Verdidebatt

TiSA-avtalen: Børge Brende vedgår redusert politisk handlingsrom

Dette innlegget er svar på eit svar frå Børge Brende i siste nr av LO-Aktuelt på kritikk av TiSA-avtalen. Reknar med at det er mange som har fulgt meg her, som ikkje les det bladet, og vel å legge det ut her også.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I utenriksministeren sitt svar i LO-Aktuelt nr 10 på kritikken av TiSA-avtalen, vedgår han ufrivillig(?) klart at avtalen vil bety redusert politisk handlingsrom for Norge. Børge Brende skriv: ""Norge har ikke forpliktet seg til å åpne offentlige tjenester som sykehustjenester, grunnutdanning, sosiale tjenester for utenlandske tilbydere. I disse sektorene vil det politisk handlingsrommet opprettholdes." (mi utheving.) Dette betyr i klartekst at i andre sektorar, der Norge ikkje har reservert seg på same måten, der vil altså avtalen føre til redusert handlingsrom. Brende stadfester dermed ein vesentleg del av det vi kritiserer avtalen for. Dette er eit klart framsteg frå UD si side, og viser tydeleg at vår kritikk ikkje baserer seg på "misforståelser", slik det lettvint blir påstått.

Resten av svaret er derimot ein repetisjon av ikkje grunngjevne påstandar om kor bra og ufarleg avtalen er, uten at ministeren tar opp dei konkrete punkta vi viser til. Når  eksempelvis TiSA-tilhengarane i både EU, USA og Canada, m.fl. påstår at avtalen vil gi deira bedrifter bedre høve til å gå ut og EROBRE MARKNADER i utlandet, og Brende blir utfordra til å svare på kven det er som då vil måtte miste jobbane sine, då gjentek han berre lettvint den same ufunderte påstanden om at TiSA "vil bidra til verdiskaping og arbeidsplasser for Norge". Kanskje er det ein idé for UD neste gong å vise til dei analysene som gir grunnlag for å påstå at Norge berre vil ha fordelar av avtalen ?

"På ikke-diskriminerende vis" er ei spesielt snedig bisetning som UD-leiinga er svært påpasselege med å få med i dei fleste innlegga dei har om TiSA. Også denne gongen presentert slik: "Regjeringen vil ikke forhandle bort norske folkevalgtes rett og plikt til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter på ikke-diskriminerende vis". (mi utheving). Det dette altså betyr, er at norske styresmakter ikkje kan favorisere norske bedrifter i forhold til utanlandske. Eksempelvis blir no nye fullelektriske ferjer for Fjord1 bygde ved tyrkiske verft på same tid som norske verft manglar ordrar. OG trass i at dette gjeld framtidsteknologi som norsk næringsliv så avgjort kunne trenge å bygge opp.
Det dette viser, er at det reduserte politiske handlingsromet vi alt har gjennom andre handelsavtalar som EØS, vil bli ytterlegare avgrensa gjennom det som er hovedformålet med TiSA: Nemleg ei styrking av utanlandske bedrifter sin posisjon i dei ulike land sine marknader. Dei negative sidene ved dette er nettopp det UD gjer sitt beste for å bagatellisere.

Det er elles frimodig av utenriksministeren når han hevder at vi som kritiserer haldninga hans til TiSA, har "en grunnleggende annen holdning til internasjonale handelsavtaler enn det regjeringen og flertallet på Stortinget har.” Dette fordi TiSA-forhandlingane faktisk foregår i eklatant brot med WTO-organisasjonen, og er ein alvorleg trussel mot dette hovedforumet for internasjonale handelsavtalar. WTO som ikkje minst Brende gjentekne gongar har framheva som fundamentet for norsk handelspolitikk.

Når han i tillegg prøver å gi inntrykk av at den forrige regjeringa også ER positiv til TiSA, så underslår han med vitande og vilje at både SV og Sp har snudd i synet på denne avtalen, basert på dei mange negative opplysingane om TiSA som har kome fram dei siste par åra. Opplysingar som også UD bør ta inn over seg, og i det minste kommentere på konkret og seriøst vis i tida framover.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt