 15 millionar då Sovjet invaderte landet i 1979 og 33 millionar i dag. Av desse er 60% under 20 år. Det er også ein multietnisk stat med pashtunarar (42%) og tadsjikarar (27%) som dei to største gruppene, men også med fleire mindre folkegrupper. Når det gjeld borgarkrigen, er internasjonale styrkar og hjelp heilt bortkasta, viss ikkje mange nok av afghanarane sjølve er villige til å ta opp kampen mot Taliban.

I fjor kom det 3.400 einslege mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan til Noreg, medan Sverige tok i mot heile 23.500 og EU til saman 45.000. Dette er jamt over dei mest ressurssterke ungdommane som landet treng, slik president Ghani understreka no i vår. Livet blir neppe lettare for det store fleirtalet av fattige om folk med initiativ, pengar og gode evner fer sin veg.

Dødsrisiko i Afghanistan mot dødsrisiko på reise til Europa

Somme seier at dei som får avslag på asylsøknaden og blir returnerte, risikerer å bli drepne. I følgje FN omkom 390 barn som følgje av borgarkrigen i første halvår i år. Det er mange, men likevel ein risiko på berre 1: 19.230 per år for kvart av dei 15 millionar barna under 15 år i Afghanistan. Risikoen for å bli drepen i ei trafikkulykke i Noreg, eitt av dei mest trafikksikre land i verda, var høgre (1: 18.800) så seint som i 2008. For Afghanistan er det dessutan snakk om gjennomsnittsrisikoen for heile landet, og då er han nødvendigvis lågare i dei tryggare områda folk blir sende attende til.

Det er langt farlegare å reise til Europa. Berre på siste strekninga, over Middelhavet, har i år minst 5000 drukna av dei 350.000 som har teke turen. Dette er heile éin av 70, eller 1,4% av alle. Reisa er difor minst 270 gonger så farleg som å bli verande i Afghanistan i eitt år. Sjølv om krigen i landet skulle halde fram i ti år til i same omfang som no, vil risikoen ved å reise vere 27 gonger større. Ønskjer ein at flest muleg av tenåringane i Afghanistan skal få leve, bør ein difor ikkje oppmuntre fleire av dei til å kome hit.

 "Men den som ikkje blir konservativ som eldre, eig ikkje forstand"

Samfunn med jamn fordeling er både dei tryggaste og beste. Men slik tillit og solidaritet finst berre i statar med små etniske og kulturelle skilnader. Skal vi bevare Noreg som eit trygt og godt land med jamn velstand, kan vi ikkje tillate ei innvandring som til no. I 2. kvartal i år var ikkje-vestleg nettoinnvandring rekordhøg med 6000 personar. Med så store tal får vi snart 'Midtausten' også her, slik ein kristen flyktning derifrå åtvara oss om i Regionavisa for to år sidan. Skal velferdsstaten inkludere alle som kjem seg til Noreg, vil han også av finansielle grunnar ta slutt. Då vert det smalhans for sjuke, uføre og pensjonistar. Gratis utdanning og billig barnehage vil også bli ein saga blott. I tillegg kjem at hjelp til å flytte hit, er den dyraste og dårlegaste måten å støtte fattige og naudstilte folk i fjerne land.

Dei som ikkje vil ta omsyn til slike realitetar, er verken fornuftige eller ansvarlege. Medan standpunkt basert på kjensler i hovudsak høyrer heime i mellommenneskelege forhold, må politiske vedtak byggje på fakta og konsekvensar som gjeld heile samfunn, først og fremst vårt eige, men også for land som vil ut av fattigdommen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt