Verdidebatt

Surrogatsex

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

SURROGATSEX - SURROGATEKTESKAP

Ord er politikk og maktmiddel. Den som har definisjonsmakta styrer framdrifta.

Det er to nyord som er svært dekkande og har klår definisjon, men som blir unngått i bruk fordi dei blir oppfatta som tendensiøse og diskriminerande:   Surrogatsex og surrogatekteskap.

«Surrogat» står for erstatning, noko istadenfor det ekte, opphavelege. Surrogatsex treng inga forklaring. Det definerer ei form for åtferd, noko som liknar på det opphavelege, på det klassiske tusenårige sambandet mellom mann og kvinne.

Kvifor er ikkje desse termane i bruk? Er dei ikkje dekkande og presise definisjonar? Svaret er opplagt: Dei er avslørande ærlege. Dermed stiller dei handlingane usminka fram i eit sant lys, - og då taper forholda omdømme og blir nedrangert.

Uttrykka blir tidd i hel. Sanninga blir ikkje tålt, for ho høver ikkje inn i KP – korrekt politikk – det ville svekka agendaen til trendryttarane.

Men objektivt sett svekkar denne tilsløringa truverdet til homofilisaka når sanninga omkring den må tiast i hel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt