Verdidebatt

Det som skimrar

Vi, som er så rike på så mange plan, er fattige på vesentleg åndeleg oksygen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein gong fekk eg eit råd for bibel­lesinga mi. «Legg merke til det som skimrar» sa den som gav ­rådet. Skimrar. Det som skil seg ut, det som lokkar på deg, det som plutseleg står der og dirrar.

Eg har alltid vore svak for vakre ord, og verbet «skimra» er eit slikt. Dermed var det lett å ta rådet inn som ein del av den kristne praksisen min. Men etter ei tid vart det klart at rådet eg hadde fått, var meir enn eit leseråd. Det vart ein leveregel i tillegg. Å festa seg ved det i tilveret som skimrar, det er kvintessensen av eit kristent liv. Ein skal leva observant og ta inn livet som ei gåve frå Gud.

3 prosent. Men det ser ut for at vi verkeleg treng råd for lesinga. I året som no går mot slutten har Bibelselskapet markert 200-årsjubileet sitt, og i samband med det vart det tidlegare i år uført ei spørjeundersøking knytt til bibelbruk i Noreg. Resultatet viser at mange har ­Bibel, men få brukar han. I følgje TNS gallup si rundspørjing frå mai i år er det faktisk berre tre prosent av dei spurte som les ­Bibelen dagleg.

Det er eit tal som røper at vi, som er så rike på så mange plan, er fattige på ­vesentleg åndeleg oksygen.

I den moderne klassikaren En historie om lesning fortel Alberto Manguel fint om den strenge leselæraren Crato Hofman som på 1400-talet formante elevane sine ved latinerskulen i franske Sélestat, til å «ha sitt hjerte med i lesningen».

Dette er ei enkel oppskrift for lesing. Også for Bibellesing. Ddet minner oss om at slik lesing er nært knytt til tid. Ingen som skumles, ser det som skimrar. Men det er som den kloke professor Dallas Willard seier om det å prioritera det indre livet:

Dette er ikkje noko vi finn tid til. Vi må gje det tid.
Bittelitt bibel. Det vi truleg ikkje treng meir av med dei nemnde gallup-tala framfor oss, er kristne leiarar som gir oss ABC-ar i korleis effektivisera stillestunda slik at kanskje fleire av oss greier å pressa bittelitt bibel inn ein plass mellom kvardagens mange gjeremål.

Det kristne livet og håpet vert underernært om ein held fram med slik ­minimumstenking! Det er velmeint, men feilslått.
Skal Ingeborg Mongstad-Kvammen og laget hennar i Bibelselskapet rusta seg for nye hundreår, må dei heller gå i stikk motsett retning: vera ærlege på at Bibelen­ gjev liv men krev tid, og ta det derfrå.

Og tid har vi truleg meir av enn myten om det travle mennesket skulle tilseia. Statistikk syner til dømes at vi på få år har lært oss å prioritera over to timar i gjennomsnitt dagleg til ulike typar internett-aktivitet. Tida er der, altså, sjølv om vi ikkje alltid er heilt klare for å sjå det på den måten.

Ein eigen estetikk. Det kan vera verd å merka seg dei mange sakte-trendane som er i omløp for tida. Lange sjakk-sendingar frå New York, til dømes, har dei siste vekene jamleg minna oss om alt det gode og interessante i ting som tek tid.

Sjakkekspert Atle Grønn formulerte det fint i ein av kommentarane under sjakk-VM: «Det tilsynelatande unyttige har ein eigen estetikk.» Ting vi ikkje ser effekten av omgåande, har også verdi. Det er truleg helsebringande for oss å få innblikk i slik briljant brikkeflytting, fordi det seier noko sant om livet.

Mykje av det vi driv med, kjenner vi ikkje eigentleg rekkevidda av. Men det å tenkja seg om, det å setja farten ned, hjelper oss til å få auge på viktige samanhengar. På det som skimrar. Det erfarer både sjakkspelarar og bibellesarar. I den grad vi er villige til å gi det tid.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS SPALTE LIVSSYN, 2.12.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt