Svein Helgesen

16

Erna og Jonas må gå gjennom sentrum

Både det raudgrøne og det blåblå prosjektet har vist seg å vere skjøre konstellasjonar. Båe har flytta det politiske tyngdepunktet mot ytterkantane og auka avstanden til sentrum.

Publisert: 12. nov 2016

Politisk journalistikk har sjeldan lengre tidsperspektiv enn fram til neste­
val. Det pregar også mange kommentarar om KrFs balansegang fram mot komande stortingsval.

Men kva med dei lange linjene? Knut Arild Hareides samarbeidssignal peikar utover 2017. KrF er eit verdi- og sentrumsparti som ikkje vil bidra til faste partiblokker. Hareide slår fast at den tradi­sjonelle todelinga i ei borgarleg og ei sosialistisk blokk på ingen måte speglar dei reelle politiske skillelinjene i Norge.

Sentrum. Ingen har dei siste ­tiåra vunne regjeringsmakt i Norge utan på ein eller annan måte å gå gjennom sentrum. Slik vil det truleg også bli på 20- og 30-­talet. Frå 2005 har Ap og H rett nok styrt i koalisjon med fløyparti. Men erfaringane har vist kor skjøre slike konstella­sjonar er over tid. Både det rødgrøne og det blåblå prosjektet har flytta det politiske tyngdepunktet mot ytterkantane og auka avstanden til nøkkelparti i sentrum.

KrFs premissar for politisk samarbeid representerer derfor ei utfordring for både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Når Hareide peikar på Erna Solberg som førsteval, gir han Jonas Gahr Støre klar melding om at det må langt meir til enn venleg verbal invitasjon frå Ap si side før KrF er klar for dialog om meir forpliktande politisk samarbeid. Når han set opp ein tydeleg ­gjerdestolpe mot FrPs politikk og distanserer seg frå ei blokktenking som er sjølve berebjelken i arbeidet for borgarleg samling, torpederer han samtidig Solbergs prestisjeprosjekt.

Til slutt. Erna Solberg og Jonas Gahr Støre vil nok på kort sikt ta Hareides signal til etterretning og halde fram som planlagt fram mot 2017. Sterk oppslutning om H og FrP og støtte frå eit meir borgarleg orientert Venstre kan gi Erna von om fleirtal til å styra vidare. Ho kan også håpa på at det til slutt vil få KrF på plass i falden.

Jonas Gahr Støre kan på si side satsa på sjansen for rødgrønt fleirtal utan KrF si støtte. Det kan gi ny politisk dynamikk og von om at Knut Arild Hareide etter kvart kjem på gli frå høgre mot venstre. Dessutan kan det jo skje at spådommar om at KrFs tid som nøkkel- og vippeparti går mot slutten, kan slå til.

Inst inne ser nok likevel Erna Solberg og Jonas Gahr Støre lengre­ fram enn til 2017. Parti­ med ambisjonar om å sitja i førar­setet i norsk politikk på 2020- og 2030-talet, må vera opptatt av dei lange linjene. Både Erna

Solberg og Jonas Gahr Støre veit at Norge står framfor store behov for omstilling, eit kraftfullt grønt skifte, krevjande ­eutfordringar knytta til inkludering og økonomisk nyorientering og omprioritering.
Mot. Det vil krevja politisk leiarskap med evne og mot til å løfta blikket, tenkja nytt og vera meir opptatt av verdiar og lange linjer enn av neste val. Det vil krevja styringsgrunnlag som er berekraftig over tid

Berekraftig styring handlar ikkje minst om å finna farbare samarbeidsstrategiar også i tider når det ikkje er mogleg å byggja fleirtalskonstellasjonar. ­Sidan samarbeid med fløyparti er så skjørt, vil kampen om sentrum bli avgjerande. Erna og ­Jonas skal ikkje sjå bort frå at også Sp og V etter kvart vil bli meir ­tydelege på at partiet ikkje vil bidra til permanent sementering av blokkene.

Korleis vil Erna Solberg og ­Jonas Gahr Støre skapa berekraftig styringsgrunnlag i norsk ­politikk i eit lengre tidsperspektiv? Dette er av langt større interesse enn kortsiktig strategi for å vinna flertalet i 2017. Den som er mest opptatt av å følgja dagens spor og vegrar seg mot å justera­ kursen, vil truleg ha det dår­legaste utgangspunktet over tid.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 12.11.2016

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere