Verdidebatt

Etter Oase 2016

Vel heime etter årets Oase, er det tid for ettertanke.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I desse dagar reiser nokre tusen menneske heim frå Oase 2016. Vi reiser heim til våre kyrkjer og bedehus, stabar og utval, gudstenester og bibelgrupper. Vi skal tilbake til våre lokale fellesskap og drive trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid og diakoni. Eg trur eg skriv på vegne av mange, når eg seier at vi reiser heim med fornya glede og inspirasjon.

Oase er eit mylder av spiritualitet og trusuttrykk, bøn og lovsong, gråt og glede. Breidda, mangfaldet og fridomen er noko av Oase sin styrke. Å lytte til Peter Halldorf er som å få ein guida tur gjennom kyrkja sine rikaste skattkammer. Vi har gjentekne gonger blitt utfordra til engasjement for ”Guds favorittar”: Innflyttarar, enkjer, fattige, farlause. Vi har lytta til forkynnarar frå Norge, Sverige, England, Amerika, Afrika og Midtausten. Dei europeiske forkynnarane gav meg mest.

Eg kan ikkje identifisere meg med alle talarane på stemnet. Både kulturell og teologisk avstand kan av og til bli stor. Eg ser det likevel som ein rikdom å lytte til talarar frå andre kulturar og tradisjonar. Det som er støyande, det som er annleis, det som ikkje blir filtrert gjennom skandinavisk varsemd, kan også utfordre og oppmuntre. Ved eitt tilfelle var det likevel nødvendig og godt at Oaseleiinga sjølv korrigerte ting som vart sagt frå scena. Eg ønskjer meg elles fleire forkynnarar frå evangelisk-luthersk tradisjon enn det vi såg på årets stemne.

Musikken og lovsongen på Oase er generelt vakker og fulltonande. I år var det musikalske heilt unikt. Årets lovsongsteam viste fram ei breidde i nytt og gamalt stoff som gleda meg stort. Det var også eit privilegium å ha musikkteamet frå Hillsong i London med oss på fredag. På sitt beste byr også moderne lovsong på vakker poesi og kraftfull katekisme.

Mange av møta på Oase sprenger rammene for kva som er naturleg å gjere i mange norske kyrkjelydar. Det er stor skilnad på norsk gudstenesteliv og eit oasemøte. Slik sett er det rett når det vert hevda at Oase er for litt spesielt interesserte. Det betyr ikkje at Oase har utspelt si rolle eller er blitt irrelevant. Vi har mange organisasjonar og rørsler i norsk kristenliv som på kvar sin måte er for spesielt interesserte, og likevel er til velsigning for kyrkja i landet vårt.

Å vere på Oase er òg å ta ein tur i ”living room” der det er stilla og ettertanken som rår, i ramma av smakfulle visuelle uttrykk for tru, bøn og tilbeding. Der vart det også feira nattverd kvar dag. Eit tydeleg signal om at det sakramentale og karismatiske går hand i hand.

Å vere på Oase er å oppleve hundrevis av frivillige medarbeidarar som brukar ferie og fritid på å gjere Oase til ei god oppleving for barn, unge og vaksne. Eg er sjølv takksam for alt Ten-oase har betydd for våre barn. Oase samlar absolutt alle generasjonar.

På fleire Oase-stemne har eg ”gått fram til forbøn” som det heiter her. Der har kloke og trygge kristne bedt for meg. Det har utan unntak vore gode opplevingar. Eg sette også pris på måten leiarskapet i starten av stemnet informerte om høvet til samtale, vegleiing og forbøn under stemnet. Dette vart formidla med klokskap og omsorg.

Å vere på Oase er også å vakne på campingplassen til morgonsymfoni i gress-dur frå kommunale grasklypparar. Oase er glade møte ved vassposten der campinggjester hentar vatn og born fyller vasspistolar. Oase er gode gjensyn med gamle og nye vener over kaffikoppar og improviserte grillmåltid.

Leiarskapet i Oase briljerer ikkje i møteleiing, talar eller avisinnlegg. Men vi møter eit truverdig engasjement for at det Skrifta seier om Den heilage Ande og Andens gåver skal løftast fram og levast ut i norsk kristenliv. På opningsmøtet møtte leiarskapet oss med tydeleg forkynning om krossen og frelsesverket som utgangspunkt og grunnvoll i alt kristenliv.

Det har vore retta kritikk mot Oase i forkant av årets stemne. Oase gjer dristige val når dei inviterer talarar frå inn- og utland. Det ligg i Oase sin eigenart å utfordre. Kanskje det også er sunt?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt