Verdidebatt

Helvete og alvoret i kristen forkynning

I VL 12.okt les vi om kva for plass læra om livets to utgangar, og då spesielt helvete bør ha i kristen forkynning. Eg freistar i innlegget mitt å sjå på ideen om helvete i ljos av ein større religionshistorisk kontekst.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fins det ein himmel å vinne og eit helvete å frykte ? Om ikkje, kva er det då som står på spel i kristen forkynning? Vedkjenningsskriftet Confessio Augustana er tydeleg på at livet har to utgangar og dette er ordinerte prestar i Dnk forplikta til å forkynne. Tidlegare biskop i Hålogaland Bernt T Oftestad er i VL 12.okt tydeleg på at prestar som ikkje forkynner eller trur på dette bør forlate stillinga si. Den dagen var eg takksam for at eg aldri vart prest.

Den kjende Helvetesforkynnaren Ole Hallesby var aktiv i 1950 åra. At ein strid om helvete var aktuelt då var kanskje ikkje så merkeleg. Den tyske teologen Rudolf Bultmann gav på denne tida ut tekstar der han skriv om kristendommen  i ljos av dei omkringliggande antikke religionane. Bultmann sine eksegetiske metodar var omstridte og innsiktene hans likeså.

I følgje Bultmann er ikkje helvete ein spesifikk kristen ide. Tvert imot er det eit kjenneteikn på det mytologiske verdsbiletet i det området kristendommen vart til i at verda tenkast å ha tre etasjar. Vi har ein himmel der gudar og englar bur, vi har ei mellomverd for menneske og ikkje minst har vi ein underetasje der dødsmaktene held til. For menneska på Jesu tid var dette sjølvsagt, det var deira verdsbilete. Denne kosmologien vart ståande så og seie uforandra fram til den vitskaplege revolusjonen. Deretter var det slutt. Då Newton hadde levert sitt Principia var det ikkje lengre plass for himmel og helvete i tradisjonell forstand.

Etter Newton vart det for første gong mogleg å tenkje seg eit univers utan Gud. For oss har også dette vorte sjølvsagt, Gud har ikkje noko å gjere i vitskapen. Kvar kan vi så i ei moderne verd finne Gud? Er ikkje ateisme det mest nærliggande alternativet ? Det var nett denne situasjonen Bultmann gjekk utifrå. Korleis er det mogleg for menneske i ei moderne verd framleis å tru på Gud? Vi veit at det blå lyset over oss ikkje inneheld nokon inngang til Paradis, like lite som den mørke jorda under oss skjuler porten til Helvete. Betyr det då at korkje Gud, Paradis eller Helvete fins?

Bultmann si løysing handla om å frigjere kristendommen si indre sanning frå det mytologiske språket desse sanningane vart uttrykt i. Vi kan tru på Jesu bodskap og lære om Gud utan å tru på mykje anna både Jesus og disiplane hans tok for gitt. Den kristne bodskapen må  kunne formulerast uavhengig av det mytologiske verdsbiletet han først vart til i. Ikkje noko verdsbilete er nærmare Gud enn andre. Det burde difor ikkje vere annleis for oss å tru enn kva det til dømes var for menneska i antikken og mellomalderen.

Kva er så innhaldet i kristen forkynning dersom vi ikkje kan snakke om dei to utgangane i bokstavleg forstand ? I følgje  Oftestad mistar vi alvoret i forkynninga dersom vi utelet helvete, eller som han seier «Det er alvorlig å leve, du skal vite at alt står på spill». Som elev av Heidegger ville neppe Bultmann vore usamd med Oftestad i dette. Det fins eit eksistensielt alvor i det å leve og dette kan ikkje løysast som eit enkelt reknestykke der du vel å tru på ein teori om Jesus Guds son som døyde for syndene dine. Den pietistiske rørsla eller bedehuskristendommen har rett i at kristen tru ikkje handlar om å lære teori og formulere han rett. Det naudsynte er eit møte med Jesus der det skjer noko som grip inn i livet ditt og forandrar deg for alltid.

Det disiplane og dei første kristne lærte av Jesus var i følgje Bultmann å leve i ein radikal tillit til Guds nåde, omtrent slik Jesus oppmodar til når han ber disiplane om ikkje å engste seg for morgondagen men sjå til liljene på marka og fuglane under himmelen. Kristen tru handlar først og fremst om å feste lit til  Guds framtidige komme, eller som Bultmann seier i ei norsk omsetting frå 1968, Gud er alltidein kommande Gud, «innhyllet i fremtidens uvisshet».

I forhold til det brennade flammehavet eller den skinnande perleporten verkar dette  fattigslig og lite, har ikkje kristendommen anna å gi mennesket enn eit løfte om Guds komme? Kanskje ikkje. Å tru på ei framtid der Gud vil komme deg i møte er likevel noko. At uansett kvar du går har Gud alltid allereie vore der i forvegen, sjølv inn i dødens mørke, og skulle det finnast ein stad i universet likt Dantes helvete ville heller ikkje den staden kunne tenkast utan håpet om ein kommande nådig Gud. Tru, von og kjærliek seier Paulus. Om det stemmer at desse tre alltid vert ståande er det lite kristent å tru på ein ide om evig fortaping.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt