Verdidebatt

Afrika under brutalt liberaliseringspress.

I desse tider når vi er vitne til ein enorme og brutal liberaliseringsprosess gjennom avtalar som TiSA, TTIP, TPP og CETA, må vi ta innover oss at det skjer svært mykje på dette området som vi normalt ikkje får kjennskap til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit fransk tidsskrift som eg abonnerer på, Politis, har i siste nummeret (2. okt) eit temaoppslag om frihandelsavtalar som EU-kommisjonen prøver å presse ei rekke afrikanske land til å godta. Avtalane møter motstand fordi dei legg opp til reglar som mellom anna gjer at Afrika kan miste opp mot 75 % av sine toll-inntekter.

I ingressen til temaartiklane i Politis, skriv journalisten Erwan Manac’h dette:

"Afrika er under press.

Med bruk av utpressing og truslar vil EU presse på dei afrikanske landa frihandelsavtalar som vekker stor uro.EU-landa vil «skrive i marmor» førsteretten dei meiner å ha til handel i Arfika, i ein rettlinja ny-kolonialistisk tradisjon.

Frå starten av forhandlingane i 2003, har dei fleste afrikanske statsleiarane motsett seg desse avtalane som legg opp til i stor grad å oppheve retten til å legg toll på importen til desse afrikanske landa. Men Europa har sin agenda. Den går ut på at skaffe seg innpass i nye marknader over alt på kloden for å få fart på sin økonomi. Og EU-kommisjonen er no tydelegvis bestemt på også å bruke truslar for å kome vidare i denne offensiven på det afrikanske kontinentet. Dei som vegrar seg mot dette, blir bedne om ikkje å stå i vegen for «den vegen historia no går».

På same måte som med frihandelsavtalen med USA (TTIP), som den med Canada (CETA), eller myriaden av bilaterale avtalar som Europa signerer (Mercosur, Vietnam, Philipinane), blir heller ikkje avtalane med Afrika gjort til gjenstand for ein demokratisk prosess som alvoret i dette skulle tilseie.

Det er teikn på at ei mobilisering er veksande i Afrika, støtta av europeiske NGO-ar (ikkjestatlege organisasjonar), mot dette «dødskysset» frå dei gamle kolonimaktene. Men den har dårleg tid på seg".

Av Erwan Manac’h

"Med ei blanding av truslar og utpressing, vil EU presse på det afrikanske kontinentet ei liberalisering som kan kome til å koste Afrika dyrt."

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt