Verdidebatt

Dom, rettferd – og fortaping?

Kan me hevda at Gud ein gong lar rettferda avgjera kven som er overgripar og kven som er offer – utan å ta stilling til eventuell straff?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Debatten etter Tor B. Jørgensens utspel (Vårt Land 23. september og 1. oktober) har dreia seg om «Blir alle frelst til slutt?». Dette har vore tema både for Hegstad og Henriksen (25. oktober), Feidal («Undergraver muslimmisjon», 25. oktober) og Ottosen («En annen kristendom», 26. oktober).

Debattantane er enige om at Bibelen tydeleg presenterer tanken om evig pine for ugudelege­, men at dette er ein utriveleg tanke­. Jørgensens løysing er at alle blir frelste til slutt, medan andre debattantar meiner det er teologisk nødvendig og halda døra open for ei eller anna form for fortaping.

Rettferdig. Debatten har ikkje gått mykje inn på ei anna side ved læra om at Jesus skal koma igjen «for å dømma levande og døde,» nemleg at Gud er rettferdig og vil la rettferda skje ­fyllest til sist. Dette er etter mitt syn viktig med tanke på alle ­offera i verda, alle offera som aldri får oppleva noka form for oppgjer, oppreising ­eller rettferdig ­behandling medan dei lever.

Somme av offera kan få støtte og hjelp, kanskje ei rettssak som rettar opp uretten, men dei fleste får aldri det. Ein kan i dag tenkja­ på offera for krig, for­fylgjing, overgrep, hunger, utbytting, vald – lista over slike situasjonar er lang. Vil Gud aldri ta eit oppgjer med det vonde, med overgrepa, drapa, kort sagt med syndene? Korleis kan Gud vera rettferdig, om han ikkje lar rettferda rå? Det må finnast ein endeleg dom over uretten, og Gud høyrer dommen til.

Dersom ein slik hevdar ein ­endeleg dom, seier ein då sam­tidig at det finst ei fortaping? Er det uunngåeleg at å tala om ein dom, inneber ein tale om straff? Ikkje nødvendigvis. Løysinga ligg i å skilja mellom oppgjeret, og den straffa som kan koma ­etterpå.

I norsk er «dom» ofte brukt om straffeutmåling. Difor reagerer folk på talen om «dommen», fordi­ dei oppfattar det slik at ­ordet refererer til straff. Men i kristen tankegang er det ikkje slik. «Dom» refererer til oppgjer, til at rettferda skal rå til sist. Straffa er ei anna sak, og desse to kan skiljast i vår språkbruk.

Tre modellar. Kristendommen har tre modellar for å forstå straffa:

1. Annilihasjon av syndarane: Dei fortapte står ikkje opp til nytt liv i det heile. Salme 1,6 kan tolkast slik: Dei gudlause sin veg går til grunne (mi omsetjing). Joh 3,16 kan også brukast i denne samanhengen: «gå fortapt» kan bety å bli gjort til ingenting, ikkje få ein evig eksistens i det heile.

2. Apokatastasis panton, alt blir gjenoppretta, alle blir frelste, eventuelt gjennom skirs­elden. Origenes, cirka 250, hadde­ denne­ tanken. «De er ­gudar, ­søner av Den høgste er de alle,» Salme 82,6, vart brukt som støtte for denne tanken, sjølv om denne salmen talar om dei andre ­gudane og kritiserer dei. I dag understrekar ein at «Gud skal vera alt i alle», 1 Kor 15,28, utlagt om den evige lagnaden.

3. Dei ugudelege, impii, skal straffast utan ende, sine fine crucientur. Slik heiter det i Confessio Augustana, artikkel 17, og norske prestar er forplikta på denne­ vedkjenninga. Matteus 25 om dei som tar seg av dei forkomne og dei som overser dei, Lukas 16 om den rike mann og Lasarus, og andre tekstar i Det nye testamentet er bakgrunnen for denne språkbruken.

Alle tre modellane kan finna støtte i Bibelen, og ingen av dei er einsidig og konsekvent presentert gjennom heile Nytestamentet. Kan ein då seia at dette spørsmålet er av dei som er presenterte «i ein spegel, i ei gåte»? Er det slik at «No skjønar eg stykke­vis, men då skal eg kjenna­ alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud» (1 Kor 13,12)?

Skilje. Kan me skilja mellom rettsoppgjeret på den eine sida, og eventuell straff på den andre? Kan me hevda at det finst ein rettargang, og eventuelt straff, og at Gud tar seg av begge? Kan me tenkja separat om dommen på den eine sida, og det som måtte­ koma etterpå på den andre?

Avgjerande for dei undertrykte i verda er at det finst rettferd. ­Elles er vår støtte eit ord, og kanskje hjelp, men ikkje den grunnleggjande trøyst dei treng. Dei undertrykte treng fridom her og no, og så ein rettferdig dom til sist. Gud er rettferdig, det finst eit oppgjer. Dei som vil hevda rettferd, må ta dette med.

I 1970 gav Pax forlat ut den anonyme Guds lille røde bok, som vart eit manifest for kristen­sosialistane, ei gruppe som Jørgensen stod nær. Den inneheld mange bibelsitat om rettferd for dei undertrykte i alle land, og i innleiinga heiter det at «­Boken har til hensikt å vise hvor ­meningsløst det er å løsrive det bibelske frelsestilbud fra den sosiale og etiske sammenheng dette tilbud opprinnelig står i.»

Denne påstanden er eg enig i, og vil føreslå at den også gjeld om det endelege oppgjeret. Mange er også i dag opptekne av rettferd for dei undertrykte. Gud er rettferdig. Og dei vil gjerne klara seg utan ein dømmande Gud. Men korleis vil dei syta for rettferd utan eit endeleg oppgjer?

Korleis kan offera i verda, me sjølve og alle dei andre, finna trøyst, dersom Gud berre tilgir og overser uretten? Folk bed om «rettferd, ikkje miskunn», justice, not charity. Det var slag­ordet på 60- og 70-talet og mange­ gonger seinare.

Dødsriket. Det gamle testamentet forkynner oppgjer og rekneskap utan anna framtidsutsikt enn dødsriket, sheol­. ­Danielsboka 12,2-3 er den ­einaste teksten i Det gamle testamentet som talar om oppstode: «Mange av dei som søv i molda, skal vakna opp. Somme til evig liv, andre til spott og evig avsky. Dei kloke skal skina som himmelkvelven skin, og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene til evig tid.»

Det er ikkje sagt at det er ei oppstode til eit annleis liv enn dette livet; det kan vera tenkt innanfor denne verda, jfr. ­Lasarus og andre oppvekkingar i NT. Det gamle testamentet har berre dette livet og sheol i sin horisont. Og likevel understrekar profetane og andre tekstar igjen og igjen at Gud tar eit oppgjer med synd, urett, overgrep.

Tanken om straff i det evige kom først i Det nye testamentet. Kan me ta eksempel av dette, og skilja mellom oppgjer og straff? Kan me hevda at Gud ein gong lar rettferda avgjera kven som er overgripar og kven som er ­offer – utan å ta stilling til eventuell straff?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 1.11.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt