Hans Olav Tungesvik

15

Alle har ansvar for det ufødde livet

Den utviklinga som skjer, er i praksis uttrykk for ei utvetydig og kraftig devaluering av funksjonshemma sitt menneskeverd.

Publisert: 27. jul 2016

I ein tankevekkjande artikkel i Vårt Land 14. juli skriv Leiv M. Mortensen om den multifunksjonshemma dotter si, som «stråler av en livsglede som forplanter seg til et stort smil.» Ho er ein gledespreiar.

Samtidig peikar han på at ho er blant dei mest sårbare i samfunnet. Han tenkjer vidare på dei som enno ikkje er fødde, og som er dei aller svakaste. Han viser til den stadig meir effektive fosterdiagnostikken, som gjer det mogeleg å påvisa stadig fleire funksjonshemmingar før fødselen, og som gjer det mogeleg å utrydda stadig nye grupper av funksjonshemma. Mot denne bakgrunnen slår han fast: «I det framtidige Norge tyder alt på at min datter er et uønsket individ.» Det er dessverre fare for at han har rett.

Kva gjer me i denne situasjonen, som samfunn og som einskildindivid?

Den utviklinga som skjer, er i praksis uttrykk for ei utvetydig og kraftig devaluering av funksjonshemma sitt menneskeverd. Og det er ein direkte konsekvens av stortingsvedtaket om sjølvbestemt abort i 1978 og påfylgjande teknologisk utvikling som har gjort det mogeleg å påvisa stadig fleire medfødde lyte.

Mortensen appellerer til kyrkje og biskopane. Han har erfart at «kirken og biskopene som de øverste åndelige lederne er tause om dette».

Langt på veg har han vel rett i dette. Temaet er lite framme i offentleg debatt og kyrkjelege fråsegner, bortsett frå den vakre formuleringa i kyrkjebøna.

Men er dette først og fremst kyrkja og biskopane sitt ansvar? Etter mitt syn har alle me som ser alvoret i menneskeverdsituasjonen eit ansvar for å halda debatten og samtalen levande om dette, i bokstaveleg forstand livsviktige tema.

Mortensen sin artikkel gav meg assosiasjonar til Folkeaksjonen mot sjølvbestemt abort i 1974-75. Sjølv hadde eg den fantastiske opplevinga å vera leiar for aksjonen, der me var vitne til ei mobilisering til vern om det ufødde livet som sakna sidestykke i vår historie, og som oversteig alle forventningar hos oss som stod i leiinga. Frå landsende til landsende nærast fossa det inn underskrivsbunkar til vern om livet og nei til fri abort. På seks veker vart det samla 610.000 underskrifter. Me måtte skaffa ei tralle for å få trilla underskriftene opp Løvebakken for overlevering til stortingspresidenten.

Spørsmålet reiser seg: Er det mogeleg å reisa ein ny folkeaksjon til vern om det ufødde livet, når me no ser den heilt nye situasjonen, som i særleg grad rammar ufødde med funksjonshemningar? Behovet er openbert til stades.

Kva med dei mange borgarar i alle aldrar som ivrar svært for likestilling og mot diskriminering? Ser folk flest den openberre diskriminering som her skjer overfor vergelause, ufødde menneske? Er det mogeleg å finna ei aksjonsform som kan opna augo på dei mange tause? Det blir kjempa mot diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet, religion, seksuell legning med meir. 

Blir ikkje dei ufødde, og særleg dei med funksjonshemningar, rekna som menneske?

Her er utfordringar til langt fleire enn biskopar og kyrkja. Eg utfordrar unge og engasjerte til å ta initiativ. Frå seniorhald skal de få full støtte.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Toril Søland

119 innlegg  1478 kommentarer

Her er det bare

Publisert over 3 år siden
Hans Olav Tungesvik. Gå til den siterte teksten.
Er det mogeleg å reisa ein ny folkeaksjon til vern om det ufødde livet, når me no ser den heilt nye situasjonen, som i særleg grad rammar ufødde med funksjonshemningar?

å skrive under!

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere