Marit Johanne Bruset

17

Gløymer barnet sitt beste

Barna sine behov er i altfor liten grad vektlagde i debatten om eggdonasjon­ og surrogati. Sterke krefter ­kjempar for dei vaksne sine rettar, og den ­offentlige debatten framstår som stadig meir einspora.

Publisert: 12. sep 2016

Etter at eg i april skreiv ein kronikk i Aftenposten om eggdonasjon, fekk eg mange tilbakemeldingar på e-post, SMS og telefon. Eg fekk høyre mange historier om sorg og sakn knytt til det å ikkje kjenne sitt biologiske opphav ­eller ikkje å ha fått vekse opp ilag med sine biologiske foreldre.

Hos meg ga dette gjenklang i alle dei triste historiene eg som klinisk psykolog har fått høyre i min praksis gjennom tre tiår. Men i den offentlige debatten var det påfallande taust, unnateke til dømes Laila Riksaasen Dahl som skreiv og fortalte om behovet for å kjenne sine slektsrøter.

Debattklimaet. Kan mangelen på respons i den offentlege debatten ha noko med debattklimaet å gjere?

Etter å ha følgt debatten frå byrjinga av 1980-talet då eg sjølv var aktiv i Foreninga for ufrivillig barnløse (no kalla ­Ønskebarn), har både argumenta,­ og debattklimaet, endra seg i stor grad. Den gongen var det allmenn semje om at det ikkje var ein menneskerett å få barn, og dei som stod i bresjen for den nye teknologien innan assistert ­befruktning, forsikra i media om at det ikkje var snakk om risiko for ein skråplaneffekt.

Idag er det mange som brukar likestillingsargumentet for å fremje sitt syn om å tillate eggdonasjon og surrogati, og ­diskusjonen har klare band til dei homofile sin kamp for rettar.

Eg opplever at dei som står for likestillingsstandpunkta, risikofritt kan stå fram med sitt syn, og dei blir oppfatta som moderne og framstegsvenlege.

Rettar for vaksne. Eg trur dette avspeglar utviklinga med stadig sterkare fokus på rettigheitstenkinga i samfunnet (det vil si rettar for oss vaksne) og at ­debattklimaet har harda til. Slik eg oppfattar det er klimaet blitt stadig meir prega av velkjente hersketeknikker. Uttrykk som umoderne, gamaldags, bakstreversk og homofob dukker ofte opp. Eg har til og med sett uttrykket «befrukningsmoralister» brukt om dei som er motstandarar av surrogati og eggdonasjon.

Debattklimaet gjer truleg sitt til at mange held seg unna å meine­ noko om desse spørsmåla i den offentlege diskusjonen. Det er ikkje særlieg kjekt å bli karakterisert på ein slik negativ måte, sjølv om eg aldri har kjent meg igjen i slike karakteristikkar.

Det er også i mediebiletet skapt ei oppfatning av at fleirtalet er positive til eggdonasjon og surrogati. Det som ikkje kjem fram, er at fleire, mellom andre Morten Horn, har stilt spørsmål ved konklusjonane som er trekte frå den undersøkinga som hittil er gjort. Han har problematisert både metodebruken (spørjeskjema­ med lite høve til nyansering og eigne kommentarar) og låg svarprosent.

Terskel. Påstandar om at fleirtalet er positive gjer terskelen for å meine noko offentleg endå ­høgare. Fleire har uttrykt at dei er redde for å såre andre som har det vanskeleg og som sårt ønsker seg barn. Det at det er eit så sterkt følelsesmessig trykk gjer truleg sitt til at mange vegrar seg fordi dei er redde for at andre skal bli mislike dei dersom dei uttalar seg imot eggdonasjon eller surrogati. Dette er forståelege reaksjonar, og dersom ein kjenner det slik, så er det lettast å ikkje ha noko meining, i alle fall ikkje offentleg.

Som barnefagleg sakkunnig­ både i barnevernssaker og i barne­fordelingssaker har eg erfart gjentekne gonger at det er lettast å identifisere oss med dei vaksne sine ønskje og behov.

Når eg privat har invitert til diskusjon om eggdonasjon og surrogati, er eg ofte blitt møtt med at temaet er for komplisert og følelseslada, og at dei ikkje har sett seg skikkeleg inn i det til å ha ei meining.

Eg får også høyre historier om at mange kjenner nokon ufriviljug barnlause og har sett deira sorg og fortviling og kjenner stor sympati med dei. Eg høyrer også stadig presentert argumentet om at det viktigaste for eit barn er å vere ønska og elska. Ingen er vel usamd i det.

Trumfar. Men argumentet vert brukt som eit kronargument som trumfar alle andre viktige behov som barnet har.

Samstundes som mange nedtonar arv, opplever vi også den motsette tendensen. Det vert eit stadig sterkare fokus på genar og slektskap; både i forhold til sjukdom og kartlegging av risiko­faktorar.

Gjennom TV-program som «Hvem tror du at du er?» vert vi stadig presenterte for kjente personer som stolt fortel om sine slektsrøter.

Å hevde at behovet for å kjenne­ sine slektsrøter, er eit kunstig behov skapt av underhaldningsindustrien – slik som Trine ­Eilertsen i Aftenposten har gjort – meinar eg er heilt urimeleg.

Interessa for slekt og slektsrøter har med dei store spørsmåla om identitet å gjere, om det å høyre til.

Ser bort ifrå. I våre tidlegaste leveår blir vi emosjonelt knytte til våre næraste omsorgspersonar, uavhengig av kven det måtte vere. Dette veit vi mykje om idag, og det vert brukt som tilleggsargument til påstanden om at det viktigaste for barnet er å vere ønskt og elska.

Men det ein då vel å sjå bort ifrå, er den viktige prosessen som skjer seinare i livet og som handlar om identitet og å høyre­ til. Vi har ikkje mykje forskningsdata om donorbarn og deira ønskje og behov.

Mi erfaring frå arbeidet med barn og unge er at dei er, nesten utan unnatak, er ekstremt lojale mot foreldre/omsorgspersonar. Og med det sparsame forskingsmaterialet om donorbarna må vi ta ta lojalitetsproblematikken med i tolkinga av dei data vi har.

Ei utfordring med å få desse barna i tale er at surrogatbarna enno er så unge at dei ikkje har kome i ein meir uavhengig ­posisjon til sine foreldre, og dei er heller ikke komne i ein alder der dei har fått eigne barn. Men det er nokre eksempel.

Fåmælt. Torbjørn Røe Isaksen intervjua surrogatbarnet Zachary­ i programmet om surrogati i NRK-dokumentaren «På bortebane». Han uttalte seg ­positivt om å vere surrogatbarn, men var relativt fåmælt. Det vil eg hevde at var å vente utfrå dei negative haldningane som faren hans ga uttrykk for i dette programmet.

Eit anna og nyare eksempel var oppslaget i VG Helg om «Barn av regnbuen» (13. august) der ein fireåring var brukt som representant for donorbarna og der Sofie Frøysaa og broren stod fram som eksempel på barn som hadde vakse opp med to lesbiske mødre. Etter det eg finn å lese i eit innlegg frå Øivind Benestad i Aftenposten (22. juli) så er dette ikkje eit korrekt bilete av Sofie F. sin bakgrunn og oppvekst.

Dersom sistnemde påstand stemmer, kan innslaget meir tolkast som uttrykk for ein sterk lojalitet til ein forelder?

Nytt syn på mennesket. ­Eivor Andersen Oftestad har nyleg kome ut med ei spanande bok Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år. Ho hevdar mellom anna at ny teknologi vil gi oss eit nytt syn på mennesket.

For meg handlar debatten om vi skal tillate eggdonasjon (og i neste omgang surrogati) i Norge,­ om så store og viktige spørsmål som synet på mennesket og i særleg grad synet på barnet og på barnet sine rettar.

Denne debatten er det viktig at flest mogleg engasjerer seg i.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Hege Anita Aarvold Flottorp

159 innlegg  126 kommentarer

STÅ MED BEGGE BEINA OPPI DET

Publisert rundt 3 år siden

Kan hende man må stå oppe i problematikken selv for å se de beste løsningene ?

Kommentar #2

Marit Johanne Bruset

17 innlegg  25 kommentarer

Om å stå med begge beina i det

Publisert rundt 3 år siden

Eg veit ikkje om du har lese kronikken som eg skreiv i Aftenposten 7.april i år? I denne prøver eg å få fram min eigen bakgrunn for å forklare kvifor eg har landa på mine standpunkt i forhold til eggdonasjon og surrogati. Eg har opplevd å stå i posisjonen som ufrivillig barnløs i mange år, og eg kan forsikre deg om at eg har fått kjenne kordan det er "å ha dei skoa på".

Eg har møtt dei som har stilt meg spørsmålet om kordan eg, med desse erfaringane, kan meine at vi i Norge ikkje bør tillate eggdonasjon eller surrogati; verken på kommersielt eller på altruistisk grunnlag.

I mitt neste innlegg som eg arbeider med,vil eg prøve å forklare bakgrunnen for at eg har landa på dette standpunktet. 

Kommentar #3

Hege Anita Aarvold Flottorp

159 innlegg  126 kommentarer

har ikke lest

Publisert rundt 3 år siden

Og ser frem til bakgrunnen for.

Lykke til videre

Mest leste siste måned

KRIK - NYE spilleregler
av
Trond Andreassen
16 dager siden / 1382 visninger
Jeg lever ikke lenger selv
av
Merete Thomassen
18 dager siden / 1339 visninger
Ingen Disco på Roser
av
Øyvind Hadland
rundt 1 måned siden / 842 visninger
Stjernedialektar
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
18 dager siden / 832 visninger
Disco, kirken og kreativiteten
av
Henrik Peder Govertsen
24 dager siden / 697 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere