Verdidebatt

Misjonsorganisasjonane må vere meir tydelege om kjønnsroller

Måndag 7. november utfordra eg lågkyrkjelege misjonsorganisasjonar på kva dei meiner om kjønnsroller. Svara eg fekk viser kvifor me treng å debattere temaet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjølv om bakgrunnen for utfordringa eg gav var eit intervju med Stein Solberg i Sambåndet, handlar ikkje debatten berre om desse sitata. Heilt grunnleggjande handlar det om kva me lærar jenter og gutar at dei kan drøyme om å gjere når dei blir vaksne. Skal det vere tydelege skilje her òg ”i det sivile liv?”

Kvifor er det så viktig at dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane meiner noko om temaet? Det å ikkje vere meine noko om det vere å seie i frå seg moglegheita til å konkretisere eller støtte det andre seier om temaet. Til dømes vil det vere vanskeleg for både Erik Furnes og Espen Ottosen å seie kva dei meiner om det Solberg sa i intervjuet med Sambåndet om dei ikkje er meir tydelege.

Eg legg merke til at Furnes understreker at ImF ikkje kan stå ansvarleg for alle detaljar som kjem frå talarar som dei inviterer til sine samanhengar. Eg synest det blir feil å formulere seg slik nå dei har invitert Stein Solberg til å halde eit seminar i ein av dei største ImF-forsamlingane og i tillegg har intervjua han i Sambåndet i samband med dette seminaret. Det er ikkje berre snakk om detaljar som nokon har kome med i ein tale, men om kva ImF vidareformidlar gjennom sine eigne kanalar. Då burde dei vere klare til å seie kva dei meiner om temaet når nokon utfordrar dei.

Eg er glad for at både Furnes og Ottosen ikkje vil verke karikerande når dei snakkar om kjønnsskilnadar. Det er nettopp det eg opplever at Stein Solberg er i intervjuet med Sambåndet. Likevel synest eg burde klare å vere meir konkrete på det dei heilt opplagt meiner: At det er større skilnadar mellom kjønna enn det reint biologiske.

Det er ingen løyndom kva eg meiner om temaet. Teologisk ser eg ikkje at det finst noko grunngjeving for å seie at menn kan bli betre leiarar enn kvinner eller at kvinner er meir passande til omsorgsyrke. Når me utdannar oss og vel yrke skal me ikkje la kjønn styre vala våre. Det er det ferdigheitene og interessene våre som skal gjere. Eg håpar dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane kan klare å seie det same.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt