Verdidebatt

Derfor forlét eg Senterpartiet

Populisme og kamp for særinteresser er ikkje sunt for politikken, uavhengig av kva farge det er på den.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg starta det politiske livet mitt i Senterpartiet. Foreldra mine er bønder og var partimedlemer i heile min oppvekst. Eg vaks opp i Senterparti-kommunen Radøy og identifiserte meg med kampen mot Oslo, målsaka, motkulturane, retorikken for småkårsfolk og den intense kjærleiken til alt som lukta distrikt og utkant.

Men så byrja eg å lytte litt etter kva som låg bak sakene, kva idear og prinsipp som var gjeldande. Eg høyrde mykje av det som har kome fram i den siste tids debatt om Senterpartiet.

Perspektivlaust. Civita-leiar Kristin Clemet gjekk nyleg ut og sa at partiet «er det mest nasjonalkonservative partiet vi har i Norge». Ho plasserte dermed Sp i kategori med ytterleggåande høgre­populistar frå heile Europa.

Den siste tida har Sp vore blant dei strengaste i klassen når det gjeld inn­vandringspolitikk. Partiet hentar overraskande mange veljarar frå Frp. Når ein høyrer på retorikken om eksempelvis ­Brexit kan ein spørje seg kva som skil Sp frå dei meir nasjonalistiske partia i Europa.

Eg er ikkje einig med Clemet i at Senterpartiet er eit nasjonalkonservativt parti. Sjølv dei mest garva Frp-arane vil ase seg opp av merkelappen. Men at Sp er i ferd med å bli eit meir populistisk parti som er meir sentrert om eigeninteresser enn på lenge, er det liten tvil om.

Det var også her eg fall av lasset for åtte år sidan. Ropet for distrikta i Norge ljoma ofte høgare enn ropet for verdas fattige. Prioriteringane vart i overkant perspektivlause. Medan Senterpartiet i fjor vår eksempelvis kjempa for å ta imot fleire kvoteflyktningar til Norge, har partiet snudd hundre og åtti grader i takt med at folk vart meir kritiske.

Utan ideologi. Det er mange som har peika på at Sp er eit parti utan ein heilskapleg ideologi. Eg stilte meg sjølv det same spørsmålet fleire gonger. Spør du senterpartistar om kva ideologi dei vedkjenner seg, vil svaret variere etter kven du spør. Nokon vil svare konservatisme, andre vil svare sosialdemokrati — medan Ola Borten Moe vil svare agrarliberalisme.

Mange vil sjå på deg med eit rart blikk som fortel at ideologi ikkje er eit tema dei brukar mykje tid på under medlemsmøta. Partiet kjempar for distrikta, for bøndene, for utkantane, mot Eog ekspertvelde. Kva idear som ligg bak er ikkje så nøye, for det er interessene som avgjer.

Sjølv om eg skriv historia om kvifor eg forlét Senterpartiet må ikkje dette inn­legget lesast som ei einsidig fordømming av Sp, for det er det ikkje. Partiet står meg framleis nært i mange viktige spørsmål.

Det medfører også at eg meiner Senter­partiet er ein naturleg samarbeidspartnar for KrF.

Populisme. Likefullt, problemet med å mangle ein ideologi er at du lettare kan hamne dit vinden bles deg. Senterpartiet sin oppførsel i flyktningspørsmålet er eit klart eksempel på det. Eit parti som ­baserer politikken sin på kva folk meiner i ei kvar sak, vil stå i fare for å miste det større perspektivet og det som er det felles beste for samfunnet.

Den ekstreme strukturkonservatismen er eit anna problem: Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre moderniserande og fornuftige reformer i Norge viss alle parti skulle lytta like lite til fakta, kunnskap og sunn fornuft som Senterpartiet.

Dette ser dei ut til å gjere i spørsmål om politireform, kommunereform og regionreform. Dei held seg for øyra medan dei ropar «nei, nei, nei». Det er politikkens minst konstruktive tilnærming. Det er rein populisme.

Som kristendemokrat er eg opptatt av det felles beste som mål for samfunnet. Politikken er ikkje ein konstant kamp mellom interesser, men også kunsten å gjere det som er mogleg. Politikken skal brukast som eit verktøy for å skape eit best mogleg samfunn for alle som er i det, ikkje til å karre til seg mest mogleg til sine særinteresser.

Det er på tide at senterpartistane spør seg sjølve om dei bidreg til fornuftig ­politikkutvikling eller populisme.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 19.10.2016, I SPALTA IDEOLOGI

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt