Verdidebatt

Klespolitiet FrP

Aina Stenseren, leiar i Oslo FrP, tek til ordet for at Norge skal forby burkini på stranda slik Frankrike har gjort. Det er rart korleis eit parti som er så opptekne av å oppheve såkalla «dusteforbod» vil innføre nye.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter terroren i Nice i sommar bestemte Frankrike seg for å bøtelegge bruk av burkini på stranda med 30 euro (tilsvarer rundt 250 NOK). Dette er landet kor uttrykket «Fridom, likskap, brorskap» har sitt opphav og som allereie på slutten av 1700-talet laga ei grunnlov med liberale, demokratiske verdiar som me i dag finn igjen i menneskerettane. Å bestemme kva klede som kan brukast på stranda ergrunnleggjande illiberalt og er i strid med verdiar som demokrati verda over har importert frå Frankrike. Det kan i beste fall bli sett på som eit forhasta svar på kravet om handlekraft etter dei grusomme og blodige terroråtaka landet har vore råka av dei siste åra – utført av ekstreme islamistar.

Me har allereie sett døme på korleis forbodet blir praktisert. Denne veka skreiv fleire norske nettaviser om fire væpna politimenn som vekka ei kvinne som låg og sov med burkini på ei strand i Nice. Ho måtte vrenge av seg overdelen og fekk ei bot for klesbruken. Eg trudde mange ville sjå kor godt denne saka viser at kampen mot ekstremisme kan bikke over til det ekstreme, men tydelegvis er det ikkje alle som er av den oppfatninga. Dagen etter saka vart kjent, gjekk Aina Stenersen frå Frp ut og krevde eit liknande forbod i Noreg  berre med dobbelt så høg bot. Ho slår dermed følge med illiberale regime som Iran, Saudi-Arabia og Taliban-styret i Afghanistan.

Før valet 2013 gjekk noverande justisminister Anders Anundsen (Frp) ut i media og viste til tretti «dusteforbod» FrP ville fjerne om dei skulle kome i regjering etter valet. Lista omfatta blant anna oppheving av forbod mot lakrispiper, segway, poker, rakettar med styrepinne, drikking på offentleg stad, hjørnekjøleskap og sundagsopne butikker. «Når du skal innføre forbud i et land, bør du tenke gjennom om det egentlig er behov for det», sa Frp-politikaren til TV2. Akkurat det burde han kanskje fortalt til partikollega Stenersen i Oslo? I programmet til partiet står det formuleringar som: «Hvert enkelt menneske kan selv best bestemme hva som er rett for seg selv og sine nærmeste. Det betyr også at den enkelte i større grad må ta ansvar for sitt liv og sine handlinger. Et slikt menneskesyn baserer seg på at hvert enkelt menneske er unikt og skal vises verdighet.» Det kan òg leggast til at då FrP vart stifta i 1973 heitte partiet «Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep». Mykje ser ut til å vere gløymd sidan den gong.

Bruken av religiøse symbol offentleg er ikkje noko enkel sak. Skal staten regulere det, og i så fall: Kor skal grensa gå? Det er mykje som kan diskuterast her, men eg meiner at det er eit hav av skilnad mellom å diskutere bruk av niqab på norske utdanningsinstitusjonar og bruk av burkini på stranda. Det er skilnad på å forby offentlege tenstepersonar som dommarar og politi å gå med hijab og det å gi bot for at nokon går meir tildekka når dei bader. Å seie ja til burkini er å seie ja til at dei av ei anna religiøs oppfatning enn seg sjølv skal få lov til å vere på stranda og leike i vatnet på lik linje med alle andre. Eg trur heller det er integreringsfremmande enn integreringshemmande å la det vere lovleg å bruke plagget. Eller som Framstegspartiet formulerer deg sjølv når dei skriv om fridom: «Blant de mest grunnleggende friheter er ytringsfrihet, religionsfrihet og eiendomsrett. Frihet innebærer også retten til å gjøre andre valg enn hva politikerne ønsker, så lenge ikke andre mennesker eller samfunnet påføres skade.»

Så, Aina Stenersen, korleis meiner du at å gå inn for eit forbod mot burkini heng saman med den liberale profilen FrP viser på nettsidene sine og i handlingsprogrammet? Og korleis kan FrP vere mot «dusteforbod» og for illiberale og ekstreme forbod?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt