Verdidebatt

Tarje Noraberg (1920-2016). Nokre minneord.

11. oktober døydde tidlegare folkehøgskulerektor Tarje Noraberg på Lyngdalsheimen, 96 år gamal. Det fell naturleg å skrive desse minneorda på nynorsk, sidan det var det målet han sjølv stort sett nytta (bortsett frå i dei bøkene han skreiv).

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje sikkert det er så mange, utanom dei som kjende han personleg, som hugsar Tarje Noraberg – og sjølv er eg vel ein tanke inhabil når det gjeld å vurdere livsverket hans, sidan han var min grandfetter.  Mor hans var syster til min morfar.  Dessutan er det ikkje til å leggje skjul på at eg i vaksen alder har fjerna meg ganske langt frå dei livsprosjekta som var hans.  Det hindrar likevel ikkje eg alltid hadde stor respekt for han som den heilstøpte, venlege og arbeidsomme mannen han var.   For meg representerte han noko av det beste i den luthersk-lågkyrkjelege tradisjonen.

Eit forsøk på å plassere han på det kyrkjelege og kulturelle kartet kan sjå slik ut, dersom eg konsentrerer meg om å ta med det viktigaste:

Etter fullført lærarutdanning blei han i 1947 tilsett på Kvås ungdomsskole i Vest-Agder.  Der arbeidde han i første omgang fram til 1970 (frå 1961 som styrar).  Skulen var eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.  Dei neste sju åra var han lærar ved Fjellhaug skoler, men i 1977 vende han attende til Kvås – og sat i rektorstillinga der fram til oppnådd pensjonsalder.

Noko eigentleg pensjonistliv fekk han ikkje før dei aller siste åra.  Etter at han hadde fylt 70, brukte han tida som forkynnar –  både «live» og i radio. Elles dyrka han sitt sterke Israels-engasjement, mellom anna som aktiv i stiftelsen Beit Skandinavia i Haifa.  Og så vart han sanneleg forfattar på sine gamle dagar.  Heile fem bøker kom det frå hans penn i åra 1996 – 2008.  Då den siste boka kom ut, var han altså 92 år!  Her er dei, alle fem (alle skrivne på bokmål):

-          Jeg skal kikke etter deg (biografi om Frelsesarméoffiser Anna Lien frå Voss), Lunde forlag 1996.

-          Eliezer Ben Jehuda. Han gjenskapte Israels språk (biografi), Lunde forlag 2000.

-          Eneren og de ustyrlige nullene (essayistiske betraktningar), Lunde forlag 2001.

-          Den geniale nåden (essayistiske betraktningar), Frihet forlag 2007.

-          Israel & det profetiske ord. – Et lys i mørket, Hermon forlag 2008.

Dei tre siste bøkene har nok først og fremst appell til Tarje Norabergs meiningsfellar, medan dei to biografiane han skreiv, henvender seg til eit breiare publikum.

For eigen del er det ikkje forkynnaren, men mennesket Tarje Noraberg som sit sterkast i minnet.  Den særs trivelege mannen, historieforteljaren og humoristen.  Han hadde alltid ein god replikk på lur.

Tarje Noraberg vaks opp i Treungen i Nissedal, der foreldra dreiv Tveitsund Turisthotell.  Eit av mine mest eksotiske barndomsminne var den sommaren vi ferierte der, etter å ha reist med toget «heilt» frå Arendal.  Hotellet låg ved endestasjonen på den for lengst nedlagde Treungen-banen. Og nordetter strekte det vidunderlege Nisservann seg.  Ein av dei mange faste gjestene på hotellet i Tarjes barndom var Knut Hamsun.  Då eg for ein del år sidan heldt på med eit Hamsun-prosjekt, skreiv han ned nokre av dei opplevingane han som liten gut hadde med den verdskjende diktaren og Nobelpris-vinnaren – og her møter vi forteljaren Tarje Noraberg på sitt beste

”Det var i 1920-åra Knut Hamsun budde i heimen vår i Tveitsund, Treungen. Heimen min bar då namnet: Tveitsund Turisthotell. Eg minnest han godt: Høg og alvorleg med bart under nasa. Alle på hotellet stod som på pinnar for han, så eg skjøna nok at han ikkje var nokon vanleg mann. Dei var rett og slett redde for han. Men eg blei fort ven med han. Han lika å erte, - han kunne ikkje seie namnet mitt rett, - han kalla meg Torje, og eg protesterte: ”Nei, Tarjei heiter eg!” Likevel blei det aldri anna enn Torje i hans munn. Han ferierte hjå oss i fleire somrar, saman med familien og åleine. Han kom i ein veldig fin bil som heitte Ford Linkollen. Det var glas mellom forsætet og baksætet. Eit lite rundt hol i ruta kunne opnast for å korrespondere med den som sat bak rattet. Og det var alltid kona, Marie. Han hadde ikkje nerver til å køyre bil vart det sagt. Det var alltid ei nervøs stemning i hotellet når han var gjest. Å forstyrre han når han sat på romet sitt og skreiv, var det visst ikkje tilgjeving for. Men når han erta meg, måtte også eg kunne erte han. Ein gong Marie hadde køyrt han opp og reist åleine ned att til Nørholmen, nytte eg sjansen: Eg for opp i andre høgda, opna forsiktig døra og fekk fram mitt i ein ertande tone: ”Har jenta di reist ifrå deg nå?” Men i det same hadde eg mor sine armar rundt meg, så eg fekk ikkje tak i svaret hans. Men mor hugsa det: ”Der gav du meg ein god idé, Torje”. Eg er fødd i 1920 så eg var nok 4 – 5 år den gongen. Eg har ikkje peiling på korleis han har brukt dette, men det gjekk nok av og til slik at kona gjekk frå mannen sin i hans romanar. Til jul fekk eg eit kort brev frå han. Han ynskte meg god jul og la ved ein tikroneseddel. Det var mange pengar i den tida då ei dagløn var på ca. 2 kroner. Helsinga til meg låg i eit brev til mine foreldre. Det virka som han likte seg på Tveitsund Turisthotell. Han kunne bu der så langt på hausten at det måtte leggjast i omnen for han”.

Som forkynnar var Tarje Noraberg alltid roleg, pedagogisk og særs velformulert – milevis frå karismatiske skrikhalsar av ymse slag.  Og han krydra ofte preikene sine med småhistorier.  I 2010 blei han tildelt HM Kongens Fortenstmedalje for sitt livslange engasjement.

Sjølv om eg har valt ein annan livsveg enn hans, vil eg minnast han med djup respekt. Han var ein heidersmann.

Fred med Tarje Norabergs minne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt