Verdidebatt

Brent barn skyr debatten

Kva skal Anniken Haugli med ei høyring om samvetsfritak når ho slår fast at ho ikkje inviterer til ny debatt om det mest omdiskuterte?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Striden om fastlegar kunne reservere seg frå å vise kvinner til abortinngrep eller setje inn spiral, vart gloheit vinteren og våren 2014. Bent Høie stod lenge opp for punktet i Samarbeidsavtalen med KrF (og Venstre) om å gje legar høve til å reservere seg frå å vise kvinner til abortinngrep, så sant dette ikkje hindra kvinnene i å få papira ho trengde, frå ein annan lege.

Men då striden spissa seg til, stod Høgre-kvinner saman i ­sinne med Arbeidarpartiet og andre. Høie trekte framlegget. Han avlyste reservasjonsopninga­ og sende dei abortsøkjande utanom fastlegen. Så kom det ­offentlege utvalet som i ro og mak skulle utgreie samvetets plass i arbeidslivet på brei front.

Medan utvalet arbeidde stod fastlegar som ikkje ville setje inn spiral, av samvetsgrunnar, nesten åleine tilbake. Ein slik lege får no hjelp til å gå rettens veg sidan ho er oppsagt av kommunen. Borte var opninga for å organisere eit legekontor slik at folk med samvetsproblem, kan sleppe dersom ein kollega tek jobben.

Smidig. Då Samvetsutvalet kom med innstillinga tidlegare­ i haust, las Norges Kristelige Legeforening utgreiinga slik at samvetsproblem, som spiralnekt, bør løysast etter avtale med ­arbeidsgjevar. Slik vart alt dette ordna i fleire tiår før bråket kom for to–tre år sidan. Avtalar med kollegaer og arbeidsgjevar vart altså erstatta med retts- salen ­etter at ein fastlege fekk sparken.

Samvetsutvalet vil ikkje i dag ha nye lovfesta reservasjonar. Men utvalet tek til orde for lokale ordningar for smidig blanding av samvetsfritak – der grunnane er alvorlege – og tilbod på ­ten­ester. Det er oppsiktsvek­kjande at statsråd Anniken Haugli her i avisa i går sa at «jeg inviterer bare ikke til ny debatt». Kva invi­terer ho i så fall til?

Ho blir noko vagare og meir open, når ho skal svare på spørsmål om det berre er legane som skal ha reservasjonsforbod, medan andre yrkesgrupper friare kan finne lokale ordningar. Då snakkar Haugli om høyringsfråsegner, om å «ivareta refleksjon» og sikre folket helsehjelp, om å balansere omsyn. Det var vel stoda mange stader før 2014. Men kan vi ikkje debattere dette på nytt?

Angst. Det er synleg for alle som følgjer debatten at ordtaket­ om at brent barn skyr ­elden, gjeld framleis. Haugli var rett nok ikkje i departementet i 2014. Men ho var ikkje lengre unna enn at ho følgde striden. Abortlov har skapt både akutt og kronisk ­politisk berøringsangst.

Så sterk er berøringsangsten at Haugli prøver å avlyse debatten før den eventuelt er komen i gang igjen. Så mykje altså for å setje ned eit utval som i ro og mak skal sjå på prinsippa for samvet og reservasjon i arbeidslivet i alle yrke – men berre ikkje på eit kommunalt legekontor?

Ein slags parallell kan trekkjast til då dåverande kultur­minister Hadia Tajik (Ap) i janaur 2013 tok imot utgreiinga frå Stålsett-utvalet om «Det livssynsåpne samfunn». Det var ei omfattande utgreiing med mange prinsipielle vurderingar og mange konkrete framlegg og dissensar.
Eitt av framlegga var å opne for hijab i politiet. Denne saka visste Hadia Tajik alt om tempera­turen i. Ho forklarte dette i haust då Jens Stoltenberg plasserte ansvaret for bråket på Knut Storberget og fritok Tajik for kritikken ho fekk etter at Justis­departementet opna for hijaben. Avgjerda blei seinare teken om ikkje å tillate hijab.

Brent. Kan vi snakke om eit «brent barn» i hijab-debatten, kan vi nemne Hadia Tajik. Då Stålsett kom med utgreiinga si, gav Tajik klar melding om at det ikkje blei hijab på noka politi­uniform så langt framover ho kunne sjå. Ministeren sende innstillinga på høyring utan ­andre meldingar. Det var Thorhild Widvey som la heile utgreiinga i skuffa­ etter regjeringsskiftet.

Det Haugli gjer, kan i alle fall sjå ut til å vere meir enn det Tajik gjorde. Tajik sette foten ned i eitt enkeltspørsmål. Skal høyringa om samvetsutvalet ha meining, må kva som er alvorlege samvetsproblem og korleis tenester og helsetilbod skal sikrast, diskuterast fritt, utan at abort og spiral er halde unna. Korleis kan debatten bli prinsipiell dersom eit legekontor skal haldast utanfor?
Så får vi tru at samvets- fridomen sikrar at vi kan ta ein debatt statsråden ikkje inviterer til.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 3.11.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt